Veterancup 2018

Hei, og velkomen til vårt 20-årsjubileum!

I morgon, fredag 1.12., er quizmaster Lars klar med årets julekalender. Det blir også i år vinnarpremiar frå Hardanger Bestikk i tillegg til diverse deltakarpremiar. I tillegg vil me ha minst eitt anna innlegg på nettsida dagleg. Det er fint om de kan senda oss bilete og kanskje nokre ord om stoda så langt.

Det er ventelister for lag som vil delta, og me håpar at alt er klart så tidleg at me kan koma med kampoppsettet tidlegare enn før om åra. Me ser gjerne at de også sender oss spelarlister, desse kan redigerast av oss om nødvendig. Til slutt minner me om at lag som treng, men ikkje har tinga, overnatting, gjer dette straks via Lærdal Hotel.

Lars Einar Torsnes