Oppsummering Veterancup 2018

Veterancup nr.20 er vel gjennomført – men med litt utfordringar. Fredagskvelden var det ras på vegen mellom Fodnes og Tangen og det skapte litt transportproblem på laurdag. Nokre lag måtte over Filefjell til Årdal. Bjørn Ø i Øvre hadde kontroll på kampprogrammet og med litt tilpassing gjekk avviklinga greit.

Avviklinga i Aurlandshallen og Lærdalshallen gjekk som planlagt. Denne gongen stilte Davy Wathne som dommar begge dagar i Lærdalshallen.

Kampprogrammet hadde Ove Kristian Lysne hovudansvaret for. Kampavviklinga med resultat kunne ein fylgja direkte på nettet.

All innkvartering var i Lærdal og dei fleste fordelt mellom Lærdal Hotell og Lærdal Ferie og Fritidspark, samt Sanden Pensjonat og Lærdalsøren Hotell.

Skadeomfanget var ikkje stort – men det vart registrert eit ribbeinsbrudd og nokre strekkskader.

20 års jubileet vart gjennomført med ein flott bankett på Lærdal Hotell.

Over 400 var tilstades med Frithjof Willborn som stø festleiar. Innleiinga med «Jag trodde englarna fans» der alle song med, var ein perfekt start.

Først var det tid for 20-års markering. Desse 3 spelarane hadde vore med i alle 20 turneringane:

Lasse Opseth, Petter Melchior og Tommy Warchool.

Alle fekk gåva frå Hardanger Bestikk + blomebukett overrekt av «Mr. Veterancupturnering» Roald Flodsand.

Roald fekk i sin tur blomar + spekekjøttlår frå jubilantane saman med ei takk for 20 hyggelege turneringsår!

Vidare fekk Torstein Kvam gåver for jobben som dommaransvarleg i 20 år!

Avslutningsvis fekk sambuaren til Roald F – Lilly Kvamme vel fortente blomar for utruleg mykje dugnadsarbeid i 20 år.

Etter matøkta var det tid for premieutdeling ved Dayv Wathne og Fridhjof Willborn.

Resultat:

Damer:

Oldgirls: Kaupanger – Sandviken  3 – 1


VeteranGirls:  Follese   –   Kaupanger  3-1
SuperVG:

Kaupanger 3 2 0 1 5 6
Baune 3 1 1 1 0 4
Eidsvåg 3 1 1 1 -3 4
Sandviken 3 1 0 2 -2 3

Herrar:

Oldboys: Årdal FK – Sogndal 6-4


Veteran: Brann – Vålerenga 5-0
SuperVeteran: Jens Egil FK Haugesund – Brann 5-2

Beste spelarar

Premiar frå Hardanger Bestikk

Veterangirls: Janicke Juvik, Follese

Oldgirls: Katrine Bolseth, Kaupanger

SuperVG:  Lisbeth Vedvik, Kaupanger

Oldboys: Kent Lægreid, Årdal

Veteran: Robbie Winters, Brann

SuperVeteran: Ståle Oldeide, Jens Egil FK Haugesund

Turneringa sin beste spelar: Cato Guntveit, Brann
Lenestol frå Stordal Møbel

Som avslutning på bordseta fekk vertskapet på Lærdal Hotell blomar for hyggeleg bankett-opplegg i nesten 20 år til applaus frå festlyden.

Banketten heldt så fram med dans og hyggeleg prat ut i dei små timar.

Storstilt draktdugnad

Tysdag kveld var ein god dugnadsgjeng samla i klubbhuset i Lærdal for å trykkja logo og sponsorar på draktene som alle veterancup-deltakarane får. Når 544 drakter skal trykkast både bak og framme, kvar drakt skal leggjast pent på trykkplata og etterpå sorterast er det klart at det er ein viss jobb som skal gjerast. 

Magnar Ljøsne konkluderte kjapt at reiskapen fungerte bra, men det var lita tvil om at her måtte ein vera så effektiv som mogleg for å koma i mål. Dermed måtte ein finpussa på og optimalisera prosessen. Og etter kvart vart det svært så effektiv: ein person la ei ny drakt på trykkplata, ein annan utførde sjølve trykkinga og ein tredje løfta den ferdigtrykte drakta av plata straks sjølve trykkinga var unnagjort, for så å riva av trykkpapiret og leggja drakta i rett haug. Då var altså person ein i gang med å leggja på ny drakt, og slik dura og gjekk det kontinuerleg i fem timar i klubbuset tysdag kveld.

– Me kunne ha starta fabrikk, kommenterte Magnar Ljøsne.

Dugnadsinnsatsen tysdag kveld resulterte i at alle draktene til kvinnene vart ferdigtrykte rundt midnatt. Onsdag er det på nytt fullt køyr med trykking for å få klare herredraktene.

Tekst og bilete: Ole Ramshus Sælthun

Gaular IL kjem tilbake i år også

Redaksjonen har fått denne meldinga frå Tommy Nyland: Gaular er ein liten klubb fra Sunnfjord som har vandra mellom 4-6 divisjon. I 2013 vant vår burvokter ein avstemning i Firda om å få stå i mål for Manchester United i veterancup. I den forbindelse la han inn aksjer om muligheita for at Gaular kunne få bli med, så vi debuterte i 2014 med 0 poeng men hadde det så kjekt at dette ville vi fortsette med. Vi har økt poengfangsten for kvart år etter dette, med så og seie same lag. Fortsetter vi slik må Gudane vete kor det endar😜….. Vårt største minne er vel fra 3-3 kampen mot HamKam i 2015.. Ambisjonane er å ha det kjekt både på og av bana. treffe gamle og nye fotballvenner og ta det som ein årlig guttetur.

I år stiller dei med Frode Kårstad, Frank Nyland, Svein Inge Midtun, Jim Råheim, Stian Lunde, Truls Hansen Folkestad, Tonny Pedersen og Tommy Nyland. John Søgnen som var United målvakta i 2013 må være heime pga skade iår…

Middag og bankett.

Melding frå Lærdal Hotell:

 

Det vert høve til å kjøpa suppe og baguettar i resepsjonen fredag frå klokka 13.00. Middag blir servert frå klokka 20.00 til 23.00, men laga som er sist ferdige, får sjølvsagt mat om dei raskar litt på.

Bankett laurdag: Denne startar kl 19.00. Fint antrekk!

Ikkje-buande deltakarar må tinga bankett-billett innan kl 20.00 fredag. Tinging til Lærdal Hotell, pris kr 495,-

Det er berre deltakarar på Veterancup som har tilgjenge til banketten.

Follese går for GULL

Reidun Solberg har sendt oss denne oppdateringa i forkant av årets turnering.

Vi Follesedamer ser frem til neste helg og ny runde Veterancup. Stiller stort sett samme gjeng som tidligere, bare noen flere år på baken😉 

Vi har som vanlig ladet opp med treningsleir, denne gang i København. Prøvde som utgangspunkt å holde fokus på taktikk og motivasjon, men med to ferske 50-åringer og en nykommer i 40-årene ble det mye FEIRING✌️Ellers fikk fikk vi med oss oppgjøret mellom FC København og Brøndby -hvor bortesupporterne egentlig fascinerte oss mest! Det ble også øvd inn endel pub-dansk, så egentlig litt synd at det danske landslag måtte melde avbud⚽️

I Veterancup har vi tapt de siste 2 finalene, så vi er ganske keen på å nå hele veien i jubileumsåret.

Ønsker arrangører og deltakere lykke til med siste forberedelser!

Vi sees i Lærdal😀

Byen e Bergen og laget e Brann!

Brann er ein sikker gjengangar i heile veterancuphistoria. I år som i fjor stiller dei i V40 og V50. I fjorårets turnering kom gullet hem i 40-klassen, og keeper Bjarte Eikeland sit framleis godt i stolen frå Stordal. Me har snakka med Kjell Rune Pedersen.

Kjellien fortel at dei har hatt litt skadeproblem. Dei har difor leigd inn to solide karar frå Lyngbø ved sida av gamle travarar som Ingvar Dalhaug, Trond Nordeide og han sjølv. Keeper Terje Hovdenakk er skada, men han blir med som coach i verdensklasse.  Laget har trent godt, men dei har ikkje spelt kampar i vinter. Ambisjonane er å gå vidare og kanskje klara ein semifinale. Då er som kjent vegen vidare til finalen kort…

Kjellien ser, som oss andre, at ein del lag og spelarar gir seg. Dette har naturlege årsaker som alder og slitasje. Han meiner difor det er viktig at eliteklubbane, noverande og tidlegare, får med «unge» spelarar. Klubbar som Brann, Sogndal, Vålerernga og Ham Kam stiller i 40-klassen eller Old Boys og er på denne måten viktige ambassadørar for Veterancup framover.

Elles ser Branngjengen, som alltid, fram mot ei kjekk helg i Lærdal med fotball og sosial moro. Velkomne til cup!

 

Lars Einar Torsnes

Puljeoppsetta er klare.

Puljene er no klare, kampoppsett er under arbeid. Me tek atterhald om mindre endringar.

 

Klasse Old Boys: Årdal FK, Skjergard, Sogndal, Lærdal pluss eitt lag til.

 

Klasse Old Girls: Sandviken, Nest-Sotra, Fana/Nymark, Kaupanger pluss eitt lag til.

 

Klasse Super Veteran Girls: Baune, Sandviken, Kaupanger, Eidsvåg.

 

Klasse Veteran Girls:

Pulje 1: Kaupanger, Follese, Baune, Midsund.

Pulje 2: Sogndal, Arna Bjørnar, Syril, Fitjar.

 

Klasse Veteran herrar 40+:

Pulje 1: Årdal FK, Bjarg, Luster, Høyang, Vega.

Pulje 2: Ham Kam, Kaupanger, Ny-Krohnborg, Fjøra, Gaular.

Pulje 3: Brann, Førde, Skjergard, Jondal, Stryn

Pulje 4: Vålerenga, Dale, Rubb, Orion, Fitjar

 

Klasse Superveteran herrar 50+:

Pulje 1: Sogndal, Strømmen, Aurland, Rubb, Fitjar.

Pulje 2: Brann, Vålerenga, Bergen Nord, Fredrikstad, Nordnes.

Pulje 3: Viking, Stordal, Bærum/Manglerud-Star, Dale, Jens Egils FK Haugesund.

 

Lars Einar Torsnes

Buss frå Bergen til og frå Veterancup 2018

NB!! Endring – kun ein buss i år pga. lita påmelding i høve transport .

Veterancup vil i år kun ha ein buss som går frå Bergen til Lærdal denne helga.

Frå Bergen til Lærdal fredag 26. januar:
Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.

Frå Lærdal til Bergen Søndag 28. januar:
Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,- tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no eller tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår.
Frist for å bestille plass på buss er mandag 22. januar 2018.

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Ham-Kam er klar!

Ham-Kam er eitt av dei laga som har vore med flest gonger. Dei har vunne klasse V40 mange gonger, og dei har to napp i den pågåande pokalen etter å ha vunne i 2013

Thorstein Helstad på Hamkam. Her saman med Erlend Hanstveit på Brann.

Thorstein Helstad på Hamkam. Her saman med Erlend Hanstveit på Brann.

og 2014. Me har prata med Terje Kojedal.

 

Terje fortel at dei trenar jamnt og at dei i det siste har trent litt inne på parkettgolv for å få den rette «feelingen». Dei har stort sett same lag som før med litt skifte frå år til år. Dei prøver å rekruttera nye, og dei har i år som i fjor fått med Thorstein Helstad.

Terje nemner dette med dei to nappa i vandrepokalen, og han karakteriserer laget sitt som ein outsider med ambisjonar. Karane frå Mjøsas breidd gler seg til kampar og sosialt samvær, og me ynskjer velkomen og lykke til

 

Lars Einar Torsnes

Ingen buss frå Austlandet

På grunn av lite påmelding vert det ikkje satt opp buss frå Austlandet i år.