Regionen

Lærdal er bygda som ligg inst i Sognefjorden; mellom aust og vest – Oslo og Bergen. Ein kan følgje E16 frå Oslo mot Lærdal, og etter ca 4 ½ time i bil blir ein møtt med synet av trange dalar, snødekte fjelltoppar og ville fossefall. Den kjende Lærdalselva syner veg ned dalen – mot sentrum og Lærdalsøyri.

Lærdal har alltid vore eit knutepunkt, og sidan bygda ligg mellom Oslo og Bergen så har ein fleire buss avgangar dagleg til dei to byane. Kjem ein frå Bergen kan ein enten velje sjøvegen med ekspressbåt på verdas lengste og djupaste fjord, eller landevegen der ein får høve til å sjå verdas lengste vegtunnel. Lærdalstunnelen – som den heiter – var ferdig i november 2000 og skapte ein heilårs ferjefri veg mellom aust- og Vestlandet. Tunnelen er 24,5 km lang og ved kvar sjette kilometer vil ein køyra gjennom nokre store flotte lyshallar. Tunnelen har ikkje bompengar.

Eit anna og spennande alternativ enten ein kjem frå Oslo eller Bergen er å ta Bergensbana til Myrdal, for så å ta den kjende Flåmsbana frå Myrdal til Flåm. Frå Flåm til Lærdal tek ein buss og igjen får ein moglegheita til å køyre gjennom verdas lengste – nemleg Lærdalstunnelen!