Steffen Iversen deltok for fyrste gong i 2023

Steffen Iversen deltok på VeteranCup med det norske veteranlandslaget for fyrste gong i 2023. Høyr kva han har å seie om cupen og om sin aller fyrste kamp i Lærdalshallen, då Steinar Kvigne tok ein prat med han – saman med Karoline Thyri bak kamera. No gler vi oss til å ynskje velkomen til nok ein VeteranCup i sognebygdene siste helga i januar.

Reporter: Steinar Kvigne
Video/tekst: Karoline Thyri

God jul og godt nytt år!

Kjære fotballvenner!

I denne julehøgtida vil vi sende dykk alle våre beste ønskjer. Vi håpar at alle har ei flott julefeiring og nyttårshelg, og at de får tid til å slappe av og nyte tida med familie og vener.

Vi vil også nytte høve til å takke alle som deltok på Veterancup 2023. De var ei glede å sjå dykk spele med så mykje lidenskap og engasjement. Vi håpar at de alle hadde ei flott oppleving og at de har skapt minner som vil vara lenge.

Vi ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år, og gledar oss til å sjå dykk på parketten siste helga i januar 2024.

 

Julehelsing frå

Veterancupgjengen

Vik attende på parketten

Det blir eit gledeleg gjensyn med Jarle Christensen & co når dei kjem til Lærdal med veteranlaget sitt siste helga i januar.

Per i dag er seks spelarar frå Vik klare for turneringa, men Christensen håpar dei vert sju.

– Ja me bør nok budsjettere med ein strekkskade eller to. Kroppane våre blir jo eldre etterkvart, men i hovudet er me framleis 25 år. Så er det jo ikkje alltid dette går i hop. Me ser ikkje våre eigne begrensingar – vinnarinnstinktet ligg fremst i skallen, når domaren bles i fløyta er det blodig alvor, seier han med eit smil på lur.

Ikkje turistar

Veteranane frå Vik vil bruke tida fram mot turneringa til å kome i god form.

– Det er fint i Lærdal, men denne gongen reiser me ikkje inn dit som turistar. Då blir det bånn gass på bana så lenge kreftene held, seier Christensen. At dei kjem med eit godt lag er god grunn til å tru. Keeper Stig Roar Hovland og storskårar Svein Erik Saglien – begge 45 – spelte kampar for Vik i årets kretsliga. Det borgar for eit solid lag frå Vik.

Sosialt

Christensen og resten av spelarane til Vik gledar seg til Veterancupen i slutten av januar.

-Alltid kjekt å møte gamle kjenningar ein har spelt mot tidlegare, både i kampar og ikkje minst sosialt. Dei gode historiane ser me alltid fram til.

Sportsleg går me sjølvsagt for finaleplass.

-Me er nok naive optimistar, seier Jarle Christensen med ei lurt smil.

De uovervinnelige er tilbake

– Vi var uslåelige og vant som vi ville sist. Denne gangen blir vi minst like suverene.

Ikke stort å utsette på selvtilliten til Juro Kuvicek og Strømsgodset-guttene rundt ham før Veterancupen 2024.

– Vi må riktignok klare oss uten cupfinale-heltene Trond Nordeide og en ankelskadet Odd Johnsen, men vi stiller et enda sterkere lag enn det som lekte seg til turneringsseier sist.

Selv om den dribleglade publikumsfavoritten lot seg lokke fra Marienlyst til Vålerenga midt på nittitallet, er det et fryktinngytende stjernelag fra Drammen han kommer til Lærdal i spissen for.

– Med sin hurtighet, sin blendende teknikk og sitt sikre blikk for spillet blir nok Lasse Olsen en joker for oss. Glenn Arne Hansen slipper nesten ikke inn mål, og ute har vi både gjennomtrente Ulf Camitz og en Per Ivar Fornes som bøtter inn mål, skryter Juro Kuvicek og garanterer ny turneringstriumf.

– Jeg kan i hvert fall ikke se noen som skal kunne slå oss. De skal være gode!

Selv om gjensynet med gamle kamerater, motstandere og rivaler er hovedpoenget med Lærdal-deltakelsen, understreker 56-åringen at de fortsatt er konkurransemennesker som elsker å vinne.

– Så ambisiøse at vi faktisk vurderer å gi etter for presset fra Tom Gulbrandsen og se stort på fortiden hans i Mjøndalen og Lillestrøm. Sønnen til «Bukken» avgjorde tross alt den norske cupfinalen på Ullevaal i høst, slutter Juro Kuvicek og understreker at gamlekarene i Strømsgodset er forståelsesfulle, rause og inkluderende.

Det sosiale er viktig

Hugo Hansen har vunne veteranturneringa med Viking, men seier det sosiale er minst like viktig.
– Det sportslege er ikkje det viktigaste for min del, men det er klart me ynskjer å gjera det best mogleg når me fyrste er med. Når me har fått på oss drakta, så kjenner me på det, seier Hansen.

56-åringen vart cupmeister med Bryne i 1987 og var i NM-finalen med Molde i 1989 og Rosenborg i 1991. Han har vore med i veteranturneringa i mange år, fyrst med Bryne og seinare med Viking.
– Eg likar godt å spela fotball og å vera med kameratar. Det fungerer veldig fint sosialt, her møter me spelarar som me har spelt saman med og mot i mange år. Middagen og musikken på kvelden er også kjekt å fpå med seg.

Gode minne
Hansen seier han har gode minne frå alle åra han har vore med i veteranturneringa.
– Og det viktigaste er det sosiale, å møta lagkompisar. Så er det sjølvsagt også kjekt med fotballen.
Hansen starta karriera med Stålkameratene i 3. divisjon. Han var også klar for ei karriere i Norwich, men den overgangen gjekk i vasken då han ikkje fekk arbeidsløyve i Storbritannia.

Hugo Hansen har mange gode minne frå veteranturneringa

Veterancup 2024 nærmar seg

 

Hugs å betale påmeldingsavgifta

-Veterancup 2024 nærmar seg, og dei som enno ikkje har betalt påmeldingsavgift og tinga hotellrom må gjere dette snarast, seier Roald Flodsand.

Når det gjeld storleiken på t-skjorter må lag som ikkje har meldt inn dette, gjere det i ein epost til yjanto@hotmail.com. Også dette hastar det med å få oversikt over.

Treng fleire oldboys

Samla sett ser det så langt litt dårleg ut i oldboysklassen.

-Ja dessverre, men me har ikkje gjeve opp håpet om å få på plass fleire slik at me kan køyre ei eiga pulje også her, seier Roald. I veteran 60+ treng ein eitt lag til, og i nokre av dei andre herreklassane er det og framleis ledig plass. For damene ser det derimot veldig bra ut, her manglar det kun eitt lag i oldgirls så er det fullt.

Landslag

I følgje landslagstrenar Harald Aabrekk kjem Noreg til å stille godt førebudde til landskampane i 2024, og tek nok mål av seg til å stå øverst på pallen i 2024.

-Elles er det veldig gledeleg at Georgia ynskjer å delta i 2024. Her står att ein del før alt er i boks, men me trur at dette skal ordna seg. Dei er eit lite land, men har mange gode spelarar som har spelt i storklubbar i Europa, avsluttar Roald.

 

Frå sidelina

Hausten 1998 blei eg  vekt av telefonen midt i middagskvilen. Det  var Roald Flodsand som var på tråden. Ør som eg var etter avbroten middagssøvn, oppfatta eg berre stykkevis og delt kva han snakka om på inn- og utpust. Eg oppfatta imidlertid orda «fest» og «fotball», og dermed var det gjort.  Første ordinære Veterancup var under oppsegling, og me fekk tildelt ulike oppgåver. Ein kan trygt seia at vegen vart til medan me gjekk, og kommunikasjonane mot Voss og Bergen var utfordrande dei første åra.  Dette kom seg etter at Lærdalstunnelen opna hausten 2000. Austover var ver og vind ei utfordring til tider, og slike krefter må til og med Roald sin kreativitet til tider gje tapt for.  Me hugsar sikkert Vålerenga og Fredrikstad som stod fast på Gol med stengde fjell  i alle retningar. Løysinga deira var «tjuvhaik» med toget til Voss der dei blei henta med buss og skyssa til Lærdal. Dei kom til hotellet om lag 00.30. Dette kan  stå som eit symbol på at Veterancupen skal nåast  for  ein kvar pris.

Det kanskje viktigaste med Veterancup er det sosiale, anten det er på tribuna, på puben eller på banketten. Dei første åra følte eg og mange med meg at me berre gjekk og helsa på kvarandre. Eg gjekk på lærarskulen i Sogndal på 80-talet i klasse med Roald, og eg traff mange gamle kjenningar som eg ikkje hadde sett sidan studietida. I tillegg blei, og blir, me  kjende med stadig nye folk, og i dag, 25 år etter, har eg gleda  av å vera på faste , årlege utflukter med folk eg er blitt kjend via vårt kjære arrangement. I tillegg er det fantastisk å oppleva at ein er som ein stor familie på tvers av klubbgrenser, anten ein er spelar, arrangør eller supporter.

Sidan eg og  Roald er oppvaksne saman i Norheimsund i Hardanger, så har han gitt meg lov til å promotera eit suksessrikt landbruksprodukt frå våre heimtrakter. Dette kan me koma tilbake til under cupen. Kanskje Bjørn Øvstetun og Trygve Johannessen kan ta del i den oppgåva?

 

Lars E.

Bilete frå turneringa i 2023

Lærdal stiller to damelag

Bilete frå turneringa i 2023

Bilete frå turneringa i 2023

Lærdal stiller to damelag

Har meldt på lag både i oldgirls- og veteranklassen.

-Me har i år eit samarbeid med Aurland – det er veldig kjekt, seier spelar og lagleiar Iris Blaaflat. No er dei i alt 21 spelarar fordelt på to lag, der tre av desse er aurlendingar.

I fjor var lærdalsdamene med i oldgirls klassen. Dette ga heilt klart meirsmak både sportsleg og sosialt.

– Ja det var kjempeartig. Me vann to kampar så me vil jo prøve til att, seier Iris

Venteliste

Lærdalsdamene trenar to gonger for veka, ei økt i hallen på øyri og ei i gymsalen på Ljøsne.

-Ja og tilgangen på spelarar er god. På Ljøsne, der det er minst plass, er det venteliste på trening. Humør og innsats er ikkje mangelvare, stemningen er høg. Det vitnar om kor kjekt me har det, seier Iris. For komande turnering er ambisjonen å ha det minst like gøy som i fjor.

Blå tape på resept

Iris innrømmer likevel at ho er ein dårleg tapar.

-Det er ilt å tapa, då kan eg sova litt dårleg om nettene, men det sit ikkje lenge i for me gjer jo vårt beste. No er det viktig at spelarane held seg friske og skadefrie til turneringa siste helga i januar.

– Ja det går ein par rullar med blå sportstape på kvar trening. Dette kostar jo ein del, så eg trur me må spørje fastlegen om få tapen på blå resept, seier Iris Blaaflat.

Steinar Kvigne