Ei riktig god jul frå Veterancup

Me vil ønskje alle ei riktig god jul. Det er no ca ein månad igjen til me sparkar igang den 20. utgava av Veterancup. Me håpar at alle lag er godt i gang med førebuingane og at formtoppen nærmar seg.

 

Sandviken er i rute!

Sandviken er ein skikkeleg gammal travar i Veterancup. Me har hatt ein førjulsprat med Mette Hammersland. Mette rapporterer at alt er såre vel i leiren. Dei er i rute og prioriterer kvalitet framfor kvantitet i treningsarbeidet.  Dei stiller med same gjengen, men dei er no blitt eldre (på papiret) slik at dei stiller i Veteran Girls 50.

Til kvardags har Sandvikendamene ein god felles arena i det dei har ulike verv i IL Sandviken, både i topp og breidde. Dette gjeld trening, kampar og det store arrangementet Lerøy jentecup på vårparten.

Sjølv om det no er julestri og den slags som opptek spelarane, ser dei fram til årets happening i januar, både på bane, pub og bankett. Dei er i ferd med å «syngja seg opp» for å sitera Mette.

Me ynskjer vel møtt i Lærdal i januar!

Lars Einar Torsnes

Status på landslag

Det tek si tid å få på plass landslagklassa då mange spelarar ikkje kan gje endeleg svar på om dei er disponible siste helga i januar.

Kampoppsettet håpar me vil verta lagt ut tidlegare enn det som har vore gjort dei første 19 turneringane.

Tilbake(skrå)blikk

Ein haustkveld i 1998 vart eg, midt i beste middagskvilen, vekt av telefonen. Roald Flodsand var på tråden. Han lurte på om eg kunne vera interessert i eit opplegg med litt fest og fotball. Svaret var gitt, det visste han. Han presenterte ein plan som kunne ta pusten frå nokon kvar. Etter å ha summa meg litt, sa eg at dette får du til, Roald.

Siste helga i januar var det klart for cup. Me kom til Gudvangen (dette var før Lærdaltunnelen kom) og fekk melding om at båten me skulle ta, hadde fått maskinhavari. I slik ei stund var Gudvangen Hotell ei trøyst i vinterkulda. Etter kvart entra me ein skyssbåt, eg hugsar ikkje namnet, der me sat stua i salongen som strilakoner på veg heim frå julehandel. Skipperen opplevde tidenes innkome der han selde pils utgått på dato til dobbel pris. For ordens skuld må det nemnast at dei fleste laga ikkje skulle i aksjon før laurdagen…

Vel framme i Lærdal vart me tekne i mot på kaien og viste til hotellet. Me fekk rom (og cola) og måtte skunda oss for å rekka bussen til Årdal. Det var ei grei todeling på den tida: fotball i Årdal og sosialt i Lærdal. Som dei solidarske kameratar me er, la me likevel ein del av det sosiale til Stova i Årdal laurdag føremiddag. Legendarisk plass som lever vidare i minnet.

Det sterkaste minnet frå den første turneringa er at alle såg ut til å ha ei voldsom gjensynsglede. Folk gjekk rundt og helsa på kvarandre heile helga. Som gamal sogndalstudent kjenner eg mykje folk langs Sognefjorden, og denne helga blei det reine «Husker du?» Eg traff Sigvard Skaar frå Dale, og me heldt straks fram med diskusjonen me hadde i 1983 om Bosjkarov sitt løp på 5000m i EM. Sportsleg fekk Sogndal sine veteranar revansj for tapet mot Brann i 76 i det dei vann 3-2 i finalen.

Seinare har turneringa vakse og blitt meir profesjonalisert. Damene kom med i 2002 til stor glede for alle unntatt ein surpomp som lova å aldri visa seg meir. Han heldt lovnaden, kven bryr seg? Veterancup har hatt internasjonal deltaking av vekslande format, danskane i 2007 var eit høgdepunkt. Elles har cupen vore ein flott arena for bymann og stril, proff og amatør i skjønn forening. Å koma frå 6. divisjon og få spela mot engelske proffar er ei oppleving å ha med seg. Som sa, aurlendingen: «Eg er ikkje sikker, men eg trur det er første gong at Aurland har slege Manchester United». Denne kommentaren kom eit par-tre timar etter kampslutt, men likevel…

Turneringa er blitt meir strigla og strukturert med åra, og det sosiale lever vidare. Eg snakkar med mange spelarar gjennom året, og alle framhevar det sosiale. Mange vennskap er knytt, og alle ser fram til denne helga. I denne samanhengen må eg nemna ettermiddagsseansen på puben i Lærdal. Dei timane kan ikkje beskrivast, dei må opplevast.

Ei stor takk til Roald som i 1998 kom på (nok ein) vill ide som han ikkje var redd for å setja ut i livet. Måtte Veterancup ha mange gode år framfor seg!

Lars Einar Torsnes

 

Overnatting

Veterancup 2018 nærmar seg, og med 20 års jubileum og større interesse enn nokon gong, satsar vi fortsatt på å kunne innkvartere alle i Lærdal, fordelt på Lærdal Hotel, Granden Hotel, Lærdal Ferie og Fritidspark, Sanden Pensjonat og Lærdalsøren Hotell.

Bestilling av overnatting:
Bindande bestilling av overnatting m/bankett skjer gjennom innbetaling av kr. 2 595,- pr. deltakar innan 20.12.2017. Eventuelt ledige plassar vert deretter tildelt i tur og orden etter prinsippet om ”fyrste mann til mølla”.

Innkvartering:
Alle lag kan fremje ynskje om kvar dei vil overnatte, men for å få «kabalen» til å gå opp, må vi fordele dette etter kapasitet og kor mange deltakarar det kjem frå kvart lag. Vi legg opp til at kvart lag stiller med maksimum 9 spelarar, som hovudsakeleg vil bli innkvartering i 3- og 4 sengs rom. Endeleg oversikt vert lagt ut på www.veterancup.no i slutten av veke 3. Vi tek atterhald om at det kan kome endringar på overnattingsstad etter at den er lagt ut på nettsida.

Avbestilling:
Merk dykk at bestilling av overnatting er bindande ved innbetaling, og vert ikkje refundert ved ei eventuell avbestilling. (Pass på at de har forsikring/reiseforsikring som dekker avbestilling ved sjukdom mm., på samme måte som avbestilling av til dømes flybillettar)

Innbetaling:
Alle lag betaler inn til Lærdal Hotel, konto nr. 3705.10.58136, kr. 2 595,- pr. pers. Beløpet dekker overnatting med frukost begge dagar, middag og dans fredag samt bankett og dans laurdag.

Vi ynskjer lagvis innbetaling. Dersom deltakarar likevel betalar direkte, er det viktig å skrive på kva lag vedkomande tilhøyrer og at LAGLEDAR FORMIDLAR DETTE.

Ser fram til å høyre frå Dykk med endeleg påmelding, og i mellomtida vil vi ynskje dykk alle ei God Jul og Godt Nytt År!

Med venleg helsing
Lærdal Hotel – Ole Kr. Nedberge

Bussrute til og frå Bergen i høve Veterancup 2018

Veterancup vil i år ha to bussar som går frå Bergen til Lærdal denne helga, og vi håpar at mange som mulig vel å fylgje ein av bussane våre.

Frå Bergen til Lærdal fredag 26. januar:

Buss nr 1 går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.
Buss nr 2 går frå Flesland kl. 10:30, frå Nesttun kl. 10:45  (NB!  ikkje om Bystasjonen)

Frå Lærdal til Bergen søndag 28. januar:    

Begge bussane går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell
Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,-  tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med ein av bussane, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida.
Frist for å bestille plass på buss er måndag 18. januar

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Jens Egil Vikanes FKH

Vi vant veteranklassen 2008 og vi ferier nå 10 årsjubileum i 2018. Vi deltar nå i superveteran 50+.

Laget er som på bildet med gule t-skjorter:
Ståle Oldeide, Ingolf Olsen, Egil Eliassen, Kjell Arve Håland, Asbjørn Helgeland, Roger Føleide, Alf Magne Melkevik, Kjell Sture Jensen, Torstein Langeland (ikke på bildet), Dag Petter Kristoffersen (ikke på bildet, Lagleder)

Dessverre har vi mistet vår kaptein Jens Egil som så alt for tidlig gikk bort dette året, hardt rammet av kreft. Måten han kjempet mot kreften som herjet i kroppen og taklet de harde fakta var forbilledlig og på samme måte så forferdelig å være en del av. Livet er skjørt dere.

Jens Egil Vikanes var vår «supermann». Et naturlig samlingspunkt i kraft av hans egenskaper som familiemann, medmenneske, sin fysiske og psykiske styrke,  sine fotballferdigheter, sin brede erfaring, hans kompetanse og ikke minst hans sosiale antenner. Han var rett og slett en superhelt, vår «supermann»

Med Jens Egil Vikanes var det mulig å spille veldig god fotball, oppnå gode resultater, ha det skikkelig gøy sammen på banen samt toppe det hele med hyggelig lag når kampene var over. Her var han om mulig å måle i verdensklasse.

Vi er evig takknemlig for å ha vært lagkamerater og kompiser av Jens Egil. Av den grunn ønsker vi å hylle han ved igjen å stille opp i vetarancup med omtrent det samme laget vi vant med i 2008. Jens Egil var stort sett med hvert år siden FK Haugesund kom med i denne turneringen. Om ikke FKH var påmeldt et år fikk joviale Jens Egil lett innpass i Viking eller andre klubber som trengte en «krumtapp» på laget.

Vi savner Jens Egil Vikanes veldig her i Haugesund og vi gjør alt vi kan for å leve gjennom hans bravader på jordkloden.

Jens Egil lever i hvert fall i oss gjennom alle våre gode minner og opplevelser sammen, og det skal bli kjekt å spille i veterancup igjen vel vitende om at Jens Egil nok følger nøye med fra sin plass på «ærestribunen» og i våre hjerter.

Vår coach, vår kaptein og vår «supermann»!

Vi stiller opp som Jens Egil Vikanes FKH i veterancup 2018.

-Kjell Sture Jensen-

Din historie: Fitjar IL

Fitjar IL deltar i 2018 for 12 året på rad. Ingen skal beskylde Fitjar for å stikke av med stresslesser, pokaler, heder og ære, men Fitjar såg tidlig problemene som var i anmarsj for dei store profilerte klubbene som begynte å slite med alder og form og tenkte at her må vi stille opp og la disse profilene vinne… la cupen leve.. ! Og ingen klubb lever betre opp til navnet «De hjelpesløse hjelper» enn Fitjar Idrettslag. Vi har etter kvart blitt kanskje den største troppen etter at damene vart inkludert for 5 år siden og stiller med heile 3 lag. Målsetting er heilt klart å ha det kjekt og sosialt og ikkje minst få masse kvalitetstid på Kvammes Pub i gamle Lærdalsøyri. (Som no heiter Lærdalsøren Hotel, Pub & Kafe). Sender eit lagbilete for ei tid tilbakers. Lagbilde av damene vil komme ved seinere høve då dei ikkje heilt har bestemt seg for drakter til neste års jubileumsturnering.

Fitjar IL gleder seg til turneringa i 2018 og lover å gjere alt for at cupen blir ein fest for motstandere og arrangører og det lokale næringsliv. Vedr oppkjøring og trening til neste års cup så er me i full gong med dette like over nyttår.

Ole Bergesen / Pressetalsmann Fitjar IL.

Midsunds argaste damer til Lærdal for 10 gong…

Det lakkar og lir mot ny Veterancup, og dei argaste damene i Midsund har starta førebuingane; inneskoa er lappa saman med diverse typar teip, og søndag 3. desember gjennomførte 7 av oss ei meir eller mindre fartsfylt trening på knappe timen, som kunne minne meir om ei intensiv intervalløkt; 10. min fjas og fliring – 5. min. oppvarming med lett tøy og bøy – 2 min. Hawaii fotball – 4 min. drikkepause – 30 min. uttøying i avanserte yogaformasjonar  – 5. min til selfies og oppdatering på sosiale media…. Godt nøgd med eigen innsats håpar me å få til minst éi like solid økt før deltaking på lokal Bygdacup i romjula, der me har funne det best å spreie vår solide erfaring over 4 lag, og fylle på med småjentene mellom 14-40 år.

Årets cup har vi sett fram til med ‘hjertesmerte’!  Me har venta på at våre yngste ENDELEG skulle bli soppas gamle at me kan delta i Veteran klassen heilt sidan vårt første inntog i Lærdal tilbake i 2008.  Det var ei viss Lene, frå eit visst Arna/Bjørnar, som rota seg borti ein viss Midsunding, som so forvilla seg på våre fotballtreningar og sosiale happenings – som meinte «dokke e som skapt for’an». Det var me! Og sidan har me trufast køyrd 600 km inkl. 10 ferjeturar t/r kvart år (med kun eit heiderleg unntak i 2013). Så dette blir vårt 10 års jubileum J

Av ein eller anna grunn har me god tru på at farta i Veteranklassen er meir tilpassa oss enn Old Girls klassen har vore.  Me blir 9 som tek turen, og våre ambisjonar er at hes, bles, spark & spenn, eder & galle, med dertil gjenoppliving på sidelinja – erstattast av ei og anna pasning som kjem fram til nokolunde rett adresse, kanskje nokre susande nettkjenningar, og at dette er med på å redusere køa ved hjertestartaren….

Anyways…. Me har det kjempekjekt i Lærdal, både på og utanfor bana, og STORTRIVES under bankett/dans/nightlife på hotellet. Me ser fram til ei heidundrande flott helg med ‘hæla i taket og tenna i tapeten’, i godt selskap med andre fotballglade veteranar.

Me sjåast! I mellomtida ønskjer Midsund Veteran Girls alle ei fin adventstid og ei riktig god jul.

Bilde: Blidspent gjeng etter treningsøkta 3. desember. På kne frå v; Kristin, Inger Kristin og ei ekstatisk Iren som endelig er gammal nok! Over frå v: Malla Randi, Therese, Eva og Ann-Britt. Ikkje tilstade: Karina og Inga-Lill var på lysmesse (elr. nåkkå liknande) og vurderast å berre bli brukt som duskedame……

Din historie: Vega

Vega er klare for sin fjerde deltakelse i Veterancup. Vi hørte om denne turneringen via Hugo Hansen på sommertreningene på vakre Vega. Han skrøt av hele konseptet og for en aldrende gruppe

med fotball og reiseglade menn, hørtes dette perfekt ut. Vi meldte oss på og var storfornøyde etter første år og har siden ikke vært i tvil hva vi skal bruke som motivasjon i lange opptreningsperioder….. Vi reiser til Lærdal med fly og litt buss (3 fly per vei), da det å kjøre iflg google map ville tatt ca 17 timer.  Og det er vel antakeligvis når fjellet er åpent.

Oppe her vi bor, på en øy helt sør på Helgeland, trener vi i en liten gymsal. Størrelsen gir utfordringer når vi kommer i de store hallene i Lærdalsområdet. Vi er vant med masse småspill og at vi kan skyte når vi har løpt/vagget 7 meter. Derfor blir det et lite sjokk, når vi i Lærdal ser opp og innser at vi må løpe minst 30 – 40 meter til før vi kan skyte med tåa. I tillegg savner vi den gode gamle gule filtballen med hår. Den har blitt borte også her oppe, men vi stemmer for å gjeninnføre gul hårete filtball.

Laget består av kun Vegaværinger, men noen er utflyttet. Rent merittmessig har vi ikke all verden å banke i bordet med, men vi har en norgesmester for Vegakameratene i futsal i troppen. For årets sesong er det vel kun ved en epidemi blant Vegakameratene (og de mislykkes med å flytte kampen)  at han får spilletid, men vi forventer uansett hvert år at han skal dra det meste av lasset. Øvrige spillere har bra kvaliteter med ball, men er jevnt over best i lav hastighet. Den eneste på laget med over 42 i O2 opptak har vi i mål, så løpskraft er også litt mangelvare. Som spillere har vi klokketro på finale hvert år, noe som også hvert år viser seg som totalt urealistisk. I fjor røk vi i kvartfinalen mot Brann. Vi så litt mørkt på det før kampen, men man må alltid har troa så vi prøvde, men de jukset litt da de som forventet var gode ute, men at de da i tillegg hadde god keeper DET er unødvendig det. Målsetningen i år er selvfølgelig finale. Eller det er laglederen sin målsetning. Laget mener det er fullstendig umulig oppgave, men hårete mål er viktig og vi er uansett en dommeravgjørelse unna når vi får snakket litt etter en del GT på lørdagskvelden. På banketten har vi ikke bare tro på at vi skal være i finalen, der VET vi at vi kan hevde oss. Sånn bankettmessig føler vi at vi har levert alle tre årene, så får vi ta det sportslige det året vi har medvind på alle fronter.

Frithjof Wilborn har i de årene vi har vært med stilt som konferansier.  Nå har vi sittet i brennvinsavdelingen (tror det er det salen lengst borte heter) i de tre årene vi har vært med og har ikke akkurat fått med oss så mye av hva han har gjort eller sagt. Så i år satser vi på å vinne hele opplegget, og da kanskje vi får se og høre han i levende live. Vi tar gjerne plassen til landslaget til Sverige i tronsalen. Hvis ikke går det nok bra i den andre avdelingen også i år. Har vært kjempestemning der alle årene.

Vi gleder oss!!

Mvh
Frank Nilssen
Optimistisk lagleder Vega