…Ja, no nærmar den seg med stormskritt….Veterancupen 2006…..

Vert det Brann i år også???Det er gledeleg å sjå at so mange også neste år finn vegen til Lærdal og Årdal for å spela fotball siste helga i januar 2006.
For at me skal få litt «liv» på nettsida fram til turneringa, er eg heilt avhengig av dykkar hjelp. Eg tek meir enn gjerne imot «nytt» frå laga som eg kan legga ut på nettsida.
Eg trur mange er spente på «formen» til dei ulike og korleis de ladar opp til turneringa.

Kven fryktar de mest i neste års turnering?? Vert det «Kjellien» og Brann………

som kan løfta pokalen over hovudet på neste års bankett også???

Som nemnt tidlegare gjer Lillestrøm «comeback» neste år og rykta går om at dei har nokre «triumfkort» på lur……

Einar Sæbø og VikingViking gjorde ein god turnering no sist, og me kan vel ikkje sjå vekk i frå att Einar og gjengen stiller med eit godt mannskap også til komande turnering.

Ellers hugsa me frå 2005 turneringa at Sogndal hadde vanskar med å skaffa keeper. Det løyste dei på ein god måte…….og hugs på at……….. 
Sogndal har tidlegare vore vinnar av Veterancupen, så ein skal vel ikkje bli forundra om dei kjem sterkt tilbake i år. 

På damesida vert det ekstra spennande i år.  Cupfinalefinalist Trondheims-Ørn har som kjent meldt seg på til 2006 turneringa.

Kan det vera laget som tuktar Kaupangerdamene???
Suverene Kaupangerdamer !!!




Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no