Resultat frå Veterancup 2016

Da er nok ein ny vellukka Veterancup unnagjort sjølv om vi sleit både med dårleg ver og straumbrot.

Resultata vart:

Old Girls: Sandviken – Kaupanger 0-2

Veteran Girls: Sogndal – Follese 1-0

Old Boys: Sogndal – Kaupanger 5-2

Veteran: Vålerenga – Brann 5-9

50+: Stordal – Viking 1-4

Vandrepokalar som skal vinnast 3 gonger – sponsa av Rolf Jerving.
Beste spelar klassevis

Old Girls: Jori Skorve, Kaupanger

Veteran Girls: Hilde Ellingsen, Sogndal (+ totalvinnar)

Old Boys: Henrik Salveson, Sogndal

Veteran: Cato Guntveit, Brann

50+: Stig Klungtveit, Viking

Totalvinnar: Hilde Ellingsen (stol frå Stordal Møbel).

Alle vinnarane fekk premie frå Hardanger Bestikk

Hilde Ellingsen vinnar 2016

 

 

 

 

 

 

 

Det nærmar seg avspark

No nærmar det seg avspark for årets Veterancup. Både spelarar og arrangørar er klare.I kjent stil så har Moder Natur valgt å sette sitt preg på årets Veterancup. Uværet Tor er på veg, men vi håpar at alle spelarar kjem seg trygt fram til parketten og ikkje minst banketten.

Veterancup har fått sponsa leigebilar som skal frakte spelarane til Lærdal. Her ønskjer vi å takke både Berge & Co AS og Toyota Sogn AS.

I tillegg har Lerum sponsa ei rekke varer som kjem rett frå produksjonslinja. Her snakkar vi både saft, syltetøy og mykje anna godt.

Vel møtt til ei innhaldsrik helg.

Endeleg kampoppsett

Berre timar igjen til årets Veterancup blir sparka i gang. Me minner på sist oppdaterte kampoppsett som ein finn her.Kampoppsett: Kampoppsett v4 Kampoppsett v4

Kampoppsett oppdatert

Vedlagt finn de oppdatert kampoppsett.

Kampoppsett: Kampoppsett v4 Kampoppsett v4

Kaupanger Young Girls klar for Veterancup

Til Veterancup 2016 har vi gått frå å ha kamp om plassane, til å oppleve eit enormt fråfall på damesida. Heile 5 av dei påmelde laga har i tur og orden meldt om at dei ikkje klarer å stille lag.

Fram til nyleg har det vore jobba mot nye klubbar, men tidsfristen blir for kort for dei fleste, når det blir så tett innpå cupen.

Denne veka var vi i kontakt med unge rekrutt-jenter hjå Kaupanger Damefotball, og tøffe som dei er, dei tek oppfordringa på strak arm!

Med dette laget på plass, vil alle lag i old girls-klassen få likt tal kampar i innleiande rundar. I pulja med Kaupanger Young Girls, vil ikkje resultata mot dette laget telje, ein tek ikkje med seg poeng frå kampane, og laget går ikkje vidare til sluttspel. Dette på grunn av at dei ikkje fyller alders-kriteriet.

Svært sporty av gjort av dei unge damene! Ta vèl imot dei!

Endringar på laglister

No i forkant av turneringa kan det fort bli litt endringar på innsendte laglister. 

Me har dessverre ikkje muligheit for at ein kan endre på dette sjølv, men ein kan sende inn lagliste på nytt så vil me gjere dei nødvendige justeringane. Dersom de har sendt inn lister der kvar enkelt spelar har fått påført litt ekstra tekst, så er det ikkje nødvendig å gjenta dette på dei som ikkje skal endraset. Det vil da vere tilstrekkeleg å legge til dette på dei nye spelarane.

Skjema finn de under Påmelding.

Minner om QUIZ!

Me vil minna om vår «12 rette-quiz» i samband med Veterancup 2016.

Quizen er tilgjengeleg elektronisk frå nettsida (sjå eiga sak) og i papirform i hallane og på Lærdal Hotell. Frist for innlevering er laurdag 30.1. kl 12.00. Det er flotte premiar på gang: tre stk gåvekort a kr 1000,- frå butikken Vivendi i Lærdal.  Sjå eiga sak på nettsida for detaljar og nedlasting av quiz.

 

Lars Einar Torsnes

-quizmaster-

Stordal – ein viktig klubb i Veterancup!

Stordal I.L. er vel det ein kan kalla ein av dei «mindre» klubbane i Veterancup, men dei bidreg på fleire måtar.

Stordal I.L. frå Sunnmøre er ein av dei mest trufaste klubbane i cupen vår. Dei har vore med alle gonger unntatt ein, då dei arrangerte NM i alpint for junior. Dei har tidvis stilt med to lag, og dei har vunne oldboys-klassa ein gong. I 2015 kom dei heilt til finalen i V50 der dei tapte for Brann.Lagbilde Stordal 2015 Hallgeir Hove fortel om relativt kort oppkøyring, men multiplisert med 40 års rutine skulle det vel bli bra.

Stordal Møbel er den andre bidragsytaren frå bygda på Sunnmøre. Dei har i mange år bidrege med flott stol til beste spelaren i turneringa. Prisen sit høgt, og vinnarane sit godt! Veterancup vil takka Stordal Møbel for denne flotte innsatsen! Me ser fram til eit godt samarbeid med alle frå Stordal i mange år framover.

Dersom de likar møblar frå Stordal er de velkomne til å dele deira heimeside www.stordal.com på Facebook.

Bestemannsprisen i år er ein RUNDE Regulerbar Kvilestol:

RUNDE Regulerbar Kvilestol 

Me ynskjer Stordal velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes

Stemningsrapport frå Follesegjengen

Follesedamene ser frem til ny runde Veterancup om to raske uker. Vi teller mange spillere og har en luksusutfordring når det kommer til begrensningen på 9. Stiller med stort sett samme gjeng som tidligere, bare ett år mer erfaren.

Vi har lagt bak oss nok en god sesong i den lokale oldgirlsserien og endte til slutt på toppen av tabellen etter en spennende innspurt med Nymark pustende i nakken.

Har ellers ladet opp med treningsleir til herlige Dublin hvor vi forsåvidt hadde størst fokus på den sosiale treningen, men fikk også med oss et sportslig innslag i form av lokal rugby. Dog ble vi nok mest fascinert av heftige oppvarmingsritualer.

Når det kommer til favoritter holder vi en knapp på Kaupanger og Klepp (spesielt etter å ha lest innlegget ;), men har i all beskjedenhet selvsagt ambisjoner om å kjempe i toppen selv. Cup er cup!

Ønsker arrangører og spillere lykke til med videre forberedelser og gleder oss til å treffe igjen denne fotballglade gjengen.

Follesedamene 2016

Kampoppsett Veterancup 2016

Da er kampoppsettet for årets turnering klart. Me gjer merksame på at det kan komme endringar så følg med. Oppdaterte oppsett vil bli lagt ut dersom dette blir tilfelle.

Sjå heile kampoppsettet her:

Kampoppsett Veterancup 2016 Kampoppsett Veterancup 2016