Rene Henriksen klar for Danmark

Den tidlegare danske forsvarsbautaen kjem i spissen for eit sterkt dansk lag til Veterancupen om ei knapp veke.

I løpet av ein innhaldsrik og lang karriere spelte Henriksen i alt 66 kampar for det danske A-landslaget.  35 av desse enda med siger, 16 uavgjort og 15 tap. På skåringslista kom han derimot aldri for det danske ”holdet”.  Henriksen var likevel ein svært viktig person både på og utanfor bana. 50 åringen, som er fødd i Glostrup, var nemleg kaptein i 25 av dei 66 A-landskampane han spelte danskane.

I år 2000 vart han og kåra til årets fotballspelar i heimlandet. Me ser fram til å sjå både han og resten av det danske laget i Veterancupen. Det er god grunn til å tru at dei vil hevde seg godt i den nyskipa landslagsklassen.

Som senior spelte Rene Henriksen for den danske klubben AB og greske  Panathinaikos.

Steinar Kvigne