Kampoppsett – Oppdatert

Kamp Tid Heime Borte Klasse Pulje
           
301 17:00 Viking Årdal FK VE VE2
302 17:15 Sogndal Dale VE VE2
303 17:30 Viking Fitjar SV SV3
304 17:45 Fitjar Viking VE VE2
305 18:00 Årdal FK Sogndal VE VE2

Foreløpig kampoppsett er no lagt ut.Me gjer merksam på at det kan komme endringar og nye versjonar vil bli lagt ut i denne saka.

Kampoppsett v6 Kampoppsett v6

Puljeoppsett: Veteran

VE1 VE2
Brann Viking
Vega Årdal FK
Bergen Nord Sogndal
Jondal Dale
Vossaalliansen Fitjar
Rubb  

Da kan me avsløra dei to siste puljene i årets veteranklasse.

Puljeoppsett: Veteran

VE3
Ham Kam
Stord
Luster
Gaular
Try IL

Desse laga finn vi i pulje 3 Veteran.

Puljeoppsett: Veteran

VE4
VIF
Stryn
Skjergard
Førde
Høyang
Fjøra

Vi kjem dei neste dagane til å publisere dei ulike puljene i veteranklassen. Først ut er pulje 4.

Vega I.L. – eit nytt skot på stammen i Veterancup

Vega I.L. er eit nytt tilskot blant delatakarane i Veterancup. Dei deltek i veteran 40. Me har hatt ein prat med primus motor Frank Nilssen.

Vega I.L. er ikkje berre nye i Veterancup, dei er samstundes det første laget frå Nordland som er med. Dei vart tipsa om cupen av sambygdingen Hugo Hansen, tidlegare Bryne-spelar som i år deltek i Veterancup for Viking.  Laget er sett saman av folk frå Vega, men dei bur noko spreidd kringom i fedrelandet. Dei har også eit lag, Vegakameratene, som er heilt i norgestoppen i aktiv Futsal. Vega I.L. spelar til dagleg i 5. divisjon, men dei har stort sett halde til eit hakk eller to høgare oppe.

Når det gjeld ambisjonar for cupen er dei noko usikre, men dei satsar på å vinna fleire kampar enn dei taper. Uansett så seier Frank at det sosiale med ein liten fest og ein stilig bankett er det viktigaste med slike turneringar. Det er kanskje dei fleste samde i?

Me ynskjer uansett Vega velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes

Intervjuet: Ingeborg Hovland – Klepp

Les Ingeborg sine tankar i forkant av Veterancup 2015.

Kva heiter du og kor held du til i det daglege?

Ingeborg Hovland og jeg bor i Oslo.

Kva lag spelar du for under veterancup 2015?

Klepp.

Kva klasse deltek de i?

Veteran Dame.

Kan du seie noko om spelarane på laget – kva lag har dei spela for i serien tidlegare år?

Alle spillerne på laget stammer fra cupfinalelaget i 1989. Dvs. at vi nettopp (oktober 2014) hadde 25 års jubileum som Norgesmestere. Hipp Hurra. Ingen av oss spiller i serie til daglig lenger.

Kva veterancup-deltaking huksar de best, og kvifor?

Vi har vært med i mange år og det er vanskelig å skille årene ifra hverandre. Både fotballmessig og sosialt. Selv om det er enkelthendelser på det sosiale planet som huskes veldig godt, men som ikke skal nevnes her…… Ellers var det veldig spesielt å komme opp til Lærdal i fjor, rett etter den katastrofale brannen og se skadene brannen hadde forårsaket. Det sitter selvfølgelig i en stund.

                             

Kva ambisjonar har de for 2015-cupen – blir de å sjå i finalespel?

Vi håper alltid på å få spille flest mulig kamper og komme lengst mulig, men stallen i år er veldig tynn, så vi får se hvor langt det rekker.

Kven tenker du er dei tøffaste konkurrentane i kampen om gullet?

Follese og Kaupanger.

 

Tusen takk!

 

Velkomne til Veterancup 2015!

Puljeoppsett: Superveteran

 

SV1 SV2 SV3
Aurland Strømmen Viking
Utanlandsk lag Bærum Fitjar
Rubb Madla Sogndal
Brann Stordal Dale
Bergen Nord Nordnes Fredrikstad

Neste klasse ut er Superveteran. 

Førde – tittelforsvarar i Old boys

Førde old boys

Førde har dei siste tre åra laga «hat trick» i old boys-klassen. Dei må såleis reknast mellom favorittane også i år. Me har prata med Rune Førde.

Me når Rune på telefonen i det dei har lagt bak seg nok ei trening.  Dei trenar to gonger i veka, og kampformen blir pleia med deltaking i diverse cupar, t.d. i romjula. Dei spelar ikkje fast i nokon serie. Uansett så seier Rune at det sosiale er viktigast. For å bidra til den kulturelle biten under Veterancup, har Stig Hafstad etter sigende øvd inn nokre nye stev. Underteikna er oppriktig interessert i folkemusikk, eg håpar at eg blir invitert til konsert.

Førde stiller med om lag same tropp i år som i fjor, og dei går sjølvsagt inn for å forsvara fjorårets tittel. Det går rykte om at dei ladar opp med spelet «4 på rad».

Rune vil på vegner av spelarane gje ros til alle deler av arrangementet; hotellet med god mat, god musikk og god stemning, arrangørane som held dette i gang og dommarane som gjer ein framifrå jobb!

Me takkar for praten og ser fram til gode prestasjonar både med ball og songstemme!

 

Lars Einar Torsnes.

Puljeoppsett: Veteran Girls

 

VG1 VG2
Sandviken Sogndal
Klepp Eidsvåg
Kaupanger Arna Bjørnar
Baune Follese

Neste pulje ut er Veteran Girls.

Veteran 50: Fjorårsvinnar Bærum er klar!

Bærum 50+

Eit av dei mest trufaste laga i Veterancup er Bærum Sportsklubb. Dei er med for 15. gong, i år som tittelforsvarar i V50. Me har prata med Henrik Pedersen.

Henrik fortel at spelarane på Bærum veteran 50 er spreidde litt rundt omkring, og dei spelar for ulike klubbar gjennom sesongen.  Veterancup er såleis eit flott høve til å samla gutta boys til årets happening. Henrik har berre godt å seia om veterancupen, det sosiale er klart det viktigaste, sjølv om det naturlegvis er gjevt å ta pokalen med heim.

Henrik avslører med sin jærdialekt at han ikkje berre har spelt fotball i Bærum. Han er frå Bryne, og han var med på jærbuane si første storheitstid på 70-talet saman med karar som Geir Herrem, Asgeir Kleppa og Gabriel Høyland.

Når det gjeld årets ambisjonar, så kan Henrik melda om nokre skader i troppen.  Dei går litt forsiktig ut på førehand, men me mistenkjer dei for å prøva å gå under radaren og dukka opp når det gjeld som mest.

Me takkar for praten og ynskjer vel møtt!

Lars Einar Torsnes.