Første danske blir presentert!

Som tidlegare meldt, så er danskane klare for Veterancupens landslagsgruppe. Første mann ut er forsvarsspelaren Søren Colding, f. 2.9.72.

Karriere:

1991-1993: BK Frem: 38 kampar / 3 mål

1993-2000: Brøndby: 274 kampar / 25 mål

2000-2006: Vfl Bochum (Tyskland): 149 kampar / 3mål

1996-2004: 27 A-landskampar for Danmark.

Me ynskjer Søren & Co velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes

Send inn laglisteer

Vi har begynt å motta laglister frå laga, men tek gjerne i mot fleire slik at ein kan begynne å finjustere taktikken i forhold til motstandar. Laga vil bli oppdatert med spelarar etterkvart som vi får dette tilsendt. Under Påmelding i høgremenyen vil ein kunne gå inn på kvart lag og sjå kven dei stiller med.

Skjema for lagliste finn ein her: Lagliste

Godt nytt år!

Leiinga i Veterancup vil me dette ynskja alle fotballvenner eit godt nytt år. Nyttårsgåva er at me har fått klarsignal frå Danmark slik at me no er oppe i heile fem landslag: Island, Danmark, Finland, Færøyane og Noreg. Velkomne til indre Sogn i januar!

For Veterancup

Lars Einar Torsnes

Janne Saarinen klar for Veterancup!

Janne Saarinen, f. 28.2.77 i Finland, er ein kar som har spelt i mange klubbar. Her i Noreg hugsar me han gjerne frå tida i Rosenborg. No er han klar til innsats i indre Sogn i januar.

Karriere:

HJK Helsinki (1993-96, 1999-2000 og 2009-10)

IFK Gøteborg (1997-98)

Rosenborg (2001-2003)

1860 Munchen (2003-04)

FC København (2004-06)

FC Honka, Finland (2006-07)

BK Hacken, Sverige (2008-09)

Saarinen spelte 42 A-landskampar for Finland i perioden 2000-2008. Han debuterte mot Noreg 16.8.2000

 

Lars Einar Torsnes

Finland er klar for Veterancup

Finland er klar for Veterancup 2020. Først ut med presentasjon er Peter Kopteff.

Peter Kopteff – Foto: viking-fk.no

Peter Kopteff har spela 37 kampar for finland. Han starta karriera i dei finske klubbane HJK Helsinki, og FC Jazz frå 1996 til 2008. Den gode driblesterke venstrevingen tente sine fyrste kroner i Stavanger. Viking vart Peter sin fyrste klubb utafor heimlandet. Stoke, og Utrecht vart arbeidsgjevarane fram til han returnerte til sitt andre heimland, Norge. Karriera vart avslutta i Ålesund.

Den blide finnen har slege rot i Stavanger.

Hannes Sigurdsson klar for Island sitt veteranlag

Den solide angrepsspelaren har tidlegare spelt for Viking og Brøndby.

Hannes Sigurdsson – Foto: viking-fk.no

Slik me kjenner Island kjem dei sikkert til å bite godt frå seg i Veterancupen 2020. Veigar Pall Gunnarson og Hannes Sigurdsson kjem i  spissen for eit godt lag frå Sagaøya. Sigurdsson er så langt den siste som har gitt klarsignal at han tek på seg den blå islandske drakta når cupen vert sett i gang Lærdal om vel ein månad.

Sigurdsson er født i Reykjavik. Han kom frå den islandske klubben Hafnarfjordur til Viking i 2002. I stavangerklubben vart han verande til sommaren 2005 då han for til England og Stoke.

Etter eitt år i England vart Sigurdsson seld til år ble Brøndby, men valde året etter å gå tilbake til Viking. Våren 2008 vart vart svenske GIF Sundsvall islendingen sin klubb, før han hausten 2014 signerte kontrakt med Sandnes Ulf.

Hannes Sigurdsson  har spelt 13 landskamper og skåra eitt mål for Island.

Steinar Kvigne

Stig Inge Bjørnebye hyllar eldsjelene

Hovudgrunnen til at 49 åringen (blir 50 11.desember i år) kjem til Veterancupen i Lærdal, er å støtte arbeidet eldsjeler legg ned med planlegging og gjennomføring av arrangementet.

Stig Inge Bjørnebye – Foto: rbk.no

-Dette er med å skape aktivitet i eit lite lokalsamfunn. Eg har vore med fleire gonger tidlegare, og måten me vart tekne i mot på var fantastisk. Alt var tilrettelagt på ein skikkeleg god måte. Veldig kult, seier Bjørnebye.

Den tidlegare venstrebacken spelte i alt 75 landskampar og skåra eitt mål for Norge sitt A-landslag. Bjørnebye var med på VM sluttspela både i 1994 og 1998. I tillegg EM sluttspelet i 2000. Han har og  fleire kampar for yngre landslag. Då Åge Hareide var landslagstrenar for Norge var Stig Inge assistenttrenar.  Seinare var ein periode som trenar i Start. I 2015 vart Bjørnebye tilsett som sportsleg leiar i Rosenberg, ein jobb han hadde fram til 14. november i år.

Litt rusten

Om vel ein månad er det full vart med Veterancup. Korleis er formen?

-Eg likar å halde meg i form, så reint fysisk er den bra. Når det gjeld fotballformen, er eg vel litt meir rusten, seier Bjørnebye. Han ser likevel fram til å møte gamle landslagskollegaer i Lærdal, både på og utanfor bana.

-Ja det blir heilt sikkert triveleg, seier han.

Viktig epoke

Du hadde ei lang karriere  i Liverpool. Kva har det betydd for deg?

-Eg budde jo der i 12 år. I den tida stifta eg familie og fekk tre born. Så dette var heilt klart ein viktig epoke i livet mitt, både sportsleg og privat. Eg er framleis sterkt knytt til Liverpool, og har viktige bånd dit, avsluttar Stig Inge Bjørnebye.

Karriere:

86-87: Elverum (2 kampar 0 mål, 87-88 Strømmen 28/0, 89-91 Kongsvinger 62/3, 92 Rosenborg 21/3, 92-2000 Liverpool FC 184 /4, 1994 utlånt til Rosenborg 8/0, 2000 utlånt til Brøndby 13/2, 2000-02 Blackburn 66/1.

Ligacupmester med Liverpool i 1995, og med Blackburn i 2002. Seriemester med Rosenborg i 1992 og 94. Cupmester med Rosenborg i 1992.

Steinar Kvigne

Islendingar til Veterancup.

Island stiller i landslagsklassen i Veterancup 2020. I dag kan me presentera to karar som har ei fortid i Brann og norsk fotball.

Olafur Ørn Bjarnasson (f. 1975):

1992-1997: Grindavik, Island, 63 kampar / 2 mål

1998-2000: Malmø, 23 kampar / 2 mål

2000-2003: Grindavik, 72 kampar / 16 mål

2004-2010: Brann, 151 kampar / 11 mål, seriemeister 2007 og cupmeister 2004

28 A-landskampar for Island.

 

Armann Bjørnsson (f. 1981):

Fram til 2002: Valur, Island, 67 kampar / 17 mål

2002: Brann, 9 kampar / 3 mål

2003-2006: Hafnarfjørdur, Island

2006-2009: Brann: 35 kampar / 13 mål

2010: Gjekk til Hartlepool

 

 

Roar Strand: – Å tape er ikkje eit tema

Den finslepne midtbanespelaren med 42 landskampar for Norge og meir enn 600 kampar for Rosenborg seier punkt nummer ein alltid er å vinne kampar.

-Når eg går på bana er det alltid med ambisjon om å vinne kampen. Ein vil jo aldri tape, det er ikkje ein gong eit tema, seier ein blid Strand (49) til Veterancup.no.

I januar kan du sjå trønderen i aksjon for det norske veteranlandslaget. Han gledar seg stort til å møte gamle fotballvenner når dei møtest i Lærdal. Både til kampen om lærkula og ikkje minst sosialt.

-Det er ein triveleg gjeng, så det blir veldig artig, seier Strand til Veterancup.no.

Korleis er formen?

– Ikkje aller verst.  Eg hadde ein pause i haust på grunna av ein liten skade, men no er det ok, seier Strand. 49 åringen har denne sesongen spelt litt for Melhus i 3. divisjon.

Du ha hatt ein lang karriere både for RBK og landslaget. Når det gjeld landslaget, kva sit du att med som høgdepunkt?

-Det er mykje, men eg var jo med med på sluttspel både i USA 1994, og Frankrike 98. Då er det vanskeleg å kome utanom 2-1 sigeren mot Brasil. Det var eit vanvittig trykk både før, under og etter kampen. Og sydlandsk stemning til langt på natt, avsluttar Roar Strand.’

Karriere: 1997-1998 Nardo FK, Rosenborg (1989-2010), Molde (1993), Mosvik 2013-21015, Melhus (2016)

Steinar Kvigne

Dan Eggen (49) klar for Norge

I løpet av karrieren spelte midtstopparen frå Oslo 25 kampar og skåra 2 mål for det norske A-landslaget. Litt spesielt er det han gjorde dette utan å ha spelt på det øvste nivå i heimlandet.

Osloklubben Ready var Dan Eggen sin fyrste klubb som senior. Her starta han i 1988. Etter å ha flytt til Danmark spelte han for BK Frem til han i 1993 vart kjøpt opp av storklubben Brøndby. Den gongen var Eggen heller ukjent som fotballspelar i heimlandet, og for mange var det nok uventa at han vart teken med i Norge sin VM tropp i 1994. Han fekk ikkje speletid i VM, og var deretter vekke frå landslaget til 1997. Året etter vart midtstopparen med i den norske troppen til VM 88. Eggen spelte alle kampane i sluttspelet, og kom på skåringslista då laget spelte uavgjort mot Marokko.
Den elegante midstopparen, som la fotballskoa på hylla i 2004, er no klar til å kjempe om heider og ære med det norske veteranlaget i januar.

Karriere:
Ready (1988-89), BK Frem 90/93 72 kampar/15 mål, Brøndby 1993/97, 108/6, Celta Vigo 1997-1999 37/2, Alaves 1999-2003 40/2, Le Mans 2003-2004 22/1.

Steinar Kvigne