Storstilt draktdugnad

Tysdag kveld var ein god dugnadsgjeng samla i klubbhuset i Lærdal for å trykkja logo og sponsorar på draktene som alle veterancup-deltakarane får. Når 544 drakter skal trykkast både bak og framme, kvar drakt skal leggjast pent på trykkplata og etterpå sorterast er det klart at det er ein viss jobb som skal gjerast. 

Magnar Ljøsne konkluderte kjapt at reiskapen fungerte bra, men det var lita tvil om at her måtte ein vera så effektiv som mogleg for å koma i mål. Dermed måtte ein finpussa på og optimalisera prosessen. Og etter kvart vart det svært så effektiv: ein person la ei ny drakt på trykkplata, ein annan utførde sjølve trykkinga og ein tredje løfta den ferdigtrykte drakta av plata straks sjølve trykkinga var unnagjort, for så å riva av trykkpapiret og leggja drakta i rett haug. Då var altså person ein i gang med å leggja på ny drakt, og slik dura og gjekk det kontinuerleg i fem timar i klubbuset tysdag kveld.

– Me kunne ha starta fabrikk, kommenterte Magnar Ljøsne.

Dugnadsinnsatsen tysdag kveld resulterte i at alle draktene til kvinnene vart ferdigtrykte rundt midnatt. Onsdag er det på nytt fullt køyr med trykking for å få klare herredraktene.

Tekst og bilete: Ole Ramshus Sælthun