Oppsummering Veterancup 2018

Veterancup nr.20 er vel gjennomført – men med litt utfordringar. Fredagskvelden var det ras på vegen mellom Fodnes og Tangen og det skapte litt transportproblem på laurdag. Nokre lag måtte over Filefjell til Årdal. Bjørn Ø i Øvre hadde kontroll på kampprogrammet og med litt tilpassing gjekk avviklinga greit.

Avviklinga i Aurlandshallen og Lærdalshallen gjekk som planlagt. Denne gongen stilte Davy Wathne som dommar begge dagar i Lærdalshallen.

Kampprogrammet hadde Ove Kristian Lysne hovudansvaret for. Kampavviklinga med resultat kunne ein fylgja direkte på nettet.

All innkvartering var i Lærdal og dei fleste fordelt mellom Lærdal Hotell og Lærdal Ferie og Fritidspark, samt Sanden Pensjonat og Lærdalsøren Hotell.

Skadeomfanget var ikkje stort – men det vart registrert eit ribbeinsbrudd og nokre strekkskader.

20 års jubileet vart gjennomført med ein flott bankett på Lærdal Hotell.

Over 400 var tilstades med Frithjof Willborn som stø festleiar. Innleiinga med «Jag trodde englarna fans» der alle song med, var ein perfekt start.

Først var det tid for 20-års markering. Desse 3 spelarane hadde vore med i alle 20 turneringane:

Lasse Opseth, Petter Melchior og Tommy Warchool.

Alle fekk gåva frå Hardanger Bestikk + blomebukett overrekt av «Mr. Veterancupturnering» Roald Flodsand.

Roald fekk i sin tur blomar + spekekjøttlår frå jubilantane saman med ei takk for 20 hyggelege turneringsår!

Vidare fekk Torstein Kvam gåver for jobben som dommaransvarleg i 20 år!

Avslutningsvis fekk sambuaren til Roald F – Lilly Kvamme vel fortente blomar for utruleg mykje dugnadsarbeid i 20 år.

Etter matøkta var det tid for premieutdeling ved Dayv Wathne og Fridhjof Willborn.

Resultat:

Damer:

Oldgirls: Kaupanger – Sandviken  3 – 1


VeteranGirls:  Follese   –   Kaupanger  3-1
SuperVG:

Kaupanger 3 2 0 1 5 6
Baune 3 1 1 1 0 4
Eidsvåg 3 1 1 1 -3 4
Sandviken 3 1 0 2 -2 3

Herrar:

Oldboys: Årdal FK – Sogndal 6-4


Veteran: Brann – Vålerenga 5-0
SuperVeteran: Jens Egil FK Haugesund – Brann 5-2

Beste spelarar

Premiar frå Hardanger Bestikk

Veterangirls: Janicke Juvik, Follese

Oldgirls: Katrine Bolseth, Kaupanger

SuperVG:  Lisbeth Vedvik, Kaupanger

Oldboys: Kent Lægreid, Årdal

Veteran: Robbie Winters, Brann

SuperVeteran: Ståle Oldeide, Jens Egil FK Haugesund

Turneringa sin beste spelar: Cato Guntveit, Brann
Lenestol frå Stordal Møbel

Som avslutning på bordseta fekk vertskapet på Lærdal Hotell blomar for hyggeleg bankett-opplegg i nesten 20 år til applaus frå festlyden.

Banketten heldt så fram med dans og hyggeleg prat ut i dei små timar.