Superveteran Mette Hammersland

Sandviken sin frontfigur vore med i Veterancupen 18 gonger sidan starten. Imponerande av dama, som denne helga kjem til Lærdal i lag med 13 andre spelarar. Bergensklubben stiller lag i to klassar.

Kva er grunnen til at du og resten av Sandvikendamene kjem tilbake kvart år?

– Fyrst og fremst fordi me  har det veldig gøy i lag. I tillegg treffer me jo mange kjente frå andre klubbar. Så det sosiale er veldig viktig. Fotballmessig svingar det jo litt, men me lever etter prinsippet tap og vinn med same sinn. Prøver å vere blide, ikkje sure uansett korleis det går, seier Hammersland.

Damene frå Sandviken tykkjer sjølvsagt det er gøy å spele kampar, men hadde nok ikkje reist til Lærdal berre for å snøre på seg fotballstøvlane.

Dugnadsinnsats

Alle damene Mette har med seg til Lærdal jobbar dagleg for toppfotballen i Sandviken.

-Det blir mange timar og dagar i løpet av året, difor er det og kjekt å reise i lag til Veterancupen, fortel Mette som er heiltidstilsett styreleiar i klubben.

I tillegg til Sandviken hjelper og Eidsvåg sine damer Sandviken med stor dugnadsinnsats.

-Eit veldig godt samarbeid me set stor pris på, seier Hammersland.

Spissar formen

Mette Hammersland er eit oppteken dame, men sportsleg er ho godt førebudd. Har du spissa formen til helga?

– Ja sjølvsagt. Eg har trent meir enn nokon gong. Som fleire andre klubbar har Sandviken eit gatelag med fokus på jenter  med rusproblem. Eit veldig flott tiltak. Eg er med å organisere dette, og har trent meir enn nokon gong. Eg er vel nesten semiproff, så dei andre skal berre passe seg, seier ei smilande blid Mette Hammersland.

Ho ser fram til ei fin helg i Lærdal, og rosar den gode mottakinga dei alltid får.

Veldig bra, og veldig hyggeleg. Det gledar oss, avsluttar Mette Hammersland styreleiar i Sandviken.

Ho var og visepresident i NFF i 4 år – 2004-2008.

Steinar Kvigne