Sandviken er i rute!

Sandviken er ein skikkeleg gammal travar i Veterancup. Me har hatt ein førjulsprat med Mette Hammersland. Mette rapporterer at alt er såre vel i leiren. Dei er i rute og prioriterer kvalitet framfor kvantitet i treningsarbeidet.  Dei stiller med same gjengen, men dei er no blitt eldre (på papiret) slik at dei stiller i Veteran Girls 50.

Til kvardags har Sandvikendamene ein god felles arena i det dei har ulike verv i IL Sandviken, både i topp og breidde. Dette gjeld trening, kampar og det store arrangementet Lerøy jentecup på vårparten.

Sjølv om det no er julestri og den slags som opptek spelarane, ser dei fram til årets happening i januar, både på bane, pub og bankett. Dei er i ferd med å «syngja seg opp» for å sitera Mette.

Me ynskjer vel møtt i Lærdal i januar!

Lars Einar Torsnes