Veterancup-quiz i samarbeid med Vivendi!

 Veterancup skipar til quiz i samarbeid med butikken Vivendi i Lærdal.

Quizen er no lagt ut, sjå nedanfor. I tillegg vil quizen vera tilgjengleg i papirformat på Lærdal Hotell og i hallane. Det blir ein «12 rette-quiz» med varierte spørsmål. Premiane er tre gåvekort a kr 1000,- frå Vivendi AS, Lærdal. Leveringsinfo står på oppgåvearket.

 Vivendi logo

Butikken Vivendi AS ligg på Øyraplassen i Lærdal sentrum. Dei har kle- og interiørbutikk, frisør og kafe i butikk. Vivendi tilbyr 20 % rabatt på alle varer under Veterancup, dette gjeld for ALLE som er knytte til turneringa; spelarar, leiarar, dommarar og funksjonærar. Ta med info frå Vivendi (blir delt ut til alle lag) som «legitimasjon». Les meir om butikken her: https://www.facebook.com/vivendilaerdal

Vivendi butikk

Frist for levering av svar er LAURDAG 30.1. kl 12.00. Viser elles til oppgåvearket. Fasit og vinnarar blir lagt ut straks etter trekning. Vinnarane blir kontakta direkte pr telefon. Last ned oppgåvearket og send svara som vedlegg til larseto@hotmail.com NB! EITT forsøk pr deltakar!

Quizspørsmåla finn de i dokumentet nedanfor.

Veterancupens 12 rette 2016 Veterancupens 12 rette 2016

 

Lars Einar Torsnes

-quizmaster-

Gruppeoppsett SuperVeteran og Veteran

SuperVeteran

 

 

 

Veteran

 

———————————————-

Vil du vera keeper for Manchester United?

Manchester United er klar for Veterancup 2016, og som fleire gonger før, kan det vera sjanse til å stå i mål for dei raude djevlane.

Fire namn er no bekrefta for United: Frank Stapleton, Neil Webb, Viv Anderson, Arthur Albiston. Gjestespelar Chris Whyte( Leeds, Arsenal)Det er kanskje DU som får høve til å vera keeper for denne flotte gjengen!

 

Kven er DU? Du er keeper fødd i 1971 eller tidlegare, du har spelt på eit rimeleg høgt nivå og du er i god fysisk form. Det er ikkje noko vilkår at du er United-fan (men det er heller ikkje noko minus, sidan folk med greie på fotball held med The Red Devils) (red.anm.).

 

Fyller du desse enkle krava, og har du lyst på ei flott fotballoppleving, ta kontakt med turneringsleiar Roald Flodsand, post@hardangerfjordvegen.com

 

Sjå også artikkel om saka på united.no

 

 

Lars Einar Torsnes

Siste nytt frå Sandviken Old Girls

Vi har fått ein liten statusrapport frå Renate i Sandviken Old Girls.I år stiller vi med «2» generasjoner Sandviken jenter. The New gang og 3 ringrever.

Tror de fleste er i rute, undertegnede er det ikke 😉 alle trener på en eller annen måte, det ligger nok i blodet. Eldste mann i flokken spiller fremdeles aktivt i en alder av 46, imponerende. Andre cuper blir det ikke, kroppen tåler bare en og det blir Lærdal. Favoritter til å stikke av med den store pokalen står mellom Kaupanger og Nymark, men vi skal gjøre vårt beste slik at de må jobbe for seieren. Banketten rocker Sandviken alltid, det har vi tenkt å gjøre i år også.

Gleder meg til å treffe igjen alle de kjekke menneskene man kjente og de man har blitt kjent med de siste årene. Ett Sandvikshurra…

Vi sees

Renate

Sandviken old girls

Gruppeopsett for Old Girls og Veteran Girls

gruppeoppsett og

 

gruppeopsett vg

 

 

———————————————————

Byen e Bergen og laget e Brann!

Fjorårsvinnaren i V50, Brann, er alltid å rekna med i Veterancup. Me har prata med Kjell Rune Pedersen.

Kjellien fortel at dei er godt i gang med oppkøyring of finpuss av forma. Dei har drive ulike former for trening, og sist helg var dei med i Vadmyra sin Gubbeturnering der dei slo Nordnes 3-1 i finalen. Brann stiller med mange gamle kjenningar, t.d. Neil Mc Leod, Terje Hovdenakk, Ingvar Dalhaug og Kjellien sjølv. Sjå elles under påmelding, klikk på Brann under 50+.

Når det gjeld ambisjonar, så vil ikkje Kjellien seia noko konkret om det sportslege. Dei tek ein kamp om gongen og ser kor langt det rekk. Når det gjeld det sosiale, derimot, er han klar: ha det mest mulig gøy under årets happening. På vegner av alle i Brann vil Kjellien retta ei takk til alle ledd hos arrangøren og takka for denne fine sjansen til å utfalda seg på parkett og bankett.

 

Me ynskjer Brann velkomne til cup!

 

 

Lars Einar Torsnes

Bussinfo 2016

Det er endå ledige plassar frå/ til Bergen! Veterancup har to bussar som går frå Bergen til Lærdal denne helga, og vi håpar at mange som mulig vel å fylgje ein av bussane våre.  

 

Frå Bergen til Lærdal fredag 29. januar:

 

Begge bussane går frå Flesland kl. 09.30, frå Nesttun kl. 09.45, og frå Bystasjonen kl. 10.00.

Den eine bussen går direkte frå Flesland til Lærdal (ikkje om Bystasjonen og Åsane)

 

Frå Lærdal til Bergen Søndag 31. januar:

Begge bussane går tilbake til Bergen kl. 10.30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person, tur- retur Bergen og inkludert interntransport i helga, kr. 650,-  

Dersom de ynskjer å vere med ein av bussane, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg, 

Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida.

Betaling:

Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for. 

Midsund Old Girls er klare

Midsund Old Girls har sendt oss følgjande oppdatering i forkant av årets Veterancup. 

Godt Nytt år, veterancup-venner

Midsund Old Girls er ein samansveisa gjeng både på- og utanfor bana. Vi spelar 7’ar serie, og nokre av oss har spela ilag i 25 år. Med unntak av 2013 har vi vore glade deltakarar på Veterancup sidan 2007. Til årets happening stiller vi med nøyaktig same lag som i fjor, og er no komne opp alderen 35 – 49 år. Vi som har bikka 40 lengtar sårt etter å spele i veteranklassen då me trur det kunne passe oss best(!), men er belemra med 2-3 ung-møer og må nok vente nokre år til….. 

Med varierande treningsgrunnlag legg vi no opp det vi meiner er ei knallhard oppkjøring med heile 1 fellestrening i veka. Har allereie hatt to treningsøkter etter nyttår, samt ein aldri så liten fest ut i dei små nattetimar. Det vil jo sei at vi kan bli fryktelig oppegåande i Lærdal. Vi føler vi er i siget her altså, og ambisjonen er å ta oss til semifinale,  som i fjor om eg hugsar rett. Og då kan jo alt skje. Eg hadde Kaupanger som favoritt i fjor, men meiner det var Nymark som fekk med seg pokalen. Me får tru det blir spanande i år, og at med bidrar i så måte.

No er det berre knappe tre veker igjen til Veterancup,  årets fotballhøgdepunkt for nokre durkdrevne damer frå Romsdalskysten. Vi i Midsund Old Girls gler oss til å treffe gamle- og nye konkurrentar på parketten, og ikkje minst på banketten. Og vi gler oss kanskje aller mest til ‘mellomspelet’, som i fjor var all-sang på rommet med gjesteartistar som Frithjof Wilborn og Erik Ræstad. Gøy, gøy, gøy!!!!

Midsundgjengen ønskjer arrangøren lykke til og håper at også årets cup blir ein suksess, på alle måtar!

Sogndal Old Boys med skumle hensikter!

Sogndal stiller i år med eit «nytt» lag i Veterancupen sin old boys klasse. Me har prata med Tommy Øren.

Tommy fortel at dei melde seg på i Veterancup då dette er eit fint høve til å treffa att gjengen som spelte saman for ein del år sidan. Cupen har eit godt rykte, både sportsleg og sosialt, noko mange lag kan seia seg samde i.

 

Når me ser på lagoppstillinga til Sogndal old boys, så finn me mange kjende namn. Me finn m.a. 3/4 av den berømte 80-årgangen. Berre Rune Bolseth manglar, han spelar som kjent i Tippeligaen enno. Vidare finn me måløyværingen Kjetil Holvik. han var i Rosenborg i ung alder og kom seinare til Sogndal. Laget stiller også med ultralokale karar som Terje Flugheim, Eirik Hillestad og Henrik Salvseon. Sistnemnde vart i fjor kåra til bestemann i old boys-klassen, då som Fjøra-spelar.

 

Når det gjeld ambisjonar, så har ikkje denne old boys-gjengen lagt lista heilt på plass enno, men dei går sjølvsagt for siger når kampen er i gang! Med eit så sterkt lag må dei kanskje finna seg i eit aldri så lite favorittstempel?

 

Me ynskjer Sogndal old boys velkomne til Veterancup. Det er godt å få ettervekst frå toppklubbar som SIL!

 

 

Lars Einar Torsnes

Klepp skal bli vanskelege å slå

Damene i Klepp er klare for ein ny runde på parketten under årets Veterancup. Redaksjonen har motteke følgjande:

– Me har i år med oss to nye spelarar som begge har spelt for Klepp før i tida. Elles er me dei same som har vore med i alle år.

Me er i rute, prøver å ikkje trena alt for mykje slik at me kan tikka inn matchformen til siste helga i januar. Cupar i forkant held med oss unna, må unngå skadar. Me gler oss sjølvsagt stort til helga i Lærdal. Alltid kjekt å treffa igjen vener og kjente. Me kjem til å bita frå oss så godt me kan på banen og bidra til ei sosial kjekk helg. Som favoritt til gjevaste pokal vil eg tru Follese står sterkt som alltid, men me skal lova at dei skal få motstand!

 

Lukke til med arrangementet!

Helsing Klepp IL