70000 til aldersbestemt fotball

 utdeling_av_midlar_fra_veterancupen

Kvart år deler Veterancup ut deler av overskotet til fotballspelande born i Lærdal, Aurland og Årdal.

I år har klubbane motteke 70000. Veterancup er avhengig av klubbane som bidreg med mange dugnadstimar i forbindelse med turneringa kvart år.

Klubbane var representert ved Bjørn Øvstetun (Jotun), Jan Tore Stølen (Lærdal), Trond Mjøs (Aurland) samt ungar frå laga i forbindelse med overrekking av sjekken.

Til Porten.no seier Jan Tore Stølen: – Dette er veldig viktige kroner og noko me er avhengig av på lik line med andre inntekter. Alt som kjem inn er positivt, og det er det behov for. Me har og skal ha fokus på ungane slik at dei får eit tilbod og skikkeleg utstyr.

Summen blir delt etter nøkkel 40-20-10 etter kor tungt klubbane er involvert i arrangementet. Laga er også ansvarleg for kiosksalet i dei ulike hallane og har såleis ei inntekt frå dette.

– Me brukar pengane til det me treng. Det er både til utstyr, ballar og til reise sjølvsagt. Skal ein på turneringar, treng ein ekstra mykje midlar, og då må ein driva dugnad og flaskepanting. Den summen me får inn er eit godt tilskot, fortel Mjøs.

Les meir om overrekkinga på Porten.no

 

Foto: Truls Grane Sylvarnes/Porten.no