Det sosiale er viktig

Hugo Hansen har vunne veteranturneringa med Viking, men seier det sosiale er minst like viktig.
– Det sportslege er ikkje det viktigaste for min del, men det er klart me ynskjer å gjera det best mogleg når me fyrste er med. Når me har fått på oss drakta, så kjenner me på det, seier Hansen.

56-åringen vart cupmeister med Bryne i 1987 og var i NM-finalen med Molde i 1989 og Rosenborg i 1991. Han har vore med i veteranturneringa i mange år, fyrst med Bryne og seinare med Viking.
– Eg likar godt å spela fotball og å vera med kameratar. Det fungerer veldig fint sosialt, her møter me spelarar som me har spelt saman med og mot i mange år. Middagen og musikken på kvelden er også kjekt å fpå med seg.

Gode minne
Hansen seier han har gode minne frå alle åra han har vore med i veteranturneringa.
– Og det viktigaste er det sosiale, å møta lagkompisar. Så er det sjølvsagt også kjekt med fotballen.
Hansen starta karriera med Stålkameratene i 3. divisjon. Han var også klar for ei karriere i Norwich, men den overgangen gjekk i vasken då han ikkje fekk arbeidsløyve i Storbritannia.

Hugo Hansen har mange gode minne frå veteranturneringa