Påmelding Veterancup 2016

Torsdag 1. oktober opnar me for påmelding til Veterancup 2016!

Veterancup 2016 spelast fredag 29. januar og laurdag 30. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran eller veteran 50+. På damesida er det klasse for old girls og veteran girls. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle iløpet av kalenderåret 2016, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Påmelding:

  • rett klasse
  • storleik på t-skjorter (kan korrigerast fram til 10.12.2015)
  • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
  • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

Sjå ‘påmelding’, ‘laglister’.

  • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘kontakt oss’)
  • Booking/betaling av overnatting og/eller bankett skjer direkte til Lærdal hotell (max 9 plassar per lag):  okn@lerdalhotel.no  (sjå ‘Innkvartering’)

Lag som deltok i Veterancup 2015 har rangen dersom laget er påmeldt innan 31.oktober d.å. Frå 1. november vil nye lag få ledige/utvida plassar.

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!

Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2016

Vinnar i Oldboys – Førde IL

Førde Oldboys 2015 red

Årets vinnarar i Oldboys klassen vart Førde IL. For fjerde året på rad.

Ingen andre lag har 4 på rad på den 17 år lange perioden den har blitt spelt. I ein spennande finale mot Fjøra vant Førde 4-3 etter scoring av Benny Rivedal i ekstraomgang med «sudden death».

Laget bestod av: Rune Førde, Kai Kilnes, Ole Henrik Gulliksen , Per Konrad Venås , Benny Rivedal  og Henrik Myklebust.

Her er resultatet for Veterancupen 2015

Klasse Old Girls:

Vinnar: Nymark

Beste spelar: Hege Flyum, Nymark (Hardangerbestikk)

Klasse Old Boys:

Vinnar: Førde

Beste spelar: Henrik Salveson, Fjøra (Hardangerbestikk)

Klasse Veteran, damer:

Vinnar: Follese

Beste spelar: Janniche Juvik, Follese (Hardangerbestikk)

Klasse Veteran, herrer:

Vinnar: Vålerenga

Beste spelar: Espen «Musa» Musæus, Vålerenga (Turneringens beste, Hardangerbestikk og stol fra Stordal Møbler, verdi ca. kr.20000,-.)

Klasse Superveteran, 50+:

Vinnar: Brann

Beste spelar: Håkon Østevold, Brann (Hardangerbestikk)

Kampoppsett med dommarar

Kampoppsett

Her er endeleg kampoppsett med dommarar.

Kampoppsett med dommarar Kampoppsett med dommarar

Klar for Veterancup

Veterancup stab 2015

Denne gjengen er klar for helgas Veterancup. Er du?test

Gjere comeback på Brann

Robbie Winters

Robbie Winters gjere comeback på Brann under årets Veteranturnering.
Dette skjer 30. – 31. januar i forbindelse med den tradisjonsrike turneringa i Lærdal, Årdal og Aurland. Det er Cato Guntveit som har fått overtalt Robbie til å dra på seg Brann-drakta igjen.

Guntveit seier til BA at han er godt nøgd med å få med Robbie på laget:

– Det blir morsomt å se Robbie i Brann-drakt igjen, men han får ikke draktnummer 77. De laget ikke drakter med det på meg, slår Guntveit fast. Han har også fått med seg Trond Egil Soltvedt og Fana-trenar Rune Vindheim til turneringa.

Robbie Winters spelar framleis på amatørnivå i klubben Rossvale frå Glasgow.

– Jeg scoret to mål i debuten, og har spilt 15 kamper for dem denne sesongen. Det har blitt over ti mål, så det går noenlunde bra, forteller den tidligere Brann-spissen.

Han hadde også tilbod om å trena med klubbar i det profesjonelle divisjonssystemet, men var ikkje heilt klar for dette.

– Dette gjør jeg ikke for penger, men fordi jeg syns det er gøy. Det er mange unge spillere på laget, og de holder meg ung. Så trenger jeg ikke trene like mye heller, røper Winters lattermildt til BA.

Har du lyst og sjå Robbie Winters i Brann-drakt igjen? Ta turen til Aurland (fredag) og Lærdal (laurdag) der Brann skal spele sine kampar.

Hardanger Bestikk – ein ny samarbeidspartner

Hardanger bestikk

Som tidlegare omtalt, så held Stordal Møbel fram med å sponsa premie til Veterancup sin beste spelar. Til dei andre premiegruppene har me i år ein ny sponsor, Hardanger Bestikk.

Hardanger Bestikk vart grunnlagt i Kinsarvik i 1958 av Odd Leikvoll, far til dagens daglege leiar, Rune Leikvoll. Hardanger Bestikk er den største industriverksemda i Ullensvang herad med 48 personar på lønningslista. Dei er Skandinavias største produsent av bestikk i rustfritt stål og har heile verda som marknad. Dei brukar prisbelønna designerar, og produkta har hausta prisar mange stader.

Dagleg leiar Rune Leikvoll er fotballentusiast på sin hals. Han er Manchester United-supporter, nok eit kvalitetsteikn (red.anm.). Han er også engasjert i lokalfotballen som trenar og tidlegare spelar. Han kjende litt til cupen frå før, og me er svært takksame for å ha verksemda hans med på laget!

 

Lars Einar Torsnes

Stordal – ei bygd med lange tradisjonar i Veterancup

Mads Brandstorp Ham Kam BS-2014

Stordal I.L. er ein av gjengangarane i Veterancup. Dei  har opp gjennom åra vore med i alle herreklassane, og  det (førebels) sportslege høgdepunktet kom i 2002 med siger i old boys. Dei har også vore i fleire finalar.

I aktiv herrefotball held Stordal til i 5. divisjon på Sunnmøre med ein 4. plass i 2014 som ferskaste resultat. Stordal er alltid ein outsider å sjå opp for i Veterancup. Me må i same slengen nemna at Stordal I.L. driv allsidig der me bit oss merke i mange gode alpinresultat på landsplan.

Stordal Møbel er viktigaste industriverksemda i kommunen. Dei har i mange år vore ein svært god støttespelar for Veterancup med sponsinga av skinnstolen til turneringa sin beste spelar. Det er ein pris som heng høgt blant spelarane. Takk for flott støtte! Stordal Møbel vart grunnlagt i 1932, og har såleis i over 80 år laga møblar av høg kvalitet. Dei har om lag 20 tilsette.

Stordal kommune ligg ved Storfjorden på Sunnmøre. Kommunen har litt over tusen innbyggjarar, og jordbruk og møbelindustri er viktigaste næringsvegane. Me kan nemna at ordførar Charles Tøsse er ivrig deltakar i Veterancup.

Me ynskjer Stordal I.L. velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes

Try I.L. – nok ein nykomar i Veterancup

Som alle andre arrangement treng også Veterancup rekruttering med åra. I dag er turen komen til Try I.L. frå Oslo. Me har prata med Gregor Holsve.

Gregor fortel at Try I.L. vart skipa for noko over 100 år sidan i området rundt Tryvann. Ski var den store idretten frå starten av, fotball kom etter kvart. Etter nokre år i dvale vart klubben driven i gang att for om lag 10 år sidan. Dei driv berre med aldersbestemt fotball opp til ca 14 år, og klubben samarbeider med naboklubbar som Heming, Ready og Røa.

Veteranlaget er sett saman av ein gjeng som trenar klubbens yngre lag, i tillegg har dei med kompisar frå ulike deler av Oslo. Dei trenar to gonger for veka, og dei spelar serie, 7-er 2. div. i Oslo. Dei kom over Veterancup via jungeltelegrafen.

Når det gjeld ambisjonar i cupen, så seier Gregor at dei vil prøva seg fram. Dei vil testa nivået og prøva å få fleire sigrar enn tap. Det er kjekt med fotball, og dei ser Veterancup som ein fin arena til sosialt samvere med gamle og nye kjende.

Me ynskjer Try I.L. velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes.

Oversikt over innkvatering for laga

Lærdal hotell 1

Då har me også i år fått lagt innkvarteringskabalen, og nedafor kan de sjå kvar laget dykkar skal bu.Praktiske opplysingar:

Alle sjekkar inn på LÆRDAL HOTELL for utlevering av nyklar, matkupongar for middag fredag og turneringsdrakter.

 

Alle inkluderte måltid føregår på Lærdal Hotel til fylgjande tider:

 

Middag fredag,        kl. 18.00 – kl. 23.00

Frukost Laurdag,     kl. 07.00 – kl. 10.00

Bankett Laurdag,     kl. 19.30 – PRESIS, OG MED PENT ANTREKK.

Frukost Sundag,      kl. 08.00 – kl. 11.00

 

Lunch fredag og laurdag er ikkje inkludert, men kan kjøpast på Lærdal Hotel eller på Kvammes i Gamlegata.

 

 

OBS, OBS: VI TEK ATTERHALD OM ENDRING I INNKVARTERINGSPLANEN HEILT FRAM TIL ANKOMSTDAG.

 

 

Vel møtt !!

LÆRDAL HOTEL
LEEDS ARNA BJØRNAR OG
BRANN SK VH Baune
BRANN Super Jondal
VIKING SANDVIKEN IL – VD
VIKING Kaupanger Arr + Fysio
VÅLERENGA – VH Kaupanger VD
FREDRIKSTAD KLEPP IL
HAM KAM Stordal IL
Dale IL – 50+ Follese FK – VD
Dale VH Førde OB
Fitjar IL – damer Førde veteran
Fitjar IL Fjøra Old Boys
Fitjar IL 50 +, Renate Walle
Madla I.L. Midsund
Stord Nest Sotra
Stryn Il Høyang
Strømmen IF Gaular
ARNA BJØRNAR VD Vik
Hotel Grandane
Skjergard IL VH Eidsvåg IL
IL Skjergard OB Bergen Nord FK 50+
Try VD Bergen Nord FK VH
Fana goldies Nordnes
Nymark IL
Lærdal Ferie & fritid / Camping
Bærum Sportsklubb Rubb IL – VH
SOGNDAL VH / Asle Hillestad Rubb IL – 50+