Sogndal Old Boys med skumle hensikter!

Sogndal stiller i år med eit «nytt» lag i Veterancupen sin old boys klasse. Me har prata med Tommy Øren.

Tommy fortel at dei melde seg på i Veterancup då dette er eit fint høve til å treffa att gjengen som spelte saman for ein del år sidan. Cupen har eit godt rykte, både sportsleg og sosialt, noko mange lag kan seia seg samde i.

 

Når me ser på lagoppstillinga til Sogndal old boys, så finn me mange kjende namn. Me finn m.a. 3/4 av den berømte 80-årgangen. Berre Rune Bolseth manglar, han spelar som kjent i Tippeligaen enno. Vidare finn me måløyværingen Kjetil Holvik. han var i Rosenborg i ung alder og kom seinare til Sogndal. Laget stiller også med ultralokale karar som Terje Flugheim, Eirik Hillestad og Henrik Salvseon. Sistnemnde vart i fjor kåra til bestemann i old boys-klassen, då som Fjøra-spelar.

 

Når det gjeld ambisjonar, så har ikkje denne old boys-gjengen lagt lista heilt på plass enno, men dei går sjølvsagt for siger når kampen er i gang! Med eit så sterkt lag må dei kanskje finna seg i eit aldri så lite favorittstempel?

 

Me ynskjer Sogndal old boys velkomne til Veterancup. Det er godt å få ettervekst frå toppklubbar som SIL!

 

 

Lars Einar Torsnes