Tilbake(skrå)blikk

Ein haustkveld i 1998 vart eg, midt i beste middagskvilen, vekt av telefonen. Roald Flodsand var på tråden. Han lurte på om eg kunne vera interessert i eit opplegg med litt fest og fotball. Svaret var gitt, det visste han. Han presenterte ein plan som kunne ta pusten frå nokon kvar. Etter å ha summa meg litt, sa eg at dette får du til, Roald.

Siste helga i januar var det klart for cup. Me kom til Gudvangen (dette var før Lærdaltunnelen kom) og fekk melding om at båten me skulle ta, hadde fått maskinhavari. I slik ei stund var Gudvangen Hotell ei trøyst i vinterkulda. Etter kvart entra me ein skyssbåt, eg hugsar ikkje namnet, der me sat stua i salongen som strilakoner på veg heim frå julehandel. Skipperen opplevde tidenes innkome der han selde pils utgått på dato til dobbel pris. For ordens skuld må det nemnast at dei fleste laga ikkje skulle i aksjon før laurdagen…

Vel framme i Lærdal vart me tekne i mot på kaien og viste til hotellet. Me fekk rom (og cola) og måtte skunda oss for å rekka bussen til Årdal. Det var ei grei todeling på den tida: fotball i Årdal og sosialt i Lærdal. Som dei solidarske kameratar me er, la me likevel ein del av det sosiale til Stova i Årdal laurdag føremiddag. Legendarisk plass som lever vidare i minnet.

Det sterkaste minnet frå den første turneringa er at alle såg ut til å ha ei voldsom gjensynsglede. Folk gjekk rundt og helsa på kvarandre heile helga. Som gamal sogndalstudent kjenner eg mykje folk langs Sognefjorden, og denne helga blei det reine «Husker du?» Eg traff Sigvard Skaar frå Dale, og me heldt straks fram med diskusjonen me hadde i 1983 om Bosjkarov sitt løp på 5000m i EM. Sportsleg fekk Sogndal sine veteranar revansj for tapet mot Brann i 76 i det dei vann 3-2 i finalen.

Seinare har turneringa vakse og blitt meir profesjonalisert. Damene kom med i 2002 til stor glede for alle unntatt ein surpomp som lova å aldri visa seg meir. Han heldt lovnaden, kven bryr seg? Veterancup har hatt internasjonal deltaking av vekslande format, danskane i 2007 var eit høgdepunkt. Elles har cupen vore ein flott arena for bymann og stril, proff og amatør i skjønn forening. Å koma frå 6. divisjon og få spela mot engelske proffar er ei oppleving å ha med seg. Som sa, aurlendingen: «Eg er ikkje sikker, men eg trur det er første gong at Aurland har slege Manchester United». Denne kommentaren kom eit par-tre timar etter kampslutt, men likevel…

Turneringa er blitt meir strigla og strukturert med åra, og det sosiale lever vidare. Eg snakkar med mange spelarar gjennom året, og alle framhevar det sosiale. Mange vennskap er knytt, og alle ser fram til denne helga. I denne samanhengen må eg nemna ettermiddagsseansen på puben i Lærdal. Dei timane kan ikkje beskrivast, dei må opplevast.

Ei stor takk til Roald som i 1998 kom på (nok ein) vill ide som han ikkje var redd for å setja ut i livet. Måtte Veterancup ha mange gode år framfor seg!

Lars Einar Torsnes