Jotundamene trenar for fullt

Jotun Old-girls
Då er me i gang att……..   På treninga til Old -girls laget til Jotun var det full fart heile treninga. Damene trenar 1 time kvar veke.  Men når me rundar nyttår og nærmar oss turnering  prøver me nok å få ein ekstra time i hallen.

Det er gledeleg å sjå at fleire og fleire finn fram att fotballskoa og vil vera med.  Ja,.. so ivrige er dei att det nesten vart uvennskap då ingen ville foreta innbyte på siste trening. 





Men dette tyder på at damene er innstilte på å gjera ei god turnering. 
Linn Therese
Jotun ser i allefall lyst på komande års turneringar.  På biletet til venstre  ser me Linn Therese som briljerar med ballen.  Ho er ein fantastisk fotballspelar, men desverre enno litt for ung  til å stilla på Turneringa.

Men til gjengjeld er ho god lagleiar for dei «litt» eldre medspelarane.


Nettsida kjem tilbake med fullstendig namneliste på alle damelaga når turneringa nærmar seg.


Ruthl@indresognbil.no