NB! Sjekk programmet for endringar!

Sidan Haugesund har trekt laget i V50, er det gjort endringar i programmet. Det er endringar i puljer, tider og kva hall det skal spelast i. Sjekk om ditt lag er «ramma» av dette!

 

Lars Einar Torsnes

Gje meg en B!

Sportsklubben Brann er fast deltakar i Veterancup. Dei har vore med heile tida, og dei har forsynt seg rikeleg av premiebordet, seinast i 2018 då dei tok pokalen med hem til odel og eige i V40. I V50 har dei også vunne, seinast i 2015 medan det vart finaletap i denne klassen i 2018. Det er også fleire brannspelarar som sit godt i stolar frå Stordal. Me har hatt ein prat med Kjell Rune Pedersen.

 

Kjellien fortel at dei i år mønstrar eit bra lag der samarbeid med Fana inngår. Sjå for øvrig under «Påmelding» på nettsida for detaljar. Dei går for å vinna, men det viktigaste er kanskje det sosiale (som alltid). Dei ser fram til helga i Lærdal der ein møter gamle kjende og nokre nye fjes. Kjellien lovar innslag på banketten, også på samisk (utan tolk eller teksting).

 

Me håpar at Brann får ei skadefri siste veke, og me ynskjer vel møtt!

 

Lars Einar Torsnes

Kampoppsett Veterancup 2019 m/dommarar

Her er kampoppsettet til Veterancup 2019. Me gjer merksam på at det kan komme endringar etterkvart så det er viktig å følgje med på heimesida for å finne sist oppdaterte versjon.

Har laga spørsmål eller merknadar til oppsettet så kan desse rettast til Ove Kristian Lysne på  Ovekristian1@gmail.com

Kampoppsett 2019 v.4

Puljeoppsett

Her er komplett puljeoppsett. Me vil komme tilbake til sjølve kampoppsettet seinare.

VE1 VE2 VE3 VE4
Ham Kam Brann Førde Bjarg
Skjergard IL Lærdal (OB) Fjøra FK Kaupanger
IL Høyang Vega Fitjar IL Rubb Veteran Team
Stryn Veteran Orion Skjergard (OB) Dale
Gaular Luster Jondal Ny-Krohnborg
Veteran (40+). Dei to beste laga i kvar pulje går til sluttspel. Deretter kvartfinale, semifinale og finale. OB-laga kan ikkje gå vidare, og kampane vil bli satt til 1-0 seier til laget fra VE-klassen.
SV1 SV2 SV3
FK Haugesund Brann Vålerenga
Bergen Nord Stordal Madla IL
Fjøra FK Lærdal IL Aurland
Fitjar Manglerud Star/Bærum Dale IL
Nordnes IL Fredrikstad Rubb Superveteran
SuperVeteran (50+). Vinnar i kvar pulje + beste 2ar går vidare til semfinalar.
OG1 VG1 VG2 VG3 SVG1
Nest Sotra Follese Midsund Arna Bjørnar IL Sandviken
Kaupanger IL Baune Sogndal Syril Arna Bjørnar
Lærdalsførkjedn Fitjar Fana/Nymark Eidsvåg Kaupanger IL
IL Sandviken
Oldgirls (32+). Finale mellom dei to beste laga i pulja. Lag 3 – 4 spelar kamp om 3.plass. Veterangirls (40+). Dobbel serie. Gruppevinnarar går til semifinale + beste 2ar. Veterangirls (40+). Dobbel serie. Gruppevinnarar går til semifinale + beste 2ar. Veterangirls (40+). Dobbel serie. Gruppevinnarar går til semifinale + beste 2ar. Dobbel serie. Vinnar av serie vinn klassen.

Puljer Veteran herrer

VE 1VE 2VE 3VE 4
Ham KamBrannFørdeBjarg
Skjergard ILLærdal (OB)Fjøra FKKaupanger
IL HøyangVegaFitjar ILRubb Veteran Team
Stryn VeteranOrionSkjergard IL (OB)Dale
GaularLusterJondalNy-Krohnborg
Veteran (40+). Dei to beste laga i kvar pulje går til sluttspel. Deretter kvartfinale, semifinale og finale. OB-laga kan ikkje gå vidare, og kampane vil bli satt til 1-0 seier til laget fra VE-klassen.

Vandrepokalar

Viktig melding: Lag som har vandrepokalar heime i si varetekt, MÅ ta desse med og levera dei på Lærdal Hotell fredag 25.1. slik at me får klargjort dei før den store banketten.

Dette gjeld: Kaupanger, Haugesund og Årdal FK. Dei andre pokalane står på hotellet. Brann fekk sin pokal i V40 til odel og eige i 2018.

Lars Einar Torsnes, premieansvarleg.

Fredrikstad – aristokratar også i Veterancup.

Fredrikstad Fotballklubb er, som dei fleste veit, blant aristokratane i norsk fotball. Så også i Veterancup. Me har snakka med primus motor Tom Espen Fingarsen.

Tom Espen fortel at dei ladar opp på vanleg måte, det vil seia rolege og beherska førebuingar. Rutine er nok eit stikkord her. Dei vil prøva å gjera sitt beste og sjå kor langt det rekk. Dei har rett nok ikkje forsynt seg særleg av premiebordet opp gjennom åra, men det betyr fint lite for trivselen deira i Lærdal. Tom Espen seier dei ser fram til ei kjekk helg etter velkjent mønster.

Når det gjeld lag og spelarar, så er det eit par usikre moment. Uansett så har dei nestoren Tommy Warchol i sine rekkjer, mannen som i år er med for 21. gong. Og Finn Erik Arnesen stiller opp som DJ på puben laurdag ettermiddag.

Me ynskjer Fredrikstad velkomne til Veterancup!

Lars Einar Torsnes

Små og store jubileum…

Fotballfolk generelt, og veteranar spesielt, går ikkje av vegen for små og store feiringar. Våre mest langvegsfarande deltakarar, Vega I.L., har 5-årsjubileum i år. Dei har presentert laget sitt. Gå inn på «Påmelding» og skroll nedover til du finn Vega. Klikk deg inn og les om våre vener frå Nordland.

Me ynskjer vel møtt i Sogn!

Lars Einar Torsnes

Send inn laglister!

Veterancup oppmodar alle om å senda inn laglister. Gå inn på «Påmelding» og skroll heilt ned. Dersom de ikkje har alle mann klare enno, så send inn dei de har, i alle fall når de har minst fem spelarar. De kan supplera og endra etter som cupen nærmar seg. Vel møtt i Lærdal, Årdal og Aurland!

Lars Einar Torsnes

Godt nytt år!

Veterancup vil med dette få ynskja alle fotballvener eit godt nytt år og takk for det gamle. Vel møtt i Aurland, Lærdal og Årdal 25.-26. januar. Me gler oss!

For Veterancup

Lars Einar Torsnes.