Frå sidelina

Hausten 1998 blei eg  vekt av telefonen midt i middagskvilen. Det  var Roald Flodsand som var på tråden. Ør som eg var etter avbroten middagssøvn, oppfatta eg berre stykkevis og delt kva han snakka om på inn- og utpust. Eg oppfatta imidlertid orda «fest» og «fotball», og dermed var det gjort.  Første ordinære Veterancup var under oppsegling, og me fekk tildelt ulike oppgåver. Ein kan trygt seia at vegen vart til medan me gjekk, og kommunikasjonane mot Voss og Bergen var utfordrande dei første åra.  Dette kom seg etter at Lærdalstunnelen opna hausten 2000. Austover var ver og vind ei utfordring til tider, og slike krefter må til og med Roald sin kreativitet til tider gje tapt for.  Me hugsar sikkert Vålerenga og Fredrikstad som stod fast på Gol med stengde fjell  i alle retningar. Løysinga deira var «tjuvhaik» med toget til Voss der dei blei henta med buss og skyssa til Lærdal. Dei kom til hotellet om lag 00.30. Dette kan  stå som eit symbol på at Veterancupen skal nåast  for  ein kvar pris.

Det kanskje viktigaste med Veterancup er det sosiale, anten det er på tribuna, på puben eller på banketten. Dei første åra følte eg og mange med meg at me berre gjekk og helsa på kvarandre. Eg gjekk på lærarskulen i Sogndal på 80-talet i klasse med Roald, og eg traff mange gamle kjenningar som eg ikkje hadde sett sidan studietida. I tillegg blei, og blir, me  kjende med stadig nye folk, og i dag, 25 år etter, har eg gleda  av å vera på faste , årlege utflukter med folk eg er blitt kjend via vårt kjære arrangement. I tillegg er det fantastisk å oppleva at ein er som ein stor familie på tvers av klubbgrenser, anten ein er spelar, arrangør eller supporter.

Sidan eg og  Roald er oppvaksne saman i Norheimsund i Hardanger, så har han gitt meg lov til å promotera eit suksessrikt landbruksprodukt frå våre heimtrakter. Dette kan me koma tilbake til under cupen. Kanskje Bjørn Øvstetun og Trygve Johannessen kan ta del i den oppgåva?

 

Lars E.