Oppføringer av Lars Einar Torsnes

Puljeoppsetta er klare.

Puljene er no klare, kampoppsett er under arbeid. Me tek atterhald om mindre endringar.   Klasse Old Boys: Årdal FK, Skjergard, Sogndal, Lærdal pluss eitt lag til.   Klasse Old Girls: Sandviken, Nest-Sotra, Fana/Nymark, Kaupanger pluss eitt lag til.   Klasse Super Veteran Girls: Baune, Sandviken, Kaupanger, Eidsvåg.   Klasse Veteran Girls: Pulje 1: Kaupanger, […]

Ham-Kam er klar!

Ham-Kam er eitt av dei laga som har vore med flest gonger. Dei har vunne klasse V40 mange gonger, og dei har to napp i den pågåande pokalen etter å ha vunne i 2013 og 2014. Me har prata med Terje Kojedal.   Terje fortel at dei trenar jamnt og at dei i det siste […]

Send inn laglister!

Veterancup ber om at ansvarleg leiar for kvar klubb/kvart lag sender inn laglister snarast råd. Skriv gjerne litt om kvar spelar slik at me kan leggja ut info om ditt lag.   Lars Einar Torsnes

Landslagsklasse 2018 er ute.

Det vert diverre ikkje noko av klassa for landslag under årets jubileumsturnering. Etter hundrevis av telefonsamtalar, SMS og mailar, må cupgeneral Roald Flodsand kasta inn handkleet. Alt på våren 2017 starta Roald med å invitera fem landslag, og dette såg lenge ut til å gå i boks. Etter kvart som tida gjekk og cupen nærma […]

Melding frå premieansvarleg.

Dersom nokon av vinnarlaga tok vandrepokalen med seg heim etter førre turnering, MÅ dei hugsa å ta pokalen med tilbake til Lærdal no i 2018.   Lars Einar Torsnes

Fredrikstad er bankers!

Fredrikstad Fotballklubb har med rette vorte kalla aristokratane i norsk fotball. Også i Veterancup er klubben å rekna som ein aristokrat. Dei har vore med heile vegen med eitt unnatak då dei inngjekk partnarskap med Vålerenga. Fredrikstad stiller i V50, og primus motor Tom Espen Fingarsen melder om nokolunde same mannskap som før om åra. […]

Sogndal V50 er klare!

Sogndal er sjølvsagt mellom dei klubbane som deltek i Veterancup år etter år. I 2018 stiller dei tre herrelag og eitt damelag. Me har prata med to av superveternane, Lasse Opseth og Petter Melchior. Desse to karane herja med motstandarane på 80-talet. I seinare år har dei brukt fotballkreftene i indre Sogn midtvinters. Duoen fortel […]

Manglerud Star / Bærum klar for Veterancup.

Manglerud Star / Bærum er klare og dei har sendt oss nokre ord om seg sjølve. Dei har vore med før, og to av spelarane, Stig Claussen og Henrik Pedersen, var med og vann superveteran med Bærum i 2014. Fred Ivar Thanke og Henrik Pedersen har ei fortid i Bærum, Pedersen også frå gode Bryne-årgangar […]

Jondal er klare!

Jondal IL frå Hardanger er i år med for 17. gong. Me har snakka med primus motor Atle Sollesnes. Atle seier at dei stort sett har hatt ei fast stamme på 6-7 spelarar. Dette er karar som er fødde ca 1970, og dei spelte saman som gute- og juniorspelarar. Underteikna hugsar godt desse gode juniorårgangane […]

Godt nytt år!

Veterancup vil med dette ynskja alle eit godt nytt år og velkomne til kappestrid 26.-27. januar! Lars E.