Fredrikstad er bankers!

Fredrikstad Fotballklubb har med rette vorte kalla aristokratane i norsk fotball. Også i Veterancup er klubben å rekna som ein aristokrat. Dei har vore med heile vegen med eitt unnatak då dei inngjekk partnarskap med Vålerenga. Fredrikstad stiller i V50, og primus motor Tom Espen Fingarsen melder om nokolunde same mannskap som før om åra. Einaste endringa er at alle er blitt eitt år eldre. Eldstemann på laget, Tommy Warhol, har vore med på alle veterancupane, og han feirer såleis 20 års jubileum.

Når det gjeld ambisjonar, så avslører Tom Espen at dei sosiale ambisjonane har størst sjanse til å bli innfridd. Som alle andre så framhevar gutane frå Plankebyen det sosiale ved Veterancup som den store motivasjonsfaktoren. I tillegg har dei ein glimrande DJ i sine rekker. Finn Erik Arnesen syter for musikk og topp stemning på puben laurdag.

Gjennom snart 20 år har me som arrangør blitt godt kjende med desse hyggelege fotballkarane, og me ynskjer vel møtt til cup!

 

Lars Einar Torsnes