Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd.

Ham-Kam er eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gongene unntatt ein (stengt fjell), og dei har vunne veteranklassen heile fem gonger. Dei har såleis klart å få med seg ein pokal heim, og dei har to napp i den noverande vandrepokalen.

På bakgrunn av dette er Terje Kojedal det ein kan kalla forsiktig optimist. Han fortel at dei trenar fast ein gong i veka, to gonger når det høver. Dei har stort sett same lag som før med litt utskifte av folk. Ny av året er den ikkje ukjende Thorstein Helstad. Helstad har spelt i Tippeligaen for Brann, Rosenborg og Lillestrøm. Han hadde størst scoringssuksess i Brann der han spelte 147 kampar og scora 89 mål. Han har 38 A-landskampar og har scora 10 mål med flagget på brystet.

Som tidlegare peikar Terje på det sosiale med ei slik turnering. Det å treffa mange gamle og nokre nye kjende er ein svært viktig faktor ved eit slikt arrangement. Han rosar oss som arrangør, noko me set stor pris på. Heile laget ser fram til nok ei fin helg i Lærdal.

Me ynskjer Ham-Kam vel møtt og lykke til!

Lars Einar Torsnes