Oppføringer av Lars Einar Torsnes

Gode replikkar (1)

Ein laurdagsmorgon ca år 2000 var underteikna lovleg seint ute til bussen til Årdal. Eg fekk refs av dommar Ivar Fredriksen. Eg svarte: «Har De ikke hørt om «injury time», Fredriksen?» Forklaringa blei godteken… Lars E.

Sandviken er i rute!

Sandviken er ein skikkeleg gammal travar i Veterancup. Me har hatt ein førjulsprat med Mette Hammersland. Mette rapporterer at alt er såre vel i leiren. Dei er i rute og prioriterer kvalitet framfor kvantitet i treningsarbeidet.  Dei stiller med same gjengen, men dei er no blitt eldre (på papiret) slik at dei stiller i Veteran […]

Tilbake(skrå)blikk

Ein haustkveld i 1998 vart eg, midt i beste middagskvilen, vekt av telefonen. Roald Flodsand var på tråden. Han lurte på om eg kunne vera interessert i eit opplegg med litt fest og fotball. Svaret var gitt, det visste han. Han presenterte ein plan som kunne ta pusten frå nokon kvar. Etter å ha summa […]

Veterancup 2018

Hei, og velkomen til vårt 20-årsjubileum! I morgon, fredag 1.12., er quizmaster Lars klar med årets julekalender. Det blir også i år vinnarpremiar frå Hardanger Bestikk i tillegg til diverse deltakarpremiar. I tillegg vil me ha minst eitt anna innlegg på nettsida dagleg. Det er fint om de kan senda oss bilete og kanskje nokre […]

Viking støttar bøsseaksjonen!

Viking, som vann 50-klassen i fjor, må finna seg i å vera blant favorittane i år også. I tillegg er dei arkitektane bak vår del av bøsseaksjonen der det blir samla inn pengar for at den kreftråka Jens Egil Vikanes skal få behandling i utlandet. Me har snakka med Ingve Bøe. Ingve fortel at kronerullinga […]

Byen e Bergen og laget e Brann!

Brann er alltid å rekna med når det gjeld Veterancup, så også i år. Me har hatt ein prat med Kjell Rune Pedersen på Brann sitt 50-lag. Kjellien fortel at dei har ein del nye ansikt i år. Han nemner Lars Gytre som hadde si aktive karriere i Åsane og dansken Henrik Mørch. Det blir […]

Vålerenga 50+, tilbake etter eitt års pause.

Vålerenga sitt 50-lag stod av ulike grunnar over fjorårets turnering. I år er dei imidlertid tilbake, sannsynlegvis i kjent stil. Me har prata med Erik Foss. Fosser`n fortel at det er litt vanskeleg å førebu seg fotballmessig når ein har spelarane spreidd rundt omkring. Dei satsar på at rutine og eigentrening skal gjera susen. Erik fortel at […]

Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.

Stordal I.L. frå indre Sunnmøre er nok ein gammal travar i Veterancup. Dei har vore med heile vegen unntatt ein gong, og dei har bidratt med godt spel og gode resultat. Dei har vore i finalen i 50-klassen dei to siste åra, desse kampane enda med tap mot høvesvis Brann og Viking. Primus motor Hallgeir […]

Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd.

Ham-Kam er eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gongene unntatt ein (stengt fjell), og dei har vunne veteranklassen heile fem gonger. Dei har såleis klart å få med seg ein pokal heim, og dei har to napp i den noverande vandrepokalen. På bakgrunn av dette er Terje Kojedal det ein kan […]

Send inn laglister!

Me minner nok ein gong om at laga må senda inn laglister. Gjer dette så snart de kan! De finn link til laglister under «Påmelding». Veterancup 2017.