Ny «klasse» til veteranturneringa 2006

Etter mange førespurnader frå deltakarane har no styret i veteranturneringa bestemt å danna ei ny herreklasse  «50+» frå neste års turnering. Turneringa har sidan starten i 1998 vore eit vellukka arrangemnet.


Me ynskjer difor å prøva den nye «klassa» og håpa at det skal bli eit populert tiltak. Påmeldingsfristen til turneringa 2006 var sett til 1. november 2005.  Men fortvil ikkje .  Det er enno plass til fleire.

Pr. i dag (09/12) ser påmeldinga slik ut:

50+:          2 lag
Veteran:   22 lag
Old Boys:   8 lag
Old Girls:   12 lag

Og for den som ikkje har fått det med seg……

………….Turneringa neste år vert arrangert helga 27 og 28 januar 2006.  Som tidlegare år vert kampane spela både i Årdalshallen og Tangenhallen. 

……og etter det me har fått meldingar om er treningane i full gang rundt omkring i dei ulike idrettshallane.  Spesielt har me inntrykk av at «jentene» ikkje ligg på latsida..
Om de er nokon av dykk som har bilete frå treningane fram mot turneringa, del dei gjerne med oss og me legg dei ut på sida……forhåpentlegvis til inspirasjon for alle dei som enno ikkje har starta innspurten.
Bileta  med ein liten tekst kan du senda til underteikna.

KaupangerdameneGreier nokon å ta desse damene i år????

Rykta fortel at dei allereie er i full trening….






For Veteranturneringa: Ruthl@indresognbil.no