Vik attende på parketten

Det blir eit gledeleg gjensyn med Jarle Christensen & co når dei kjem til Lærdal med veteranlaget sitt siste helga i januar.

Per i dag er seks spelarar frå Vik klare for turneringa, men Christensen håpar dei vert sju.

– Ja me bør nok budsjettere med ein strekkskade eller to. Kroppane våre blir jo eldre etterkvart, men i hovudet er me framleis 25 år. Så er det jo ikkje alltid dette går i hop. Me ser ikkje våre eigne begrensingar – vinnarinnstinktet ligg fremst i skallen, når domaren bles i fløyta er det blodig alvor, seier han med eit smil på lur.

Ikkje turistar

Veteranane frå Vik vil bruke tida fram mot turneringa til å kome i god form.

– Det er fint i Lærdal, men denne gongen reiser me ikkje inn dit som turistar. Då blir det bånn gass på bana så lenge kreftene held, seier Christensen. At dei kjem med eit godt lag er god grunn til å tru. Keeper Stig Roar Hovland og storskårar Svein Erik Saglien – begge 45 – spelte kampar for Vik i årets kretsliga. Det borgar for eit solid lag frå Vik.

Sosialt

Christensen og resten av spelarane til Vik gledar seg til Veterancupen i slutten av januar.

-Alltid kjekt å møte gamle kjenningar ein har spelt mot tidlegare, både i kampar og ikkje minst sosialt. Dei gode historiane ser me alltid fram til.

Sportsleg går me sjølvsagt for finaleplass.

-Me er nok naive optimistar, seier Jarle Christensen med ei lurt smil.