Byen e Bergen og laget e Brann!

Brann er ein sikker gjengangar i heile veterancuphistoria. I år som i fjor stiller dei i V40 og V50. I fjorårets turnering kom gullet hem i 40-klassen, og keeper Bjarte Eikeland sit framleis godt i stolen frå Stordal. Me har snakka med Kjell Rune Pedersen.

Kjellien fortel at dei har hatt litt skadeproblem. Dei har difor leigd inn to solide karar frå Lyngbø ved sida av gamle travarar som Ingvar Dalhaug, Trond Nordeide og han sjølv. Keeper Terje Hovdenakk er skada, men han blir med som coach i verdensklasse.  Laget har trent godt, men dei har ikkje spelt kampar i vinter. Ambisjonane er å gå vidare og kanskje klara ein semifinale. Då er som kjent vegen vidare til finalen kort…

Kjellien ser, som oss andre, at ein del lag og spelarar gir seg. Dette har naturlege årsaker som alder og slitasje. Han meiner difor det er viktig at eliteklubbane, noverande og tidlegare, får med «unge» spelarar. Klubbar som Brann, Sogndal, Vålerernga og Ham Kam stiller i 40-klassen eller Old Boys og er på denne måten viktige ambassadørar for Veterancup framover.

Elles ser Branngjengen, som alltid, fram mot ei kjekk helg i Lærdal med fotball og sosial moro. Velkomne til cup!

 

Lars Einar Torsnes