Påmelding Veterancup 2020

Me har no opna for påmelding til Veterancup 2020!

Veterancup 2020 vert spela fredag 24. januar og laurdag 25. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran 40+, veteran 50+ eller veteran 55+. Sistnemnde klasse er ny i år, gjeld spelarar fødde før 1.1.66. Ein kan også ha ein underårig spelar, som må vera fødd før 1.1.71, på banen til ei kvar tid.

På damesida er det klasse for old girls og veteran girls samt veteran 50+. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle i løpet av kalenderåret 2020, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Påmelding:

    • rett klasse
    • storleik på t-skjorter. Må fyllast ut ved påmelding. (kan korrigerast fram til 10.12.2019)
    • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
    • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

    • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘Kontakt oss’)
    • Booking/betaling av overnatting og/eller bankett skjer direkte til Lærdal hotell (max 9 plassar per lag): okn@lerdalhotel.no (sjå Overnatting’)

Lag som deltok i Veterancup 2019 har rangen dersom laget er påmeldt innan 1. november d.å. Frå 2. november vil nye lag få ledige/utvida plassar.

Påmeldingsskjema finn de under Påmelding

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!


Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2020