Lillestrøm endeleg tilbake til veterancupen….

Det er  kjekt å notera seg at Lillestrøm endeleg har funne vegen tilbake til Lærdal/Årdal og Veteranturneringa.

Lillestrøm har til turneringa i 2006 meldt på lag både i Old-boys og Veteranklassen.

Og etter det Veterancupen får opplyst  er det ikkje eit «dårleg» mannskap som kjem vestover denne helga i januar.

Ein av profilane er den ikkje ukjende Torgeir Bjarmann.


Med seg frå Lillestrøm har den tidlegare forsvarskjempa ei heil rekke gode namn på papiret.  Desse vi bli bekrefta så snart vi har fått endeleg namneliste frå vår kontakt i klubben.


…….so då spørst det om Lillestrøm kan vera blant dei laga som greier å «hamla opp» med Kjellien og Brann i slutten av januar neste år.

Ruthl@indresognbil.no