Sogndal V50 er klare!

Sogndal er sjølvsagt mellom dei klubbane som deltek i Veterancup år etter år. I 2018 stiller dei tre herrelag og eitt damelag. Me har prata med to av superveternane, Lasse Opseth og Petter Melchior. Desse to karane herja med motstandarane på 80-talet. I seinare år har dei brukt fotballkreftene i indre Sogn midtvinters.

Duoen fortel at det av ymse grunnar blir lite felles trening. Dei satsar på at talent og rutine kan vega opp noko og at god oppvarming gir mindre strekkfare. Dei går for å vinna på banen, men kulturseansen laurdag ettermiddag på Lærdalsøren Hotell & Pub er eit godt plaster på såret om ein skulle ryka ut.

Petter fortel at gjengen plar samlast 1-2 gonger årleg til sosialt samver i tillegg til Veterancup. Dei har mellom anna bak seg ei samling på Atle Torvanger si hytte i Bremanger. Atle blei alvorleg sjuk hausten 2016 og er no under fysisk rehabilitering og opptrening. Bergens Tidende hadde for øvrig to artiklar no føre jul om Atle Torvanger. Sjekk bt.no

Lasse fortel elles at det er kjende fjes som dukkar opp på laget deira. Eit par kort er usikre, men alt i alt er det ein rutinert gjeng i sin beste alder som er klar for Veterancup 2018. Velkomne til cup!

 

Lars Einar Torsnes