Aristokratane frå Plankebyen stiller sterkt!

Til liks med Ham Kam er Fredrikstad eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gonger minus ein. Den gongen «hospiterte» tre mann frå FFK med Vålerenga.

Tom Espen Fingarsen fortel om eit mannskap som no er klar til oppkøyring for Veterancup. Tre vekers oppkøyring multiplisert med 40 års rutine skulle vera solid grunnlag. Dei stiller med nokonlunde same lag som i fjor. I tillegg er dei forsterka med Arnfinn Moen og Espen Muggeby frå Vålerenga. På toppen av dette har dei med kjenningane Pekka og DJ Arnesen (Finn Erik). Sistnemnde lovar å syta for musikalsk stemning på Kvammes laurdag ettermiddag.

 

Når det gjeld sportslege ambisjonar, så seier Tom Espen at dei tek ein kamp om gongen og ser saka an. Der er mange gode lag i 50-klassen. Tom nemner i farten Strømmen, Sogndal og Brann før han plussar på med Viking og Bærum som vann for to år sidan. Når det gjeld sosiale ambisjonar, så er det å ha det GØY!

 

Uansett er Fredrikstad eit lag å rekna med i Veterancup. Me ynskjer vel møtt!

 

 

Lars Einar Torsnes