Oppmoding frå turneringsleiinga!

Det stundar mot Veterancup, og det hadde vore kjekt om folk la ut litt om eigne lagoppstillingar.

Oppskrifta er som følgjande: Klikk på tittelen «påmelding». Skroll deretter nedover til du kjem til «laglister». Klikk på denne. Skriv så inn info.

 

Lars Einar Torsnes

Manchester United kjem til Veterancup 2016!

Gladmelding til alle fotballvenner: Manchester United er klare for Veterancup 2016. Dette vert stadfesta i kveld, sundag 10.1.

Manchester United har vore med i Veterancup fleire gonger. Dei var her sist for to år sidan, og me hugsar også 2013 då dei stilte med sunnfjordingen Jon Søgnen i mål. Dette var ei hending som kom ut i mange kanalar. Me har ikkje fått endeleg lag enno, men me har fått stadfesta gamle kjenningar som Clayton Blackmore og Frank Stapleton i tillegg til «ferskingen» Sammy Mcilroy. Nye namn vert kunngjorde så snart dei er klare. Følg med!

 

Lars Einar Torsnes

Aristokratane frå Plankebyen stiller sterkt!

Til liks med Ham Kam er Fredrikstad eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gonger minus ein. Den gongen «hospiterte» tre mann frå FFK med Vålerenga.

Tom Espen Fingarsen fortel om eit mannskap som no er klar til oppkøyring for Veterancup. Tre vekers oppkøyring multiplisert med 40 års rutine skulle vera solid grunnlag. Dei stiller med nokonlunde same lag som i fjor. I tillegg er dei forsterka med Arnfinn Moen og Espen Muggeby frå Vålerenga. På toppen av dette har dei med kjenningane Pekka og DJ Arnesen (Finn Erik). Sistnemnde lovar å syta for musikalsk stemning på Kvammes laurdag ettermiddag.

 

Når det gjeld sportslege ambisjonar, så seier Tom Espen at dei tek ein kamp om gongen og ser saka an. Der er mange gode lag i 50-klassen. Tom nemner i farten Strømmen, Sogndal og Brann før han plussar på med Viking og Bærum som vann for to år sidan. Når det gjeld sosiale ambisjonar, så er det å ha det GØY!

 

Uansett er Fredrikstad eit lag å rekna med i Veterancup. Me ynskjer vel møtt!

 

 

Lars Einar Torsnes

Ham-Kam, no også med erfaring frå glattisen!

Eit av våre mest trufaste deltakarlag er Ham-Kam. Laget frå Mjøsas breidd har vore med alle gongene med unnatak av eitt år då vrange vergudar var til hinder.

Terje Kojedal fortel om litt «rusk» og småskader, ikkje heilt uvanleg når det gjeld godt vaksne spelarar.  Han melder om god stemning i eit mannskap som er mykje likt det dei har stilt med dei seinare åra. Laget er forsterka med ishockeykeeperen Svein Harald Arnesen. Arnesen, som er frå Fredrikstad, har spelt hockey på toppnivå for Stjernen og Storhamar. Han spelte landskampar på 90-talet, og han har tre kongepokalar. Kan han toppa karrieren med å vinna Veterancup 2016?

 

Når det gjeld ambisjonar, så fortel Terje at dei tek ein kamp om gongen, men at dei sjølvsagt går for siger i kvar kamp. Gjengen frå Hedemarken gler seg til nok ein veterancup. Dei seier, som så mange andre, at det går jo an å vinna banketten om fotballen går skeis. Eller kanskje dei går for ein Ole Brumm: «Ja takk, begge deler!»

 

Me ynskjer Ham Kam vel møtt til nok ein Veterancup.

 

 

Lars Einar Torsnes

Tilrettelegging av kampoppsett

Er det nokre lag som har nokre spesielle forespørslar til kampopppsettet må det vera sendt til ansvarleg for kampoppsett Ove Kristian på ovekristian1@gmail.com innan tirsdag 12/1 – 16

Dette kan vere ting som f.eks.

  • Lag som helst må spele i same hall
  • At de ikkje er på plass til turneringen startar

Det som eg får på mail innan den dato skal eg prøva so godt eg kan til å ta få til.

Sjølv om forespørslane blir sendt innanfor fristen vil ikkje det garantere at det går i orden, sidan det er mykje ein må ta hensyn til når det gjeld oppsettet.

Godt nytt år!

Da har vi gått inn i 2016 og Veterancup ønskjer med dette alle våre fotballvenner eit riktig godt nytt år. No er det ikkje mange vekene igjen til vi møtes for ei innhaldsrik helg med mykje god fotball og festlegheiter.

Har de enda ikkje meldt på lag så er det framleis ikkje for seint.

All overnatting i Lærdal

Det har no blitt avklara at alle lag som treng overnatting får dette i Lærdal.Dersom laget ditt ikkje har booka overnatting enda kan dette gjerast via Overnatting

Veterancupens julekalender

Veterancupens julekalender er atter komen til endes. Me har kåra tre vinnarar som alle hadde fullt hus: Terje Hovdenakk, Kjell Rune Pedersen og Pål Erik Ytreeide. Desse får kvar sin vinnarpremie som blir delt ut på banketten under Veterancup 2016. I tillegg vert det trekt ut deltakarpremiar. Namn på desse vinnarane vert kunngjort under Veterancup.

 

Premiane er, i år som i fjor, leverte av Hardanger Bestikk.

 

Me takkar for god og sporty deltaking!

 

Fasit luke 24: Neil Mac Leod (1982, matchvinnar med «feil» fot!), Robbie Winters (2004) og Zsolt Korscmar (2011).

 

Lars Einar Torsnes

-quizmaster-

70000 til aldersbestemt fotball

 utdeling_av_midlar_fra_veterancupen

Kvart år deler Veterancup ut deler av overskotet til fotballspelande born i Lærdal, Aurland og Årdal.

I år har klubbane motteke 70000. Veterancup er avhengig av klubbane som bidreg med mange dugnadstimar i forbindelse med turneringa kvart år.

Klubbane var representert ved Bjørn Øvstetun (Jotun), Jan Tore Stølen (Lærdal), Trond Mjøs (Aurland) samt ungar frå laga i forbindelse med overrekking av sjekken.

Til Porten.no seier Jan Tore Stølen: – Dette er veldig viktige kroner og noko me er avhengig av på lik line med andre inntekter. Alt som kjem inn er positivt, og det er det behov for. Me har og skal ha fokus på ungane slik at dei får eit tilbod og skikkeleg utstyr.

Summen blir delt etter nøkkel 40-20-10 etter kor tungt klubbane er involvert i arrangementet. Laga er også ansvarleg for kiosksalet i dei ulike hallane og har såleis ei inntekt frå dette.

– Me brukar pengane til det me treng. Det er både til utstyr, ballar og til reise sjølvsagt. Skal ein på turneringar, treng ein ekstra mykje midlar, og då må ein driva dugnad og flaskepanting. Den summen me får inn er eit godt tilskot, fortel Mjøs.

Les meir om overrekkinga på Porten.no

 

Foto: Truls Grane Sylvarnes/Porten.no

Bussrute til og frå Veterancup 2016

 

 

Veterancupen  vil i år ha to bussar som går frå Bergen til Lærdal tur retur denne helga. Me håpar at så mange som muleg nyttar dette tilbodet.

Frå Bergen til Lærdal fredag 29. januar:

Buss nr 1 går frå Flesland kl. 09.30, frå Nesttun kl. 09.45, frå Bystasjonen kl. 10.00.

Buss nr 2 går frå Flesland kl. 10.30, frå Nesttun kl. 10.45 (NB! ikkje om Bystasjonen)

Frå Lærdal til Bergen Søndag 31. januar:    

Begge bussane går tilbake til Bergen kl. 10.30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er  kr. 650,- tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vera med ein av bussane, ber me om at de tingar plass hjå transportansvarleg, 

Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Busstidene kan bli endra. Sjekk heimesida !

Frist for å tinga plass på buss er fredag 15. januar

Betaling:

Me ber om betaling til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med busstransport, klubb og antal personar de betalar for.