Laglister

Vi har begynt å motta laglister frå laga, men tek gjerne i mot fleire slik at ein kan begynne å finjustere taktikken i forhold til motstandar. Laga vil bli oppdatert med spelarar etterkvart som vi får dette tilsendt. Under Påmelding i høgremenyen vil ein kunne gå inn på kvart lag og sjå kven dei stiller med.

Skjema for lagliste finn ein her: Lagliste

Endringar kan sendast direkte til Eirik Laberg på el@mail.ardalsnett.no

Send oss din historie

Me treng innslag frå lag som deltek i turneringa. Me vil gjerne vita kor mange år de har delteke. Kvar de kjem frå. Kvifor/korleis de kom med i turneringa. Kva for ambisjonar de har.  Send gjerne eit lagbilete. Utfordrar alle lag til å koma med innspel. Utfordrar fyrst Vega og Midsund!
Send tekst/bilete til el@mail.ardalsnett.no

Innspel til kampoppsett

Er det nokre lag som har nokre spesielle forespørslar til kampoppsettet må det vera sendt til ansvarleg for kampoppsett Ove Kristian på ovekristian1@gmail.com innan 25. desember 2017.

Dette kan vere ting som f.eks.

  • Lag som helst må spele i same hall
  • At de ikkje er på plass til turneringen startar

Det som eg får på mail innan den dato skal eg prøva so godt eg kan til å ta få til.

Sjølv om forespørslane blir sendt innanfor fristen vil ikkje det garantere at det går i orden, sidan det er mykje ein må ta hensyn til når det gjeld oppsettet.

Buss frå Austlandet

Dersom det er stor nok interesse for det, vil Veterancup sette opp buss frå Fredrikstad via Oslo til årets cup, det vil seie at den går frå Fredrikstad fredag 26. januar kl. 07:00, og frå Oslo kl. 08:30  via Gol og er i Lærdal kl. 14:00.

Pris tur-retur Fredrikstad/ Oslo vert kr 900/kr 800,- inkludert interntransport heile helga.

For dei som ynskjer dette tilbodet så ta kontakt med transportansvarleg Harald Stadheim snarast.  Epost: harald.stadheim@vegvesen.no  tlf: 975 26 998

Veterancup 2018

Hei, og velkomen til vårt 20-årsjubileum!

I morgon, fredag 1.12., er quizmaster Lars klar med årets julekalender. Det blir også i år vinnarpremiar frå Hardanger Bestikk i tillegg til diverse deltakarpremiar. I tillegg vil me ha minst eitt anna innlegg på nettsida dagleg. Det er fint om de kan senda oss bilete og kanskje nokre ord om stoda så langt.

Det er ventelister for lag som vil delta, og me håpar at alt er klart så tidleg at me kan koma med kampoppsettet tidlegare enn før om åra. Me ser gjerne at de også sender oss spelarlister, desse kan redigerast av oss om nødvendig. Til slutt minner me om at lag som treng, men ikkje har tinga, overnatting, gjer dette straks via Lærdal Hotel.

Lars Einar Torsnes

Status Veterancup 2018

No er all klassane fullteikna, men det kan kanskje koma avmeldingar. (Enno kan lag melda seg på.) I Veteranklassa kjem truleg eit elitelag til slik at det vert 20 lag.

Frå 1. desember vil det verta lagt ut minst eit nyhende kvar dag i tillegg til Julekalenderquissen.

For dei som treng overnatting, ta kontakt med Lærdal hotel snarast!

I 2018 vil det gå buss frå både Bergen, og Oslo. Treng de transport? Ta kontakt med Harald Stadheim  975 26 998 eller på epost: harald.stadheim@vegvesen.no

Har de innspel til kampoppsettet, kontakt Ove Kristian Lysne  901 03 069 eller epost Ovekristian1@gmail.com

Skulle det vera nokon som har innslag til nettsida, send til ; el@mail.ardalsnett.no

Til 20 årsjubileet vil me ha ei «meir levande» nettside frå 1. desember.

Påmelding/ Løypemelding Veterancup 2018

Minnar om at 15. november går fristen ut for lag som deltok under Veterancup 2017. Då det er fleire lag «på vent», må de melda på laget før fristen.
Skulle det vera lag som ikkje har betalt påmeldinga innan fristen 10 dagar etter påmelding, må dette skje snarast.

Fleire klassar er allerie mest fullteikna.

Hugs å tinga overnatting hjå Lærdal Hotel!

Fleire «elitelag» er truleg på plass innan kort tid.

Oppfordrar laga til å senda inn spelarlister, listene kan oppdaterast etterkvart.

Når det gjeld landslagsklassen, vil denne også verta oppdatert med spelarnamn.

Lars Einar er klar med julekalendaren når desember tek til. Oppfordrar dikka til å delta !

40000 til aldersbestemt fotball

I desse dagar får dei aldersbestemte laga til Lærdal, IL Jotun og Aurland IL tildelt deler av overskotet frå turneringa i 2017. Beløpet som blir fordelt er på 40000,-

Jan Tore Stølen, leiar i fotballgruppa i Lærdal idrettslag seier til Porten.no:
– I løpet av dei 20 åra har me grovt rekna betalt ut over ein halv million i reine tildelingar og generert bortimot èin million viss me tek med kioskinntekter og bilettsal, som går rett til klubbane.

Siste helga i januar 2018 er det klart for ny runde med Veterancup som i den anledning feirar 20-års jubileum.

Les heile saka på Porten.no

Veterancup 2018

Veterancup er godt i gang med planlegginga av Veterancup 2018. Turneringa feirar i den forbindelse 20 års jubileum og blir gjennomført 26. – 27. januar 2018. Vi vil ha dei vanlege klassane med Old Girls og Veteran Girls for kvinner og Old Boys, Veteran og Super Veteran for menn.

Sidan turneringa har 20 års jubileum blir det ei Landslagsklasse. Her er vi godt i gang med å få til ei gruppe på 4 eller 5 lag.

Påmelding vil skje frå 1. oktober 2017, og vi vil komme tilbake med meir informasjon rundt dette ved eit seinare høve.