Veterancup 2024 nærmar seg

 

Hugs å betale påmeldingsavgifta

-Veterancup 2024 nærmar seg, og dei som enno ikkje har betalt påmeldingsavgift og tinga hotellrom må gjere dette snarast, seier Roald Flodsand.

Når det gjeld storleiken på t-skjorter må lag som ikkje har meldt inn dette, gjere det i ein epost til yjanto@hotmail.com. Også dette hastar det med å få oversikt over.

Treng fleire oldboys

Samla sett ser det så langt litt dårleg ut i oldboysklassen.

-Ja dessverre, men me har ikkje gjeve opp håpet om å få på plass fleire slik at me kan køyre ei eiga pulje også her, seier Roald. I veteran 60+ treng ein eitt lag til, og i nokre av dei andre herreklassane er det og framleis ledig plass. For damene ser det derimot veldig bra ut, her manglar det kun eitt lag i oldgirls så er det fullt.

Landslag

I følgje landslagstrenar Harald Aabrekk kjem Noreg til å stille godt førebudde til landskampane i 2024, og tek nok mål av seg til å stå øverst på pallen i 2024.

-Elles er det veldig gledeleg at Georgia ynskjer å delta i 2024. Her står att ein del før alt er i boks, men me trur at dette skal ordna seg. Dei er eit lite land, men har mange gode spelarar som har spelt i storklubbar i Europa, avsluttar Roald.