Dommarkabalen har begynt å gå opp….

Torstein og JonDommargeneral Torstein Kvam, også kjent som fotballkomentator for lokalradioen P-Vest melder om at han har full kontroll over dømminga til turneringa i 2006.


Han jobbar framleis med nokre «namn», men alt no har han nok namn på blokka si.

I tillegg til lokale heltar som Inge Seglem, Robert Endestad, Olav Strømseng og Torstein Kvam får me treffa att
Torbjørn Aass
Steinar Aass (ny), begge Trondheim og Rosenborg
Svein Inge Thime, Randaberg
Frank Skadal, Brann


Torstein vil halda oss oppdatert om eventuelle nye dommarar som kjem til.

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no



 

Kampoppsett….når er det klart???

Trine  og Tove
På bilete til venstre kan me sjå Trine Lereum, Kaupanger i kamp mot Tove Aspeseter, Jotun.

Biletet er teke på Årdalstangen under turneringa 2005.

Om desse to vil møtast att i 2006 turneringa….

kan du fylgja med på når kampoppsettet er klart.  Enno har leiinga ikkje sett sluttstrek for påmelding.  Dvs at kampansvarleg ikkje har begynt å jobba med oppsettet enno.

Web-sida hadde kontakt med vedkomande i går og me vart lova fyrste utkast av oppsettet  rundt juletider.

Det løner seg difor å fylgja med på sida i tida som kjem, eller du kan abonnera på nyhende som vil gje deg tilbakemelding i form av mail når det vert lagt ut nye saker.

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no




 

Aldersbestemt fotball gler seg til Veterancup 2006

Smågutelaget til JotunDenne gjengen med glade fotballgutar-/ og jenter gler seg til turnering i 2006. 
Dei siste åra har styret i Veterancupen vedteke att alle billettinntekter under turneringa, skal i heilheit falla tilbake til aldersbestemt fotball i Jotun og Årdalstangen.

Ein av trenarane, Bjørn Øvstetun som også…….

er hallansvarleg i Øvre under turneringa seier til nettsida at dette er gode inntekter for laget. Foreldra til dei håpefulle fotballtalenta stiller til gjengjeld som vakter og «billettørar» under turneringa.
Øvstetun uttalar at det ikkje er vanskeleg å stilla folk til slike dugnader.  Tvertimot er dette noko av dei finaste dugnadene me har i kampen med å skaffa inntekter til klubben.  Me får oppleva god fotball og høg stemning blant publikum.  I tillegg er det alltid kjekt å sjå att tidlegare fotballheltar.

……Dei no 9 – 10 år gamle fotballtalenta som denne dugnadsgjengen representarar, har nok vanskar med å hugsa at desse briljerte på fotballbana:


Erik Foss



……men kjenner att denne karen som «munnrapp» fotballkommentator gjer dei heilt sikkert….









Terje Kojedal



……og Kojedal sine ferdigheitar hugsar dei neppe….., men at han kvart år stiller opp på Lærdalsturneringa og alltid er blid og smilande…..det hugsar dei garantert…







Gøran Sørloth

…..og Gøran Sørloth …ja, «han har greie på hest og han var det ein av 10-åringane som uttalte..»

Men desse to «Rosenborg gutta» med fleire har nok bemerka seg meir enn som so…


Når eg som Jotun-supportar opplever under turneringa at «Jotun-ungar» heiar på Rosenborg i kamp mot Jotun…..
kva gjer eg med det???


Mr. Tufte
……og til slutt (i denne omgang)…..Erik Thorsvedt.

Kven er Erik Thorstvedt???
Dårlege odds på det spørsmålet, skulle me stilt det til 10 åringane..

Etter suksess serien «Tufte»  er det vel ikkje mange som IKKJE veit kven dette er.

Om dei små ikkje hugsar alle kanonredningane hans, so hugsar dei i allefall at han har synt gjennom TV-programmet «Tufte» at fotball er morosamt og at alle KAN vera med.

web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Vert det Brann…….eller Sogndal/ Ålesund ??????

Giske og Ødegård…ja dette er nok noko lesarane undrar seg over.  Me veit at Jarle Ødegård ( tidlegare Start)  har vore med Brann og vunne veterancupen dei to siste åra. 

I år stiller Jarle Ødegård i Ålesund drakta. Ålesund har ikkje tidlegare vore med i denne turneringa.

Anders Giske derimot, har også vore med og vunne for Brann. Nettsida reknar med at alle har fått med seg at den tidlegare Tysklandsproffen  no har gjort Sogndøl av seg….

Kjem Giske til å byta ut den raude drakta og iføra seg Sogndalsdrakta??

Kva meiner Brann om dette?? Har dei hatt svikarar i rekkjene sine.????

Dette og mykje meir vil du få svar på  om du held deg oppdatert på nettsida vår www.veterancup.no i tida som kjem.

Som tidlegare nemnt kan det væra lurt å abonnera på nyhende og du vil motta ein mail når det er noko nytt på sida vår.

Har du info og tips…gje beskjed til: web-ansvarleg Ruthl@indresognbil.no


 

…Ja, no nærmar den seg med stormskritt….Veterancupen 2006…..

Vert det Brann i år også???Det er gledeleg å sjå at so mange også neste år finn vegen til Lærdal og Årdal for å spela fotball siste helga i januar 2006.
For at me skal få litt «liv» på nettsida fram til turneringa, er eg heilt avhengig av dykkar hjelp. Eg tek meir enn gjerne imot «nytt» frå laga som eg kan legga ut på nettsida.
Eg trur mange er spente på «formen» til dei ulike og korleis de ladar opp til turneringa.

Kven fryktar de mest i neste års turnering?? Vert det «Kjellien» og Brann………

som kan løfta pokalen over hovudet på neste års bankett også???

Som nemnt tidlegare gjer Lillestrøm «comeback» neste år og rykta går om at dei har nokre «triumfkort» på lur……

Einar Sæbø og VikingViking gjorde ein god turnering no sist, og me kan vel ikkje sjå vekk i frå att Einar og gjengen stiller med eit godt mannskap også til komande turnering.

Ellers hugsa me frå 2005 turneringa at Sogndal hadde vanskar med å skaffa keeper. Det løyste dei på ein god måte…….og hugs på at……….. 
Sogndal har tidlegare vore vinnar av Veterancupen, så ein skal vel ikkje bli forundra om dei kjem sterkt tilbake i år. 

På damesida vert det ekstra spennande i år.  Cupfinalefinalist Trondheims-Ørn har som kjent meldt seg på til 2006 turneringa.

Kan det vera laget som tuktar Kaupangerdamene???
Suverene Kaupangerdamer !!!




Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Abonner på nyhende

Derom du ynskjer «kjapt» å fylgja med på t.d. kva lag Lillestrøm stiller med til neste års turnering på www.veterancup.no kan du no abonnera på nyhende.

To trufaste domararEller du ynskjer kanskje å fylgja med på kva dommarar som kjem til neste års turnering???


Dette får du all info om på nettsida vår.
For å gjera det enkelt kan du som sagt abonnera på nyhende og få info nokre minuttar etter at nyhenda er lagt ut på sida.
Slik gjer du det:


 

I menyen på venstre sida er det eit valg som heiter : abonner på nyhende.
Ved å gå inn her ….og inn på registeringsskjema, kan  du registrera deg med namn og passord.
Etter å ha bekrefta dette, vil du om kort tid få ein mail til di epost adresse der du enno ein gong bekreftar at du ynskjer å abonnera.

Skulle det vera spørsmål, so ta kontakt på : Ruthl@indresognbil.no


 

Jotundamene trenar for fullt

Jotun Old-girls
Då er me i gang att……..   På treninga til Old -girls laget til Jotun var det full fart heile treninga. Damene trenar 1 time kvar veke.  Men når me rundar nyttår og nærmar oss turnering  prøver me nok å få ein ekstra time i hallen.

Det er gledeleg å sjå at fleire og fleire finn fram att fotballskoa og vil vera med.  Ja,.. so ivrige er dei att det nesten vart uvennskap då ingen ville foreta innbyte på siste trening. 





Men dette tyder på at damene er innstilte på å gjera ei god turnering. 
Linn Therese
Jotun ser i allefall lyst på komande års turneringar.  På biletet til venstre  ser me Linn Therese som briljerar med ballen.  Ho er ein fantastisk fotballspelar, men desverre enno litt for ung  til å stilla på Turneringa.

Men til gjengjeld er ho god lagleiar for dei «litt» eldre medspelarane.


Nettsida kjem tilbake med fullstendig namneliste på alle damelaga når turneringa nærmar seg.


Ruthl@indresognbil.no

Lillestrøm endeleg tilbake til veterancupen….

Det er  kjekt å notera seg at Lillestrøm endeleg har funne vegen tilbake til Lærdal/Årdal og Veteranturneringa.

Lillestrøm har til turneringa i 2006 meldt på lag både i Old-boys og Veteranklassen.

Og etter det Veterancupen får opplyst  er det ikkje eit «dårleg» mannskap som kjem vestover denne helga i januar.

Ein av profilane er den ikkje ukjende Torgeir Bjarmann.


Med seg frå Lillestrøm har den tidlegare forsvarskjempa ei heil rekke gode namn på papiret.  Desse vi bli bekrefta så snart vi har fått endeleg namneliste frå vår kontakt i klubben.


…….so då spørst det om Lillestrøm kan vera blant dei laga som greier å «hamla opp» med Kjellien og Brann i slutten av januar neste år.

Ruthl@indresognbil.no


 

Trondheims-Ørn har meldt på lag til Veterancup 2006

Me er glade for å kunne melda om at Trondheims-Ørn har meldt seg på til Veterancupen 2006.  Det er stor stas å kunne ta imot stammen av cupfinalelaget frå 1989. ! (…der dei forøvrig møtte Klepp) Tone Haugen er primus motor for gjengen som set kursen for Lærdal/Årdal i slutten av januar.  Og treningane deira er allereie i full gang.


Me har no sett strek for påmelding av damelag – med 12 lag, er denne klassa no fylt opp.  Det er veldig kjekt å registrere at alle som har vore med tidlegare har meldt seg på i år igjen.  Ellers er det verdt å nevne at Lærdal i år stilller med lag, og Follese er tilbake etter eit par års pause.  Sandviken stiller med to lag i år, ellers stiller dei samme laga som i fjor – til ei kjempehelg i Lærdal/Årdal.


Velkommen til alle !!

For Aud Inger Sviggum Tangen (ansvarleg damelag)


Ruthl@indresognbil.no


 


 


 

Ny «klasse» til veteranturneringa 2006

Etter mange førespurnader frå deltakarane har no styret i veteranturneringa bestemt å danna ei ny herreklasse  «50+» frå neste års turnering. Turneringa har sidan starten i 1998 vore eit vellukka arrangemnet.


Me ynskjer difor å prøva den nye «klassa» og håpa at det skal bli eit populert tiltak. Påmeldingsfristen til turneringa 2006 var sett til 1. november 2005.  Men fortvil ikkje .  Det er enno plass til fleire.

Pr. i dag (09/12) ser påmeldinga slik ut:

50+:          2 lag
Veteran:   22 lag
Old Boys:   8 lag
Old Girls:   12 lag

Og for den som ikkje har fått det med seg……

………….Turneringa neste år vert arrangert helga 27 og 28 januar 2006.  Som tidlegare år vert kampane spela både i Årdalshallen og Tangenhallen. 

……og etter det me har fått meldingar om er treningane i full gang rundt omkring i dei ulike idrettshallane.  Spesielt har me inntrykk av at «jentene» ikkje ligg på latsida..
Om de er nokon av dykk som har bilete frå treningane fram mot turneringa, del dei gjerne med oss og me legg dei ut på sida……forhåpentlegvis til inspirasjon for alle dei som enno ikkje har starta innspurten.
Bileta  med ein liten tekst kan du senda til underteikna.

KaupangerdameneGreier nokon å ta desse damene i år????

Rykta fortel at dei allereie er i full trening….






For Veteranturneringa: Ruthl@indresognbil.no