Oppføringer av Lars Einar Torsnes

Sandviken – klar som alltid!

Sandviken og damefotball høyrer absolutt saman. Klubben var pionerar i jente-/kvinnefotballen på 70-talet, og har alltid vore å rekna med i toppen av norsk fotball på spinnesida. Me har prata med Mette Hammersland. Sandviken har vore med i Veterancup heile vegen, og dei stiller med same gjengen stort sett. Dei trenar fast og spelar lokal […]

Fredrikstad – aristokratane.

Fredrikstad fotballklubb vert med rette kalla aristokratane. Laget frå plankebyen har ni seriemeisterskap og elleve kongepokalar, den siste i 2006. Klubben har tre gonger vunne «The double». Me har hatt ein prat med Tom Espen Fingarsen. Tom fortel at dei førebur seg på vanleg måte til Veterancup. Dei trenar ein gong i veka, og dei […]

Nordnes I.L., klar som alltid!

Nordnes I.L. frå Bergen er ein av veteranane i Veterancup. Dei gule naboane til Akvariet har delteke i mange år med blanda sportslege resultat, men med stor innsats og ein del gode enkeltresultat. I fjor spelte dei 2-2 mot Viking som vann 50-klassen til slutt. Når det gjeld det sosiale, derimot, har Nordnes markert seg […]

Napp i vandrepokalar.

Dersom eit lag har eitt eller to napp i ein vandrepokal og seinare stiller som samarbeidslag, dreg dei nappet/nappa med seg. Døme: Bærum vann 50-klassen i 2014. I år stiller dei som Bærum/Manglerud Star. Dersom dette laget vinn 50-klassen, vil dei ha to napp i vandrepokalen. For Veterancup Lars Einar Torsnes

Julekalender – Takk for i år!

Takk for i år! Årets julekalender er vel i hamn. Me fekk tre vinnarar med fullt hus: Pål Erik Ytreeide, Arvid Huun og Kjell Rune Pedersen. I tillegg trekkjer me ut nokre premiar blant alle deltakarar som har levert minst fem svar. Premiane vert overleverte under Veterancup.   Lars Einar Torsnes, quizmaster.   Fasit luke […]

Veterancupens julekalender.

Veterancupens julekalender er tilbake. Me byr på spennande oppgåver og flotte premiar. Det vert vinnar- og deltakarpremiar levert av Hardanger Bestikk. Oppgåvene vert lagde ut kvar morgon, og svarfrist er ved midnatt same dag. Gårsdagens fasit vert lagd ut saman med ny oppgåve. Svar kan sendast til larseto@hotmail.com eller som SMS til 90881267. Hiv deg […]