Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.

Stordal I.L. frå indre Sunnmøre er nok ein gammal travar i Veterancup. Dei har vore med heile vegen unntatt ein gong, og dei har bidratt med godt spel og gode resultat. Dei har vore i finalen i 50-klassen dei to siste åra, desse kampane enda med tap mot høvesvis Brann og Viking.

Primus motor Hallgeir Hove fortel at laget er i rute. Dei trenar ein gong i veka, og dei har målt krefter mot sitt eige 5. divisjonslag med siger som resultat. På bakgrunn av dette er Hallgeir & Co optimistar, noko dei er til vanleg også. Han fortel vidare at dei har slite litt med sjukdom og skader, men dei stiller uansett mannsterke.

Stordal og Veterancup er ikkje berre sjølve fotballen. Verksemda Stordal Møbel har i mange år gitt ein flott skinnstol til beste spelar i turneringa. Dette er me i leiinga svært takksame for. Det er raust gjort, og det er med på å gi oss eit kvalitetsstempel.

Me ynskjer Stordal velkomne til Veterancup nok ein gong!

Lars Einar Torsnes