Veterancup 2018

Veterancup er godt i gang med planlegginga av Veterancup 2018. Turneringa feirar i den forbindelse 20 års jubileum og blir gjennomført 26. – 27. januar 2018. Vi vil ha dei vanlege klassane med Old Girls og Veteran Girls for kvinner og Old Boys, Veteran og Super Veteran for menn.

Sidan turneringa har 20 års jubileum blir det ei Landslagsklasse. Her er vi godt i gang med å få til ei gruppe på 4 eller 5 lag.

Påmelding vil skje frå 1. oktober 2017, og vi vil komme tilbake med meir informasjon rundt dette ved eit seinare høve.