Høyr dei ukrainske landslagsveteranane Evgeniy Levchenko and Vitaliy Reva fortelje om deira fyrste VeteranCup-deltaking i 2023 – med krigen i Ukraina som bakteppe. No er dei klare for ein ny helg med samhald og fotball på veteranturneringen i Sogn.

Dåverande Chargé’d affaires of Ukraine in Norway Dr. Liliia Honcharevych and dåverande varaordfører Jan Olav Fretland deltok på VeteranCup i 2023. Høyr dei fortelje om deira oppleving av arrangementet og kva ei lita bygd kan få til.

Dr. Liliia Honcharevych held takketale og les opp brev frå statsministeren på Færøyene Aksel Johannesen, før finalekampen mellom veteranslandslaga Færøyene og Ukraina, på VeteranCup 2023.


Reporter: Steinar Kvigne og Odd Helge Brugrand
Video/tekst: Karoline Thyri


FOTBALL FOR UKRAINA
«I samband med arrangementet i 2024 vert innsamlingsaksjonen «Fotball for Ukraina» vidareført. Aksjonen er uttrykk for ei hjelpande hand frå den internasjonale fotballfamilien til eit land og folk i naud. … Spelarane har vore, og er framleis, involvert i krigen på ulike måtar. Nokre av dei har kjempa heilt i frontlinja i krigen.» – www.fotballforukraina.no

Støtt innsamlingsaksjonen her:
Vipps: 791259 Kontonummer: 3730 07 54172

Videointervju med Kaupanger og Lærdal

Jori Skorve og Mona Teigen Kvam er mestere både på parketten og banketten. Med lang fartstid på VeteranCupen, fortel dei varmt om den årlege tradisjonen. Damene frå Kaupanger kjem attende til fotballturneringa år etter år. Idag bur spelarane spredd rundt i landet, men denne helga samlast damene som spelte saman på Kaupanger for 30 år sidan att. På turneringa i 2023 vann dei sin klasse. I 2024 stiller Kaupanger damelag i klassene oldgirls og veteran og superveteran. Sistnemde stiller lag saman med Midsund.

Kameratane og sambygdingane Øystein Lindesteg Rinde og Ørjan Skilbeid spelte finale mot kvarandre i klassen oldboys i 2023. Det endte med finalesiger 6 – 2 til Øystein og Lærdal mot Ørjan og Elverum. I videoen får du høyre meir om duellen mellom lærdølane og kva dei elles tykkjer om turneringa. Lærdal stilte også med lag i oldgirls-klassen. Stemninga er god blant jentene, som også har ein bursdagsjubilant med på laget. I år stiller Lærdal med lag i oldgirls, veteran dame og veteran herre.

Reporter: Steinar Kvigne
Video/tekst: Karoline Thyri

Videointervju med LSK Old Birds

Lillestrøm Old Birds deltok på VeteranCup for fyrste gong i 2023. Dei stakk av med sigeren i klassen Oldgirls, og dei likte turneringa så godt at dei ville starte ny tradisjon! Som sagt så gjort – i 2024 er damene frå Lillestrøm tilbake på VeteranCup, der dei skal konkurrere i klassen Veteran Girls.

I dette intervju-tilbakeblikket får de høyre kva Hege Glesåen Storløkken og Hilde Dalen tykkjer om turneringa, og kvifor eit 40-årsjubileum vart startskotet for deltagelse på VeteranCup.

Reporter: Steinar Kvigne
Video/tekst: Karoline Thyri

Kampoppsett 2024

Videointervju med Vitaliy Reva frå Ukraina

Vitaliy Reva er keeper på det Ukrainske veteran-landslaget. Han bur sjølv i München, der han jobbar og dottera studerer, likevel har han nær familie og gode vener buande i Ukraina og fylgjer det som skjer i heimlandet tett.

Sjølv om Ukraina vann begge klassane dei deltok i under VeteranCup’en i 2023, var ikkje det målet deira – det var berre ein bonus i vinne. Det som betydde mest for dei – var å delta. Høyr Reva fortelje meir i denne videoreportasjen.

Fotball for Ukraina

I 2023 gjekk overskotet frå turneringa til Fotball for Ukraina, ein innsamlingsaksjon som VeteranCup’en tok initiativ til å starte. Dagen før turneringa arrangerte Fotball for Ukraina ein solidaritetskonsert i Lærdal kulturhus. Det er framleis mogeleg å støtte aksjonen under årets turnering.

Ukraina er blant laga som kjem attende til VeteranCup siste helga i januar. Håpar å sjå dykk alle der, anten på parketten eller tribuna!

Reporter: Odd Helge Brugrand
Video/tekst: Karoline Thyri

Videointervju med Odd Johnsen

Superveteran og tidlegare Strømsgodset-spelar Odd Johnsen har eit godt forhold til Lærdal og Sogn, også utanfor fotballen. Høyr kva han har å seie om fiske, fotball på parketten, samspel og støtte til Ukraina – då Jan Geir Solheim tok ein prat med han, saman med Karoline Thyri bak kamera. I 2023 gjekk overskotet frå turneringa til Fotball for Ukraina, ein innsamlingsaksjon som VeteranCup’en tok initiativ til å starte. Johnsen tykker det er eit flott initiativ og ein god måte å hjelpe på. Det er framleis mogeleg å støtte aksjonen, les meir på www.fotballforukraina.no

Vi ser tilbake på mange gode minner frå turneringa i 2023 og gler oss stort til å ynskje velkomne til nok ei cup-helg i Sogn siste helga i januar! Det nærmar seg med stormskritt!

Reporter: Jan Geir Solheim
Video/tekst: Karoline Thyri

Videointervju med Kjell Rune Pedersen

Superveteran og tidlegare Brann-spelar Kjell Rune Pedersen var med på VeteranCup for fyrste gong i 1999/2000, og har vendt tilbake til turneringa kvart einaste år sidan, med berre éit heiderleg unntak. At han kjem attende også i år, er som ei sjølvfølgje å rekna. Høyr refleksjonane hans  kring turneringa, kvifor han trivst så godt på VeteranCup’en og tankar om det rørande besøket frå Ukraina. Det er framleis mogleg å støtte innsamlingsaksjonen Fotball for Ukraina.

Siste helga i jaunar er det på nytt duka for fotball på parketten i Årdal-, Aurland- og Lærdal. Me gler oss stort! 

Reporter: Steinar Kvigne
Video/tekst: Karoline Thyri

Videointervju med Halfdan Nesse Johnsen

Halfdan Nesse Johnsen spelte i fjor med Lærdal Oldboys og vann turneringa i sin klasse under VeteranCup 2023. I år stiller Lærdalsgutane lag i Veteran-klassen.

I denne videoen får du høyre Halfdan fortelje om kampane på parketten og kva han tenkte om besøket frå Ukraina – som forøvrig også kjem attende i 2024.
Det er framleis mogleg å støtte innsamlingsaksjonen «Fotball for Ukraina» som VeteranCup’en tok initiativ til å starte i fjor.

Ivrige på å vise seg fram

Siri Andresen har tatt seg ein prat med trenaren til Lærdal Fotball A-lag, Øystein Lindesteg Rinde, som fortel at han har samla ein god gjeng som er ivrige på å vise seg fram.

– Me er dessverre litt prega av skadar i oppkøyringa, men me håpar alle blir klare til kamp når turneringa startar. Ambisjonane er å kome seg vidare frå gruppespelet. Så får me sjå kor langt me kjem.

Me gler oss til å ynskje nye og gamle VeteranCup’arar velkomne til sognebygdene siste helga i januar!

Utegående reporter: Steinar Kvigne
Reporter artikkel-intervju: Siri Andresen
Video/tekst: Karoline Thyri

Ukraina vil forsvare titlane sine frå i fjor

Dei skal forsvare titlane sine frå i fjor.

Med dei kjem også major Oleh Sobutskyy tilbake, som tok pause frå kampane ved Bakmuth i fjor for å spele fotball i Lærdal, Aurland og Årdal.
Han har vore i kampar igjen, blitt skada og lege lenge på sjukehus, og er igjen tilbake på fronten – men legg ned våpna for å kome til Sogn om tre veker.

Ukraina gjekk av med seier i både landslag og Veteran-klasse herre. Foto: Dmytro Shapoval

Det kjem meir info om innsamlingsaksjonen «Fotball for Ukraina» sine mål for turneringa og kva me skal samle inn til.

Kaupanger stiller med tre lag

-Interessa er stor, men me slit med ein del skadar hjå oss eldste. Akkurat no er me fire og ein halv spelar på 50+ laget, men eg håpar å få med nokre fleire «kroppsdelar» før det brakar laus, seier Mona Teigen Kvam – primus motor for Kaupangerdamene.

Reint sportsleg, kva er målsetjinga?

-Sidan me er litt få spelarar i eldste klasse må vel målet vere å gjennomføre med stil. Likevel, når me er på bana sler nok vinnarinnstinktet inn for fullt, så me får berre sjå kor langt det rekk, seier Mona. Ho meiner Old Girls og Veterandamene siktar seg inn mot gull.

-Ja kjenner eg dei rett så gjer dei nok det, og det meinar eg absolutt dei bør gjere. Så om me gamle kan trylla fram litt ekstra krefter, så hadde det vore stor stas med tre gull til Kaupanger. Likevel, me må nok fyrst og fremst konsentrere oss om å få på plass nok spelarar tenkjer eg.

I rute

Korleis er det med treningsgrunnlaget, spissar de formen fram mot turneringa?

-Tja sei det. Nokre av oss spelar fotball 1-2 gonger i veka, medan andre kviler seg i form. I desember og juleferien blir det lite trening for min del. Men å vite at det er Veterancup om nokre veker gir motivasjon for å kome i gang att, seier Mona.

Har trua

Nokre spelarar må melde pass på grunn av skadar, men andre som er halvskada gir jernet, og håpar det skal gå bra.

-Det er nok mange som har litt vondt her og der, men dette ordnar seg som regel med litt medisinering undervegs. Akkurat det er me faktisk gode på, seier Mona. Kaupangerdamene meiner det sosiale aspektet i Veterancupen er veldig bra.

-Det er jo heile pakken som er viktig for oss. Reise på fotballtur i lag, oppvarminga, kampane, sjå andre spele, og vere sosiale med laget og andre lag. Å møte gamle kjente mellom og etter kampane er svært kjekt. Me gledar oss veldig, avsluttar Mona Teigen Kvam.