Eirik Bakke stiller for Norge

Sogndølen med 27 A-landskampar er klar for Veteranturneringa i januar.

Eirik Bakke – Foto: Sogndal IL

-Dersom eg ikkje pådreg meg skade så blir eg nok med, sa Bakke då Roald snakka med han tidlegare i haust.  Eirik er nett ferdig med trenarjobben i Sogndal for inneverande sesong, i tida framover må han  ”spisse” eigen form – klar til å gjere sitt beste for Norge sitt veteranlandslag. I alle fall blir det  kjekt for Eirik å møte tidlegare landslagskollegaer i kampen mot dei andre nordiske landa.

Eirik Bakke (42) starta seniorkarriera for moderklubben Sogndal i  1993 og avslutta for same klubb i 2012. Her spelte han to periodar frå 1993-1999 og frå 2011-2012). Den tekniske midtbanespelaren fekk til saman 122 kampar for Sogndal , og skåra 41 mål. Bakke spelte og 34 kampar for det norske  U-landslaget.

Klubbar i tillegg til Sogndal:  Leeds 1999-2006 (143 kampar/8 mål, Aston Villa (lån) 14 kampar/0 mål) Brann 2006-2010 (82 kampar/8 mål).

Steinar Kvigne

Håvard Flo til Veterancup!

Håvard Flo – Foto: Sogndal IL

Håvard Flo er ein merittert spelar som dei fleste kjenner til.  Stryningen har ei lang karriere i inn- og utland, til liks med fleire i slekta. No er han klar for Noreg i Veterancup.

Karriere:

Stryn t.o.m. 1999.  Sogndal 1990-94 og 2001-10.  AGF Aarhus 1994-96.  Werder Bremen 1996-99.  Wolverhampton 1999-2001.  Håvard Flo har 21 A-landskampar.

Lars Einar Torsnes

Overnatting

Veterancup 2020 nærmar seg, og med større interesse enn nokon gong, satsar vi fortsatt på å kunne innkvartere alle i Lærdal, fordelt på Lærdal Hotel, Granden Hotel, Lærdal Ferie og Fritidspark, Sanden Pensjonat og Lærdalsøren Hotell.

Bestilling av overnatting:
Bindande bestilling av overnatting m/bankett skjer gjennom innbetaling av kr. 2 695,- pr. deltakar innan 17.12.2019. Eventuelt ledige plassar vert deretter tildelt i tur og orden etter prinsippet om ”fyrste mann til mølla”.

Innkvartering:
Alle lag kan fremje ynskje om kvar dei vil overnatte, men for å få «kabalen» til å gå opp, må vi fordele dette etter kapasitet og kor mange deltakarar det kjem frå kvart lag. Vi legg opp til at kvart lag stiller med maksimum 9 spelarar, som hovudsakeleg vil bli innkvartering i 3- og 4 sengs rom. Endeleg oversikt vert lagt ut på www.veterancup.no i slutten av veke 3. Vi tek atterhald om at det kan kome endringar på overnattingsstad etter at den er lagt ut på nettsida.

Avbestilling:
Merk dykk at bestilling av overnatting er bindande ved innbetaling, og vert ikkje refundert ved ei eventuell avbestilling. (Pass på at de har forsikring/reiseforsikring som dekker avbestilling ved sjukdom mm., på samme måte som avbestilling av til dømes flybillettar)

Innbetaling:
Alle lag betaler inn til Lærdal Hotel, konto nr. 3705.10.58136, kr. 2 695,- pr. pers. Beløpet dekker overnatting med frukost begge dagar, middag og dans fredag, samt bankett og dans laurdag.

Vi ynskjer lagvis innbetaling. Dersom deltakarar likevel betalar direkte, er det viktig å skrive på kva lag vedkomande tilhøyrer og at LAGLEDAR FORMIDLAR DETTE.

Ser fram til å høyre frå Dykk med endeleg påmelding.

Med venleg helsing
Lærdal Hotel – Ole Kr. Nedberge

John Arne Riise: – Dette blir utruleg gøy

Mannen med flest A-landskampar for Norge (110) ser fram til å møte gamle lagkamerater i Lærdal i slutten av januar.

Då Roald Flodsand kontakta Riise i tidlegare i haust var han veldig positiv til å delta på det norske veteranlandslaget over nyttår.

-Klart eg er med. Dette høyrest utruleg gøy ut. Om det ikkje dukkar opp noko spesielt så kjem eg, sa ein positiv Riise.

Den tidlegare Liverpoolbacken starta karrieren i Ålesund i 1997, og avslutta med to kampar for Rollon i 2017. Ein utruleg karriere der han tillegg til 110 landskampar (21 mål) mellom anna var med å vinne mesterligaen for Liverpool  i 2005. John Arne Riise (39 år) var kjent for knallhard innsats, stort engasjement,  og ikkje minst susande frispark som ofte fann vegen til mål. Truleg får me sjå han i godt slag på Veterancupen i lag med Steffen Iversen og resten av det norske laget.

Riise spelte for desse klubbane:  Ålesund(35 kampar i to periodar), Monaco ( 44/4mål), Liverpool (234/21 mål), Fulham (87/0 mål. I tillegg Apoel (Kypros), og dei to indiske klubbane Dehli Dynamos og Chennaiyind. Karrieren vart avslutta i klubben Rollon der han spelte to kampar. Riise har og mange kampar for aldersfastlagde landslag.

Steinar Kvigne

Steffen Iversen kjem til Veterancup!

Steffen Iversen, f. 10.11.76, er endeleg klar for Veterancup. Han har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg i Noreg og England:

Rosenborg 1994-96, 2006-10 og 2012, Tottenham 1996-2003, Wolves 2003-04, Vålerenga 2004-05, Crystal Palace 2011-12. Steffen har 79 A-landskampar, og han har scora 21 mål på desse kampane.

Lars Einar Torsnes

Påmeldingar: Snart fullt!

Status påmelding:

Oldboys: To lag førebels, har følarar ute. Dersom det ikkje blir fleire lag, vil dei to laga få tilbod om å spela i 40+ utan at dei kan gå vidare i turneringa.

Veteran herre 40+: Fullt dersom det ikkje vert oldboysklasse.

Veteran herre 50+: Fullt.  Veteran herre 55+: Fullt.

Old Girls: Fullt.  Veterangirls 40+: Fullt.   Veterangirls 50+: Fullt.

Landslag: Norge, Sverige, Island og Færøyane er klare, positiv dialog med Danmark og Finland.

Følg med har på nettsida, både på framsida og under «påmelding».

 

Lars Einar Torsnes

 

Ansvarleg lege under Veterancup-turneringa 2020

Med over 500 ivrige deltakarar og meir enn 100 kampar innandørs – er det risiko for ein del skader. Men statistikken fortel derimot om eit overraskande lite skadeomfang. Det som oftast går att er strekkskader, ei skada tå eller ei vridning i kne eller okla.

Geir Berge Øverland

På dei første 21 åra har det vore nokre få større skader m.a med akilles.

Alle hallane har ei tilrettelagt avdeling med Førstehjelp.

Alle som deltek skal ha løyst spelelisens.

Det er lett å tru at «eldre-fotball» fører med seg mykje skader. Kva inntrykk sit du att med etter VC-turneringa i 2019 ?

Inntrykket er at deltakarane var opptekne av fotballen på ein fair måte, med godt humør og gode kommentarar. Sjølvsagt ivrige på å gjera sitt beste for vinna- men ikkje ynskje om å skada motstandarane.

Dans eller fotball

Det er godt kjent at islendingen Veigar Pall Gunnarsson har store kvalitetar på fotballbana. At han og er ein ”ræsar” på dansegolvet er vel  nytt for dei fleste. I alle fall er han med i den islandske versjon av Skal vi danse, og kjem han til finalen, må han velje mellom fotballsko eller dansesko. Denne går nemleg samstundes med Veterancupen, der Island med Gunnarsson i spissen allereie er påmeldt.

-Eg har veldig lyst til å bli med laget til  i Lærdal. Og eg er med så lenge eg ikkje går til finalen i dansekonkurransen, er den klare meldinga frå den tidlegare islandske toppspelaren.

Roald Flodsand seier det er stor interesse blant tidlegare spelarar frå Island om å vere med på cupen i slutten av januar. Veigar Pall Gunnarsson er kanskje den mest kjende for oss nordmenn, etter mange år i norsk fotball. For det islandske landslaget spelte den målfarlege spissen 33 kampar og skåra 6 mål.

Truleg får me sjå den eminente teknikaren boltre seg på parketten med fotballsko i aksjon for Island sine veteranar, alternativet er dansesko på islandsk fjernsyn.

Veigar Pall Gunnarsson spelte for Strømsgodset i 2011, Stabæk i to periodar (2004-2008 og 2010-2012 og Vålerenga i 2012). På Island starta han karrieren i klubben Stjarnan og var seinare i KR.  Den finslepne teknikaren, som fyller 40 neste år, hadde og eit opphald i den fransk klubben Nancy (2009)

Steinar Kvigne 

Kjetil Wæhler klar for Veterancup!

Kjetil Wæhler er ein profil som skulle vera kjend for dei fleste. Han har ei lang karriere som no blir komplett med deltaking i Veterancup.

Her lokalt er han nok best kjend for sitt gode spel for Sogndal i 2017-18.

Karriere:

1994-99: Lyn.  1999-2002: Wimbledon (under Drillo).  2002: Moss.  2003-09: Vålerenga.  2009-2012: Aalborg.  2012-2014: IFK Gøteborg.  2015-16: Vålerenga.  2017-18: Sogndal. Kjetil Wæhler har spelt 32 A og 8 U-landskampar.

 

Lars Einar Torsnes

Bussrute til og frå Veterancup 2020

Veterancup vil i år ha ein buss som går tur-retur frå Bergen til Lærdal denne helga.

Frå Bergen til Lærdal Fredag 24. januar:

Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.
NB! Kan verte endra til litt seinare avgang.

Frå Lærdal til Bergen Søndag 26. januar:   

Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,-  tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,

Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no – tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår.

Frist for å bestille plass på buss er Måndag 20. januar 2020.

Betaling:

Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Frå Oslo/ Gardermoen kan det bli bussrute   

Det kan verte sett opp bussrute til og frå Oslo/ Gardermoen denne helga òg, dersom det vert stor nok interesse. Ta kontakt dersom de ynskjer skyss frå aust.