Fjordline

Biletarkiv

Opp gjennom åra har vi teke ein del bilete frå turneringa. Ein del av bileta vil vi publisere på desse sidene fram til turneringa startar.

På høgre side har vi kategorisert bileta slik at det skal vere enklare å finne fram.

   

Kontaktinformasjon

Kontaktar 2016

 

 

 

 

Roald Flodsand

 Turneringsleiar

 post@hardangerfjordvegen.com

 91667776

Lars Einar Torsnes

 Journalist

 larseto@hotmail.com

 90881267

Ove Kristian Lysne

 Kampoppsett

 Ovekristian1@gmail.com

 90103069

Torstein Kvam

 Dommarar

 torstein.kvam@mail.ardalsnett.no

 95929393

Mona Teigen Kvam

 Damelag

 mtksognenett@gmail.com

 90205489

Janne Reppen

 Innkjøp

 jmreppen@gmail.com

 48035953

Harald Stadheim

 Transport

 harald.stadheim@vegvesen.no

 97526998

Marius Musat

 Dataansvarleg

 marius.c.musat@gmail.com

 95862445

Ruth Laberg

 Økonomi

 ruthl@mail.ardalsnett.no

 99519180

Bjørn Øvstetun

 Årdalshallen

 bjorn.ovstetun@hydro.com

 90164702

Jan Tore Stølen

 Lærdalshallen  yjanto@hotmail.com  45513167

Magnar Ljøsne

 Controller  magnar.lj@lardalsnett.no  48006221

Pim Kaldenbach

 Logistikk

 kaldenbach@lardalsnett.no

 91599654

Trond Mjøs

 Aurlandshallen

 trond.mjoes@gmail.com

 91710566

Rune Bolstad

 Interntransport

 r-bolsta@online.no

 90012955

Overnatting

Lærdal hotel tek seg av all booking for 2016

 

* Tinging av overnatting sendast: okn@lerdalhotel.no / mobil 930 09 392

 

Overnatting tingast for 2 netter.

Innkvartering skjer enten på Lærdal Hotell, Hotell Grandane, Sanden pensjonat eller Lærdal Ferie og Fritidspark.

Max 9 personar per lag til overnatting og bankett.

Pris:  kr 2.495,-  pr. pers i 3- og 4-sengs rom, inkl. middag fredag, bankett laurdag, og frukost begge dagar.

Romma vert ikkje rydda laurdag. Lærdal hotell 1

 

Lærdal Hotel sender ut faktura

 

* Lag frå nærområdet som ikkje har trong for overnatting, men ynskjer å delta på bankett

laurdag må tinge dette direkte hjå Lærdal Hotel innan fredag 29/1 kl. 21:00. (telefon 93  00 93 92 )

 

Pris dansebillett fredag,  kr 150,-, bankett laurdag, kr. 495,-.

Påmelding VeteranCup 2016 (29.-30. januar )

 

Meld på laget til 2016 turneringa ved å klikke på linken lenger nede på sida, «påmelding».

 

Laga som er bekrefta påmelde finn du under fana  «Påmeldte lag» frå torsdag 1.oktober.

Dersom du har meldt på laget men ikkje finn det på lista, kan du sende ein førespurnad til sportsleg ansvarleg for herre- eller dameklassane.

 

Det er særs viktig at påmeldinga vert registrert med kontaktperson og telefonnummer om den skal vera gyldig.

Det er viktig at de fører på antal og størrelser på t-skjorter ved påmelding.

 

Skjema for påmelding veterancup: påmelding

 

Bekrefta lag må betale avgifta på Kr 3.000,- innan 10 dagar etter at laget er bekrefta på nettsida:

 

Veterancup Lærdal,

v/kasserar Ruth Laberg,

Øvstetunshagen 16,

6884  Øvre Årdal Kto : 3745 30 32435

Sponsorar

 
 

Ny logo steinsprut

 

Lærdal hotell ny logo

 Stordal mobler

 Agnitio
 Lærdal kommune
 
 
 
 

Lokreim Bygg og Betong logo

 Fjordglas_RGB

 

 

Hardanger Bestikk logo

Regionen

Lærdal er bygda som ligg inst i Sognefjorden; mellom aust og vest – Oslo og Bergen. Ein kan følgje E16 frå Oslo mot Lærdal, og etter ca 4 ½ time i bil blir ein møtt med synet av trange dalar, snødekte fjelltoppar og ville fossefall. Den kjende Lærdalselva syner veg ned dalen – mot sentrum og Lærdalsøyri.

 

Lærdal har alltid vore eit knutepunkt, og sidan bygda ligg mellom Oslo og Bergen så har ein fleire buss avgangar dagleg til dei to byane. Kjem ein frå Bergen kan ein enten velje sjøvegen med ekspressbåt på verdas lengste og djupaste fjord, eller landevegen der ein får høve til å sjå verdas lengste vegtunnel. Lærdalstunnelen – som den heiter – var ferdig i november 2000 og skapte ein heilårs ferjefri veg mellom aust- og Vestlandet. Tunnelen er 24,5 km lang og ved kvar sjette kilometer vil ein køyra gjennom nokre store flotte lyshallar. Tunnelen har ikkje bompengar.

 

Eit anna og spennande alternativ enten ein kjem frå Oslo eller Bergen er å ta Bergensbana til Myrdal, for så å ta den kjende Flåmsbana frå Myrdal til Flåm. Frå Flåm til Lærdal tek ein buss og igjen får ein moglegheita til å køyre gjennom verdas lengst – nemleg Lærdalstunnelen!

– eit tilbakeblikk med glimt i auget

– eit tilbakeblikk med glimt i auget




Sportsleg og sosialt


Vi har dei tre siste åra gjennomført ei nasjonal turnering for oldboys- og veteranklassen. Turneringa har som mål å bringe saman fotballspelarar som har spelt i norsk eliteserie, samt lag frå vår region, til ein sportsleg og sosial møtestad. Frå 2001 har vi også hatt internasjonal deltaking (svensk lag – som vant!), og både engelske og fleire svenske lag er på veg i 2002.


Den sportslege kvaliteten på turneringa har auka for kvart år. Med lag som Brann, Lillestrøm, Ham-Kam, Start, Viking, Vålerenga, Rosenborg og Sogndal på parketten har det etterkvart gått ein viss prestisje i å vinne også på banen. Utanfor banen er det sjølvsagt også stor aktivitet. Arrangementet samlar meir enn 300 spelarar som får høve til å minnast store øyeblikk, både under den uformelle middagen på fredagskvelden, og på banketten laurdagskvelden.


«Ung og gamal»


Deltakarane spenner over eit stort aldersspenn. Det er ikkje råd å omtale alle hendingar vi har observert på parketten – men følgjande kan illustrere kva ein får oppleve: Ein tidleg laurdag formiddag i januar 2001 slo Sigmund Øren, som er 60 år og framleis aktiv på Jotun’s veteranlag, ein tunell på MINI. Tunnellen resulterte i scoring for Jotun mot Rosenborg. Også dommarstanden er veteranar, med Henry Øberg i spissen. Andre faste dommarar har vore Ivar Fredriksen, Frank Skadal og Svein Inge Thime. Rune Pedersen står på «venteliste A».


Samarbeid nasjonalt og lokalt


Turneringa har hatt eit framifrå forhold til nokre støttespelarar i dei større klubbane. At Svein Bakke i Sogndal varmt støttar opp om turneringa i nabobygda gler oss, og at Erik Foss i Vålerenga har «pålagt» oss å føre arrangementet vidare er også ei kjelde til inspirasjon. Sist sommar inviterte vi nokre av støttespelarane til fotball og laksefiske i Lærdal. Desse fekk oppleve Lærdal frå ei side som vi dessverre ikkje kan vise fram på vinteren.


Turneringa vert gjennomført som ein dugnad mellom laga Lærdal Idrettslag, Årdalstangen Idrettslag og Idrettslaget Jotun. For oss er dette ein samlande aktivitet, arbeidskrevjande, men morosam. Eventuelle overskot skal i følgje statuttane nyttast på aldersbestemt fotball i dei respektive laga.


At det i det heile finst ei slik turnering skyldast ein initiativtakar med pågangsmot og evne til å bygge nettverk (delvis utløyst av at mobiltelefonen er oppfunnen): turneringsleiar Roald Flodsand (90070911). Det skal nemleg ein god porsjon «glad i fotball-skap» til for å gjere dette. Denne gladskapen kjem no spelarar og arrangør til nytte.

Turneringsreglar

Reglane for VeteranCup er no klare. Alle laga må ha sett seg inn i reglane som gjeld for turneringa.

§ 1. Dommaren

Det vert nytta ein dommar i kvar kamp.

§ 2. Linjedommar

I tillegg til dommaren vert det nytta ein linjedommar.

Linjedommaren skal fungera på motsett diagonal i høve til dommaren og skal hjelpa dommaren med innspark, med kva lag som skal ha hjørnespark, samt om ballen er over mållinja.

§ 3. Spelarar og innbytte

Kvart lag skal spela med 1 keeper og 4 utespelarar.

Laga kan ha med så mange innbyttarar dei ynskjer.

Bytte av utespelarar kan skje heile tida. Keeperbytte berre ved stopp i spelet.

Bytte av spelarar skal skje ved innbyttarfelt ved sekretariatet.

Det er ikkje høve til å låna spelarar frå andre lag. Arrangørklubben har old-boys og veteranspelarar disponible som innbyttar dersom eit lag pga. skade ikkje har nok spelarar til å stilla lag.

§ 4. Speletid

Alle kampar, med unntak av finalar, vert spelt med 1 x 14 minutt speletid utan sidebyte. Finalar vert spelt med 2 x 8 minutt.

Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert speletida forlenga med 1 x 5 minutt. Dommaren droppar ballen på midten for å setje i gang spelet i forlenga speletid.

I forlenga speletid vert det nytta «første målet vinn» (sudden death).

Dersom ingen av laga scorer i forlenga speletid, vert spelet stoppa.

Vinnar av kampen skal då avgjerast gjennom straffesparkkonkurranse.

Straffesparkkonkurransen skal gjennomførast etter regelen «best av 5 straffespark». Dersom laga har scora like mange mål etter 5 straffespark kvar, vert det nytta «enkeltstraffar» der ein og ein spelar frå kvart lag skyt straffar inntil det kan kårast ein vinnar.

Alle spelarar kan ta straffer, enten dei er på bana eller ikkje ved kampslutt.

Alle spelarane på kvart lag må ta straffespark før nokon av spelarane har høve til å ta meir enn eitt straffespark i straffesparkkonkurransen.

Tilsvarande må alle spelarane ha teke to straffespark før nokon av spelarane kan ta tre straffespark i konkurransen, osv.

§ 5. Avspark

Avspark vert teke av «heimelaget» som alltid stiller opp på banehalvdelen til venstre for sekretariatet. Dersom laga har like drakter, skal bortelaget skifta drakt . Overtrekksvestar kan lånast i sekretariatet.

Motspelarar må vera minst 5 meter unna ballen ved avspark. Dersom den spelaren som tek avsparket berører ballen før ein annan spelar har berørt den, vert det dømt indirekte frispark til motstandaren.

§ 6. Ballen i og ute av spel

Ballen er ute av spel når den treff taket. Spelet vert sett i gang att ved at det laget som ikkje spelte ballen i taket tek innspark frå sidelinja.

Innsparket skal takast rett utanfor der ballen berørte taket.

§ 7. Reglar for når det er mål

Same reglar som i vanlege spelereglar i fotball.

§ 8. Offside

Offside-regelen vert ikkje nytta.

§ 9. Feil og regelbrot

Direkte frispark

tillegg til dei 9 regelbrota som etter dei vanlege spelereglane skal straffast med direkte frispark (evt. straffespark), skal direkte frispark også dømmast når ein spelar :

Angrip ein motspelar med skulderen.

Føretek ei glidetackling for å nå ballen, – enten spelaren treff ballen eller ikkje.

Indirekte frispark.

Indirekte frispark skal dømmast etter dei vanlege reglane, med unntak av dei regelbrota som er spesifisert for direkte frispark (sjå punktet over).

Indirekte frispark som vert dømt i målfeltet skal trekkast ut til 6-meterslinja.

Utvising

Utvising skal nyttast ved grove regelbrot

Ein utvist spelar kan ikkje koma på banen att i den same kampen, og kan heller ikkje sitta på innbytarbenken.

Ved utvising må laget spela med færre spelarar i 2 minutt. Tiden vert rekna frå det tidspunktet spelet vert sett i gang att etter utvisinga, og ein ny spelar kan koma inn på bana etter signal frå sekretariatet.

Etter utvising kan juryen bestemma om karantenen skal gjelda utover 1 kamp.

Utvist spelar skal sitta ved banesekretariatet til kampen er ferdig.

§ 10. Reglar ved frispark

Indirekte frispark skal takast frå det nærmaste punktet på 6-meterlinja dersom regelbrotet skjedde innanfor straffefeltet

Motspelaren må vera minst 5 meter frå ballen ved frispark. Om dette ikkje vert overholdt, skal spelar som står for nærme gjevast ein advarsel

Dersom eit lag ventar meir enn 4 sekundar med frispark, skal motstandaren tildelast frisparket

§ 11. Straffespark

Straffespark skal takast frå 9-metersstreken. (Den stripla linja for handball)

§ 12. Innspark

Innkast vert erstatta med innspark. Det kan ikkje gjerast mål direkte frå innspark.

Motspelaren må vera minst 5 meter frå ballen

Er ikkje innsparket teke innan 4 sekundar, overtek motstandaren innsparket

§ 13. Målkast

Målspark vert erstatta av målkast. Dette skal gjerast av målvakta som :

Må stå innanfor eige straffefelt

Må setja ballen i spel innan 4 sekundar

Ikkje må kaste lenger enn til midten

Målkastet er derimot korrekt dersom ballen – før den kjem inn på motstandarens banehalvdel, treff golvet eller berører spelar som står utanfor straffesparkfeltet.

Ballen er i spel når den har passert 6-meterslinja

Motspelar kan ikkje gå inn i straffesparkfeltet etter at dei har spelt ballen over mållinja og før den er i spel att. Har ballen ikkje vore over mållinja, kan målvakta kaste over midten, – også rett i motstandarens mål.

Straff :

Dersom ballen passerer midtlinja utan å vera i berøring med ein spelar eller golvet, skal motparten tildelast eit indirekte frispark frå ein valfri stad på midtlinja.

Blir ballen berørt av ein med- eller motspelar før den er komen utanfor 6-meterslinja, skal målkastet takast om att.

Nyttar målvakta meir enn 4 sekundar på å setja ballen i spel, vert motstandaren tildelt eit indirekte frispark frå næraste punkt på 6-meterslinja.

Dersom målvakta, etter å ha sett ballen i spel, får eit tilbakespel frå ein medspelar, kan han ikkje ta ballen i hendene («brysting» og heading er lov). Om målvakta tek ballen i hendene, vert motstandaren tildelt eit indirekte frispark frå det næraste punktet på 6-meterslinja der målvakta tok i ballen.

Motspelar kan ikkje gå inn i straffesparkfeltet etter at dei har spelt ballen over mållinja og før den er i spel igjen.

§ 14. Hjørnespark

Hjørnespark skal takast frå den staden der side- og kortlinje møtest

Motspelarar skal vera minst 5 meter unna ballen

Det er også hjørnespark når målvakta er sist på ballen

Straff :

Vert ikkje hjørnesparket teke korrekt, skal det takast om att

Om hjørnesparket ikkje er utført innan 4 sekundar, vert motstandaren tildelt indirekte frispark

§ 15. «4-sekund» regelen

Føremålet med denne regelen er at spelet skal setjast raskt i gang ved stopp i spelet. Det er opp til dommaren å avgjera når tidsramma på 4 sekund er overskriden. Som ei rettesnor gjeld: Frå det tidspunktet spelaren/laget KAN setja ballen i spel til den blir sett i spel, skal det ikkje gå meir enn 4 sekund.

§ 16. Sluttspel

§ 16.1. Rangering ved lik poengsum

Om to lag har fått samme poengsum etter innleiande kampar, vert plasseringa avgjort slik :

1. Innbyrdes oppgjer

2. Målforskjell

3. Flest scora mål

4. Loddtrekning

§ 17. Protest

Protest må leverast til sekretariatet skriftleg sinast 15 minutt etter kampslutt. Dommaren skal om mogeleg gjerast merksam på protesten under kampen. Gebyr for innlevering av protest er kr.500,-. Gebyret vert berre betalt attende dersom protesten vert teken til følge. Juryens vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast.

§ 18. Aldersgrense for turneringa 2016

I veteranklassa må spelarar fylle 40 år eller meir i 2016. Kvart veteranlag har høve til å nytta ein spelar på bana som er yngre, men som fyller 36 år eller meir i 2016.

Damer veteran kan i tillegg ha keeper under 40 år, men denne må fylle 34 år eller meir i 2016.

I oldboysklassen må spelarar fylle 34 år eller meir i 2016.

I oldgirlsklassen må spelarar fylle 32 år eller meir i 2016. I tillegg kan det til ei kvar tid vere ein spelar på bana pluss keeper som er yngre. Desse må fylle 29 år eller meir i 2016.

I 50+ klassen må spelarar fylle 50 år eller meir i 2016. Kvart 50+ lag har høve til å nytta ein spelar på bana som fyller 45 år eller meir i 2016.

Ved påmelding av spelarar må det påførast fødselsår, og ved eventuell klage på alder må det visast fram gyldig legitimasjon.

Brot på aldersbestemmelsane vil føra til at laget ikkje kan gå vidare i turneringa.

§ 19 Generelle reglar

Det vert nytta futsalball i turneringa

Det vert nytta same mål som i 7-ar fotball utandørs.

Det skal nyttast sko som ikkje set merker i golvet. Golvbelegg i Tangenhallen er PULASTIC 2000. Golvbelegg i Årdalshallen er PARKETT. I den nye Lærdalshallen er dekket av typen Pulastic 2000 TP 12mm.Aurlandshallen har parkettgolv.

Lag som har rusa spelarar tilstades i idrettshallen, vert ekskludert umiddelbart frå turneringa. Ansvarleg frå arrangøren, eller dommaren dersom vedkomande spelar kamp, avgjer om ein spelar er rusa.

Lag som ikkje møter til kamp vert ståande med tap 0-1, og kan ikkje gå vidare i turneringa. Dette gjeld sjølv om dei i utgangspunktet har gått vidare. Neste lag på tabellen rykker opp, og går vidare til sluttspel.

Lag som ikkje møter til turneringa utan å varsle om dette, vert ilagt ei bot på kr. 500,-, Laget kan i tilleg verta utestengd frå neste års turnering

Alle spelarar pliktar å ha løyst lisens.