Old Boys

Styret i VC gjer eit førsøk på å få med fleire lag i ei Old Boys- pulja

Den legre grensa er 34 år .

Fram til 01.12.19 er det muleg å melda på med endra aldersgrensa :

Old Boys i 2020  :  +32 år

Om det ikkje kjem nye påmeldingar innan fristen så blir ikkje Old Boys klasse.

Frode Grodås gjer comeback mot Færøyane!

Frode Grodås skulle vera kjend for dei fleste. Honndølen hadde ei lang karriere i Noreg, England og Tyskland med cupfinale for Chelsea som eitt av høgdepunkta.

Frode Grodås i aksjon mot Albania i 1998

No gjer han comeback i det norske buret mot Færøyane, og dette skjer sjølvsagt i Lærdal under veterancupen i januar. I mellomtida kan me lada opp med A-landslaget i morgon, fredag 15.11. Der sit Frode på benken som trenar, men rykta seier han har løyst lisens i tilfelle mannefall blant burvaktarane. Følg med!!

Lars Einar Torsnes

Norge-Færøyane x 2

Fyrstkomande fredag møtest dei  to A-landslaga til EM-kvalik på Ullevål stadion. Det blir likevel nærast å rekne som oppvarming til det som skjer på Veterancupen i Lærdal i januar neste år. Då er det klart for knallhardt oppgjer mellom dei  to landslaga sine veteranar.

Jákub á Borg

Veterancupen har ei tid arbeidd med å få til ein klasse for landslag, og i år ser det til å bli ein realitet. Roald Flodsand har allereie fått bekrefta at Færøyane og Norge stiller lag med sine tidlegare heltar.

– Færøyane stiller med keeper Jens Martin Knudsen (65 landskampar), Kari Reynheim (27 landskampar), Kurt Mørkøre  (37 landskampar ), Alan Mørkøre (55 landskampar), Todi Jònson (46landskampar), Christian Høgni Jacobsen (50 landskampar), Julian Johnson (72 landskampar) og Jákup á Borg (72 landskampar).

-Mange hugsar sikkert Kurt Mørkøre frå han spelte for Sogndal. Så dette blir bra, seier Roald.

Målet er i fyrste omgang å få fem tidlegare landslag til veterancupen.  I utgangspunktet då dei nordiske.

– Me har gode kontaktar mot Finland, og ha fått positive signal frå Olafur Bjarnason  når det gjeld Island, avsluttar Roald.

Steinar Kvigne

Hugs påmelding til Veterancup 2020

Laga som deltok på turneringa i 2019 må melda seg på straks då dei ulike klassane byrjar å verta fullteikna.

I klassane Oldgirls-, og Oldboys er det enno plass til nokre nye lag.

Hugs å skriva kva storleikar de ynskjer i treningst-skjortene ! Påmelding gjer du her

Dei laga som treng overnatting må kontakta Lærdal Hotel som tek seg av innkvartering !

Landslagsklasse på gang!

Me jobbar med å få til ei landslagsklasse i 2020. Me siktar først og fremst til dei nordiske landa, men me har også følarar ute mot andre europeiske land. Det er ikkje noko heilt konkret per dags dato, men me kan lova at dette blir attraktivt om det går i orden. Følg med her på nettsida.

Lars Einar Torsnes

Påmelding Veterancup 2020

Me har no opna for påmelding til Veterancup 2020!

Veterancup 2020 vert spela fredag 24. januar og laurdag 25. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran 40+, veteran 50+ eller veteran 55+. Sistnemnde klasse er ny i år, gjeld spelarar fødde før 1.1.66. Ein kan også ha ein underårig spelar, som må vera fødd før 1.1.71, på banen til ei kvar tid.

På damesida er det klasse for old girls og veteran girls samt veteran 50+. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle i løpet av kalenderåret 2020, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Påmelding:

    • rett klasse
    • storleik på t-skjorter. Må fyllast ut ved påmelding. (kan korrigerast fram til 10.12.2019)
    • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
    • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

    • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘Kontakt oss’)
    • Booking/betaling av overnatting og/eller bankett skjer direkte til Lærdal hotell (max 9 plassar per lag): okn@lerdalhotel.no (sjå Overnatting’)

Lag som deltok i Veterancup 2019 har rangen dersom laget er påmeldt innan 1. november d.å. Frå 2. november vil nye lag få ledige/utvida plassar.

Påmeldingsskjema finn de under Påmelding

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!


Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2020

Gratulerer med dagen!

Turneringsleiar Roald Flodsand fyller 60 år i dag, onsdag 20.3. Gratulerer med dagen!

Etterlysning: Dressjakke

Vi har fått melding fra ein deltakar som saknar ei dressjakke. Jakka er av merke Tiger Of Sweden, model S. Jile i størrelse L(52). Fargen er Blå/Grå.

Det ligg også igjen ei dressjakke i Lærdal. Samme merke, Tiger Of Sweden er mørk blå i fargen med glatt stoff. Står ikkje størrelse i den, men kan sjå ut til å vere størrelse L(52).

Er det nokon som har fått med seg feil jakke heim frå banketten? Ta kontakt med Roald Flodsand.

Veterancupen 2019: Oppsummering

Årets turnering var nr. 21 – med totalt 49 lag. Dette er ein liten tilbakegang- mest fordi i Old Boys gruppa var berre 2 lag påmeldt- og i tillegg forfall frå både Haugesund, Viking og Strømsgodset. Old Boys-laga fekk spela med i Veteran-gruppa, med innbyrdes finalekamp på laurdag.

Det var 16 damelag fordelt på klassane: Old Girls, Veteran Girls og Superveteran Girls

Vidare var det 33 herrelag. Desse var fordelt Veteran (inkl. to Old Boys lag) og Superveteran.

Totalt vart det spelt 113 kampar.

Det deltok ingen utanlandske lag i turneringa denne gongen. Turneringa var vellukka med stø hand om tilskipinga både i Aurland, Lærdal og Øvre Årdal. Aurland fekk denne gongen eit større kamptal – medan Årdal berre hadde kampar på fredag.

Sekretariatet i Årdalshallen

Sekretariatet i Aurlandshallen + 2 av dommarane

På laurdagskvelden var det stilig bankett på Lærdal Hotel. 

Premieutdeling med Frithjof Wilborn som stø festleiar.

Årets VC-spelar

Kai Kilnes, Førde

Årets spelar vert gratulert av rep. frå Stordal Møbel

Kaupanger sitt vinnarlag OG klassen. Framme: Hege Sæthre. Bak frå venstre: Åse Neraas, Aina Røyrvik Thorsnes, Katrine Wolff Bolseth, Kari Johannesen Bakke, Jori Skorve og Trine Ruud Sætre

Arna Bjørnar sitt vinnarlag i Veteran Girls-klassen

Sandviken Superveteran Girls. Bak fra venstre: Gry Flaa, Kirsti Gytre, Trude Instebø Hansen, Laila Konglevoll. Framme fra venstre: Mette Hammersland, Ingvild Jarnes og Rebekka Skaar.

Lærdal sitt vinnarlag i Old Boys-klassen

Vinnar av Veteran: Bjarg

Vinnar Superveteran: Madla IL

Finale-kampane vart denne gongen spelt i Aurland og Lærdal.

Sluttresultata vart:

Kvinner:

Old Girls (34+): Kaupanger – Sandviken 5-1

Veteran Girls (40+):  Arna Bjørnar – Follese 3-2

Superveteran Girls (50+): Sandviken (seriespel 3 lag)

Menn:

Old Boys  (34+): Lærdal – Skjergard 5-0

Veteran (40+): Bjarg – Hamkam 2-0

Superveteran (50+): Madla – Vålerenga 4-3

Pokalane er gitt av dRofus.

Beste spelar  klassevis – premiar frå Hardanger Bestikk:

Old Girls (34+): Åse Nerås, Kaupanger

Veteran Girls (40+): Janicke Juvik, Follesø

Superveteran Girls (50+): Trude Instebø Hansen, Sandviken

Old Boys (34+): Øystein Lindesteg, Lærdal

Veteran (40+): Kai Kilnes , Førde

Superveteran (50+): Arvid Torsvik, Brann

Kai Kilnes, Førde vart kåra til turneringas beste spelar. Premien her er ein lenestol m/tilbehør frå Stordal Møbel.

Litt bilder:

Arna Bjørnar Veteran og Superveteran. Veteranlaget vann klassen sin.

Sandviken Old Girls 2019: Bak fra venstre: Trude Amundsen, Birthe Algrøy Foldnes, Anne Merethe Kvalsøren, Kristien Hermansen, Birthe Netland. Framme frå venstre: Marthe Raa Nordtveit, Susann T. Muri, Solveig Midttun. Var i finalen i år og tok heim sølvet.

Kaupanger Superveteran Girls: Bak frå venstre: Rut Furebotn Loftesnes, Oddny Sønnesyn, Grete Teigen Ertesvåg, Britt Leni Berge. Framme frå ventre: Mona Teigen Kvam, Rakel Rauntun og Norunn Åberge.

Bussrute til og frå Veterancup 2019

Veterancup vil i år ha ein buss som går tur-retur frå Bergen til Lærdal denne helga.

Frå Bergen til Lærdal fredag 25. januar:

Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.

Frå Lærdal til Bergen søndag 27. januar:    

Avreise kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,-  tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg, Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida.
Frist for å bestille plass på buss er måndag 21. januar

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.