Send inn laglister!

Veterancup ber om at ansvarleg leiar for kvar klubb/kvart lag sender inn laglister snarast råd. Skriv gjerne litt om kvar spelar slik at me kan leggja ut info om ditt lag.

 

Lars Einar Torsnes

Landslagsklasse 2018 er ute.

Det vert diverre ikkje noko av klassa for landslag under årets jubileumsturnering. Etter hundrevis av telefonsamtalar, SMS og mailar, må cupgeneral Roald Flodsand kasta inn handkleet. Alt på våren 2017 starta Roald med å invitera fem landslag, og dette såg lenge ut til å gå i boks. Etter kvart som tida gjekk og cupen nærma seg, kom det fleire avbod, og då måtte planane skrinleggjast. Kanskje det kan gjennomførast ein annan gong? I alle fall skal Roald ha all honnør for ide, innsats og stå-på-vilje for dette med landslag til Veterancup.

Uansett så blir det som vanleg ei triveleg helg i Lærdal med god innsats på parkett og bankett (og puben med).

 

Lars Einar Torsnes

Bergen Nord er klar til kamp

Nå er det ikke lenge til før den flotte turneringen i Lærdal/ Årdal og Aurland starter. Bergen Nord stiller i 50 klassen år som i fjor.

Tror vi var med første gang i 2005 eller 2006 i 40 klassen den gangen. I 2017 kom vi til semifinalen og tapte mot Viking, og målet er å kommer like langt.

Turneringen er skikkelig artig å være med på, flott fotball og ikke minst l festligheter og dans om kvelden.

Bergen Nord ligger i hardtrening både ute og inne fotball. Var med i Viggocup (futsal) i helgen, stilte i 40 klassen og tapte så vidt finalen på straffespark.

Frode Linde
Bergen Nord

Melding frå premieansvarleg.

Dersom nokon av vinnarlaga tok vandrepokalen med seg heim etter førre turnering, MÅ dei hugsa å ta pokalen med tilbake til Lærdal no i 2018.

 

Lars Einar Torsnes

Fredrikstad er bankers!

Fredrikstad Fotballklubb har med rette vorte kalla aristokratane i norsk fotball. Også i Veterancup er klubben å rekna som ein aristokrat. Dei har vore med heile vegen med eitt unnatak då dei inngjekk partnarskap med Vålerenga. Fredrikstad stiller i V50, og primus motor Tom Espen Fingarsen melder om nokolunde same mannskap som før om åra. Einaste endringa er at alle er blitt eitt år eldre. Eldstemann på laget, Tommy Warhol, har vore med på alle veterancupane, og han feirer såleis 20 års jubileum.

Når det gjeld ambisjonar, så avslører Tom Espen at dei sosiale ambisjonane har størst sjanse til å bli innfridd. Som alle andre så framhevar gutane frå Plankebyen det sosiale ved Veterancup som den store motivasjonsfaktoren. I tillegg har dei ein glimrande DJ i sine rekker. Finn Erik Arnesen syter for musikk og topp stemning på puben laurdag.

Gjennom snart 20 år har me som arrangør blitt godt kjende med desse hyggelege fotballkarane, og me ynskjer vel møtt til cup!

 

Lars Einar Torsnes

 

Sogndal V50 er klare!

Sogndal er sjølvsagt mellom dei klubbane som deltek i Veterancup år etter år. I 2018 stiller dei tre herrelag og eitt damelag. Me har prata med to av superveternane, Lasse Opseth og Petter Melchior. Desse to karane herja med motstandarane på 80-talet. I seinare år har dei brukt fotballkreftene i indre Sogn midtvinters.

Duoen fortel at det av ymse grunnar blir lite felles trening. Dei satsar på at talent og rutine kan vega opp noko og at god oppvarming gir mindre strekkfare. Dei går for å vinna på banen, men kulturseansen laurdag ettermiddag på Lærdalsøren Hotell & Pub er eit godt plaster på såret om ein skulle ryka ut.

Petter fortel at gjengen plar samlast 1-2 gonger årleg til sosialt samver i tillegg til Veterancup. Dei har mellom anna bak seg ei samling på Atle Torvanger si hytte i Bremanger. Atle blei alvorleg sjuk hausten 2016 og er no under fysisk rehabilitering og opptrening. Bergens Tidende hadde for øvrig to artiklar no føre jul om Atle Torvanger. Sjekk bt.no

Lasse fortel elles at det er kjende fjes som dukkar opp på laget deira. Eit par kort er usikre, men alt i alt er det ein rutinert gjeng i sin beste alder som er klar for Veterancup 2018. Velkomne til cup!

 

Lars Einar Torsnes

 

Manglerud Star / Bærum klar for Veterancup.

Manglerud Star / Bærum er klare og dei har sendt oss nokre ord om seg sjølve. Dei har vore med før, og to av spelarane, Stig Claussen og Henrik Pedersen, var med og vann superveteran med Bærum i 2014. Fred Ivar Thanke og Henrik Pedersen har ei fortid i Bærum, Pedersen også frå gode Bryne-årgangar på 70-talet.

Dei fleste på dette MS/Bærum-laget spelar for M/S Veteran. Dei ser på seg sjølve som ein sosial gjen som kjem til Lærdal for å ha det gøy.

Lagoppstillinga finn de under påmelding-superveteran-Manglerud Star / Bærum.

Velkomne til Veterancup!

Lars Einar Torsnes

Jondal er klare!

Jondal IL frå Hardanger er i år med for 17. gong. Me har snakka med primus motor Atle Sollesnes.

Atle seier at dei stort sett har hatt ei fast stamme på 6-7 spelarar. Dette er karar som er fødde ca 1970, og dei spelte saman som gute- og juniorspelarar. Underteikna hugsar godt desse gode juniorårgangane som gjorde det godt i lokale seriar og i Norway Cup på slutten av 80-talet. Utover i veterancupsoga har nokre kome til medan andre har gått av med pensjon. Den «største» overgangen har vel vore keeper Bjarte Eikeland til Brann. Bjarte vann skinnstolen frå Stordal som cupens beste spelar i 2017, og han har ei aktiv fortid i Brann som seniorspelar. Dei har også ein langpendlar på laget i Jan Inge Eide som er busett nær Malmø.

Atle melder at det er den vanlege gjengen (stort sett) som er med også i 2018. Dei trenar lite saman, så talent og rutine vert viktige element. Nokre spelarar er skada, mellom andre Atle sjølv. Han øydela kneet under ein fotballkamp (!) i november og må eventuelt delta som coach i verdensklasse. Jondal kjem uansett til å markera seg, anten i sluttspelet eller på puben.

Velkomne til cup!

Lars Einar Torsnes

Godt nytt år!

Veterancup vil med dette ynskja alle eit godt nytt år og velkomne til kappestrid 26.-27. januar!

Lars E.

Gode replikkar (1)

Ein laurdagsmorgon ca år 2000 var underteikna lovleg seint ute til bussen til Årdal. Eg fekk refs av dommar Ivar Fredriksen. Eg svarte: «Har De ikke hørt om «injury time», Fredriksen?» Forklaringa blei godteken…

Lars E.