Etterlysning: Dressjakke

Vi har fått melding fra ein deltakar som saknar ei dressjakke. Jakka er av merke Tiger Of Sweden, model S. Jile i størrelse L(52). Fargen er Blå/Grå.

Det ligg også igjen ei dressjakke i Lærdal. Samme merke, Tiger Of Sweden er mørk blå i fargen med glatt stoff. Står ikkje størrelse i den, men kan sjå ut til å vere størrelse L(52).

Er det nokon som har fått med seg feil jakke heim frå banketten? Ta kontakt med Roald Flodsand.

Veterancupen 2019: Oppsummering

Årets turnering var nr. 21 – med totalt 49 lag. Dette er ein liten tilbakegang- mest fordi i Old Boys gruppa var berre 2 lag påmeldt- og i tillegg forfall frå både Haugesund, Viking og Strømsgodset. Old Boys-laga fekk spela med i Veteran-gruppa, med innbyrdes finalekamp på laurdag.

Det var 16 damelag fordelt på klassane: Old Girls, Veteran Girls og Superveteran Girls

Vidare var det 33 herrelag. Desse var fordelt Veteran (inkl. to Old Boys lag) og Superveteran.

Totalt vart det spelt 113 kampar.

Det deltok ingen utanlandske lag i turneringa denne gongen. Turneringa var vellukka med stø hand om tilskipinga både i Aurland, Lærdal og Øvre Årdal. Aurland fekk denne gongen eit større kamptal – medan Årdal berre hadde kampar på fredag.

Sekretariatet i Årdalshallen

Sekretariatet i Aurlandshallen + 2 av dommarane

På laurdagskvelden var det stilig bankett på Lærdal Hotel. 

Premieutdeling med Frithjof Wilborn som stø festleiar.

Årets VC-spelar

Kai Kilnes, Førde

Årets spelar vert gratulert av rep. frå Stordal Møbel

Kaupanger sitt vinnarlag OG klassen. Framme: Hege Sæthre. Bak frå venstre: Åse Neraas, Aina Røyrvik Thorsnes, Katrine Wolff Bolseth, Kari Johannesen Bakke, Jori Skorve og Trine Ruud Sætre

Arna Bjørnar sitt vinnarlag i Veteran Girls-klassen

Sandviken Superveteran Girls. Bak fra venstre: Gry Flaa, Kirsti Gytre, Trude Instebø Hansen, Laila Konglevoll. Framme fra venstre: Mette Hammersland, Ingvild Jarnes og Rebekka Skaar.

Lærdal sitt vinnarlag i Old Boys-klassen

Vinnar av Veteran: Bjarg

Vinnar Superveteran: Madla IL

Finale-kampane vart denne gongen spelt i Aurland og Lærdal.

Sluttresultata vart:

Kvinner:

Old Girls (34+): Kaupanger – Sandviken 5-1

Veteran Girls (40+):  Arna Bjørnar – Follese 3-2

Superveteran Girls (50+): Sandviken (seriespel 3 lag)

Menn:

Old Boys  (34+): Lærdal – Skjergard 5-0

Veteran (40+): Bjarg – Hamkam 2-0

Superveteran (50+): Madla – Vålerenga 4-3

Pokalane er gitt av dRofus.

Beste spelar  klassevis – premiar frå Hardanger Bestikk:

Old Girls (34+): Åse Nerås, Kaupanger

Veteran Girls (40+): Janicke Juvik, Follesø

Superveteran Girls (50+): Trude Instebø Hansen, Sandviken

Old Boys (34+): Øystein Lindesteg, Lærdal

Veteran (40+): Kai Kilnes , Førde

Superveteran (50+): Arvid Torsvik, Brann

Kai Kilnes, Førde vart kåra til turneringas beste spelar. Premien her er ein lenestol m/tilbehør frå Stordal Møbel.

Litt bilder:

Arna Bjørnar Veteran og Superveteran. Veteranlaget vann klassen sin.

Sandviken Old Girls 2019: Bak fra venstre: Trude Amundsen, Birthe Algrøy Foldnes, Anne Merethe Kvalsøren, Kristien Hermansen, Birthe Netland. Framme frå venstre: Marthe Raa Nordtveit, Susann T. Muri, Solveig Midttun. Var i finalen i år og tok heim sølvet.

Kaupanger Superveteran Girls: Bak frå venstre: Rut Furebotn Loftesnes, Oddny Sønnesyn, Grete Teigen Ertesvåg, Britt Leni Berge. Framme frå ventre: Mona Teigen Kvam, Rakel Rauntun og Norunn Åberge.

Bussrute til og frå Veterancup 2019

Veterancup vil i år ha ein buss som går tur-retur frå Bergen til Lærdal denne helga.

Frå Bergen til Lærdal fredag 25. januar:

Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.

Frå Lærdal til Bergen søndag 27. januar:    

Avreise kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,-  tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg, Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida.
Frist for å bestille plass på buss er måndag 21. januar

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

NB! Sjekk programmet for endringar!

Sidan Haugesund har trekt laget i V50, er det gjort endringar i programmet. Det er endringar i puljer, tider og kva hall det skal spelast i. Sjekk om ditt lag er «ramma» av dette!

 

Lars Einar Torsnes

Gje meg en B!

Sportsklubben Brann er fast deltakar i Veterancup. Dei har vore med heile tida, og dei har forsynt seg rikeleg av premiebordet, seinast i 2018 då dei tok pokalen med hem til odel og eige i V40. I V50 har dei også vunne, seinast i 2015 medan det vart finaletap i denne klassen i 2018. Det er også fleire brannspelarar som sit godt i stolar frå Stordal. Me har hatt ein prat med Kjell Rune Pedersen.

 

Kjellien fortel at dei i år mønstrar eit bra lag der samarbeid med Fana inngår. Sjå for øvrig under «Påmelding» på nettsida for detaljar. Dei går for å vinna, men det viktigaste er kanskje det sosiale (som alltid). Dei ser fram til helga i Lærdal der ein møter gamle kjende og nokre nye fjes. Kjellien lovar innslag på banketten, også på samisk (utan tolk eller teksting).

 

Me håpar at Brann får ei skadefri siste veke, og me ynskjer vel møtt!

 

Lars Einar Torsnes

Kampoppsett Veterancup 2019 m/dommarar

Her er kampoppsettet til Veterancup 2019. Me gjer merksam på at det kan komme endringar etterkvart så det er viktig å følgje med på heimesida for å finne sist oppdaterte versjon.

Har laga spørsmål eller merknadar til oppsettet så kan desse rettast til Ove Kristian Lysne på  Ovekristian1@gmail.com

Kampoppsett 2019 v.4

Puljeoppsett

Her er komplett puljeoppsett. Me vil komme tilbake til sjølve kampoppsettet seinare.

VE1 VE2 VE3 VE4
Ham Kam Brann Førde Bjarg
Skjergard IL Lærdal (OB) Fjøra FK Kaupanger
IL Høyang Vega Fitjar IL Rubb Veteran Team
Stryn Veteran Orion Skjergard (OB) Dale
Gaular Luster Jondal Ny-Krohnborg
Veteran (40+). Dei to beste laga i kvar pulje går til sluttspel. Deretter kvartfinale, semifinale og finale. OB-laga kan ikkje gå vidare, og kampane vil bli satt til 1-0 seier til laget fra VE-klassen.
SV1 SV2 SV3
FK Haugesund Brann Vålerenga
Bergen Nord Stordal Madla IL
Fjøra FK Lærdal IL Aurland
Fitjar Manglerud Star/Bærum Dale IL
Nordnes IL Fredrikstad Rubb Superveteran
SuperVeteran (50+). Vinnar i kvar pulje + beste 2ar går vidare til semfinalar.
OG1 VG1 VG2 VG3 SVG1
Nest Sotra Follese Midsund Arna Bjørnar IL Sandviken
Kaupanger IL Baune Sogndal Syril Arna Bjørnar
Lærdalsførkjedn Fitjar Fana/Nymark Eidsvåg Kaupanger IL
IL Sandviken
Oldgirls (32+). Finale mellom dei to beste laga i pulja. Lag 3 – 4 spelar kamp om 3.plass. Veterangirls (40+). Dobbel serie. Gruppevinnarar går til semifinale + beste 2ar. Veterangirls (40+). Dobbel serie. Gruppevinnarar går til semifinale + beste 2ar. Veterangirls (40+). Dobbel serie. Gruppevinnarar går til semifinale + beste 2ar. Dobbel serie. Vinnar av serie vinn klassen.

Puljer Veteran herrer

VE 1VE 2VE 3VE 4
Ham KamBrannFørdeBjarg
Skjergard ILLærdal (OB)Fjøra FKKaupanger
IL HøyangVegaFitjar ILRubb Veteran Team
Stryn VeteranOrionSkjergard IL (OB)Dale
GaularLusterJondalNy-Krohnborg
Veteran (40+). Dei to beste laga i kvar pulje går til sluttspel. Deretter kvartfinale, semifinale og finale. OB-laga kan ikkje gå vidare, og kampane vil bli satt til 1-0 seier til laget fra VE-klassen.

Vandrepokalar

Viktig melding: Lag som har vandrepokalar heime i si varetekt, MÅ ta desse med og levera dei på Lærdal Hotell fredag 25.1. slik at me får klargjort dei før den store banketten.

Dette gjeld: Kaupanger, Haugesund og Årdal FK. Dei andre pokalane står på hotellet. Brann fekk sin pokal i V40 til odel og eige i 2018.

Lars Einar Torsnes, premieansvarleg.

Fredrikstad – aristokratar også i Veterancup.

Fredrikstad Fotballklubb er, som dei fleste veit, blant aristokratane i norsk fotball. Så også i Veterancup. Me har snakka med primus motor Tom Espen Fingarsen.

Tom Espen fortel at dei ladar opp på vanleg måte, det vil seia rolege og beherska førebuingar. Rutine er nok eit stikkord her. Dei vil prøva å gjera sitt beste og sjå kor langt det rekk. Dei har rett nok ikkje forsynt seg særleg av premiebordet opp gjennom åra, men det betyr fint lite for trivselen deira i Lærdal. Tom Espen seier dei ser fram til ei kjekk helg etter velkjent mønster.

Når det gjeld lag og spelarar, så er det eit par usikre moment. Uansett så har dei nestoren Tommy Warchol i sine rekkjer, mannen som i år er med for 21. gong. Og Finn Erik Arnesen stiller opp som DJ på puben laurdag ettermiddag.

Me ynskjer Fredrikstad velkomne til Veterancup!

Lars Einar Torsnes