Viking støttar bøsseaksjonen!

Viking, som vann 50-klassen i fjor, må finna seg i å vera blant favorittane i år også. I tillegg er dei arkitektane bak vår del av bøsseaksjonen der det blir samla inn pengar for at den kreftråka Jens Egil Vikanes skal få behandling i utlandet. Me har snakka med Ingve Bøe.

Ingve fortel at kronerullinga kom i stand på Haugalandet for nokre veker sidan. Det er oppretta konto og det er plassert ut bøsser på serveringsstader, bensinstasjonar og andre stader der folk ferdast i og rundt araberbyen. Under Veterancup vil det vera plassert bøsser i hallane og på Lærdal Hotel.

Når det gjeld det fotballmessige, så rapporterer Ingve at dei er i rute. Dei har eit bra lag som er mykje likt laget i fjor. Då vann dei over Stordal i finalen. Viking siktar no mot toppen i år også. Elles ser vikingane fram til nok ei kjekk turnering der sport og sosialt fellesskap går hand i hand.

For å gi pengar til aksjonen kan ein gjera fylgjande: betala i bøssene, betala til konto nr 3240 09 55416 eller til Vipps AbraCs venner + beløp.

Lars Einar Torsnes