Ham-Kam er klar!

Ham-Kam er eitt av dei laga som har vore med flest gonger. Dei har vunne klasse V40 mange gonger, og dei har to napp i den pågåande pokalen etter å ha vunne i 2013

Thorstein Helstad på Hamkam. Her saman med Erlend Hanstveit på Brann.

Thorstein Helstad på Hamkam. Her saman med Erlend Hanstveit på Brann.

og 2014. Me har prata med Terje Kojedal.

 

Terje fortel at dei trenar jamnt og at dei i det siste har trent litt inne på parkettgolv for å få den rette «feelingen». Dei har stort sett same lag som før med litt skifte frå år til år. Dei prøver å rekruttera nye, og dei har i år som i fjor fått med Thorstein Helstad.

Terje nemner dette med dei to nappa i vandrepokalen, og han karakteriserer laget sitt som ein outsider med ambisjonar. Karane frå Mjøsas breidd gler seg til kampar og sosialt samvær, og me ynskjer velkomen og lykke til

 

Lars Einar Torsnes