Bussrute til og frå Veterancup 2019

Veterancup vil i år ha ein buss som går tur-retur frå Bergen til Lærdal denne helga.

Frå Bergen til Lærdal fredag 25. januar:

Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.

Frå Lærdal til Bergen søndag 27. januar:    

Avreise kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,-  tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg, Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida.
Frist for å bestille plass på buss er måndag 21. januar

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.